Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

arbeidet vårt / historikken til laget og nynorsken på Agder

Egde- og Telelaget heitte forgjengaren til dei to fylkeslaga på Agder i tillegg til Telemark Mållag. Laget vart skipa på Vigmarken ved Grimstad då Aust-Agder ungdomslag hadde stemne der den 17. juni 1899. Utspelet kom frå forfattaren Hans Seland. Men grunnlaget var nok i stor mon lagt av Torgeir Berulvson, styrar på amtskulen på Vigmarken. Han hadde vore ei drivande kraft i ungdoms- og målarbeid i Nedenes amt i (Aust-Agder), og han vart den første leiaren. Egde- og Telelaget la vekt på å få i gang bygdemållag.

Alt i 1899 hadde Torgeir Berulvson planar om at laget med tid og stunder skulle verta «eit stort lag for heile landet». Det var tanken at laget først skulle omfatta dei tre fylka Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Det sistnemnde fylket kom ikkje skikkeleg med og Aust-Agder var heile tida den sterkaste parten i dette samlaget. Til skipingsmøtet for Noregs Mållag i Oslo i 4. februar 1906 sende laget høgskulestyrar Torgeir Berulvson og skuledirektør Matias Skard. Frå lokale mållag møtte gardbrukarane Tor Mo og Jens Vevstad frå Gjerstad, cand.jur. Nikolai Lundegaard frå Arendal, gardbrukar Olav Vaage frå ungdomslaget Vegard i Vegårshei, lensmann Tallak Lindstøl frå Risør og Søndeled, kyrkjesongar Midttun og Olav Midttun frå Aust-Agder, lærar Tveit frå Skonevik og lærar Ohnstad frå Kristiansand.

Egde og Telelaget helt fram til 1907. På målmøte i Gjerstad den 31. august blei laget delt, og Aust-Agder Mållag vart skipa. Det er noko upresist når protokollen i 1924 og 1949 syner at Aust-Agder Mållag vender seg til Landvik Mållag om å få leggja årsmøtet sitt til Solvang «så kan dei saman høgtide 25- og 50-årsjubileet». Det syner seg difor at Aust-Agder Mållag frå gamal har rekna alderen sin frå 1899. Sjølve namnet er 8 år yngre.

Telelaget vart skipa i Seljord i 1908, medan det i Vest-Agder ikkje skjedde noko liknande førebels. Her arbeidde dei største mållaga (Mållaget i Kristiansand og Mållaget i Flekkefjord) for seg sjølve.

Aust-Agder Mållag dreiv eit omfattande reise- og føredragsarbeid. Å spreia nynorsk lesestoff, driva kveldsskular i nynorsk og halda auga med norskundervisninga i folkeskulen vert nemnde mellom dei viktigaste oppgåvene åt laget.

«Korkje fylkeslaget eller bygdelagi hev lagt seg upp i endefram agitasjon, med dei har drive eit stillfarande upplysningsarbeid, so grunnen er djupt graven,» fortel Torgeir Berulvson i 1914.

I 1915 er Aust-Agder Mållag registrert med 11 lokallag, medan Vest-Agder enno ikkje har fått eigen fylkeslekk. Lokallaga der var beinveges innmelde i Noregs Mållag.

Vest-Agder Mållag vart skipa i samband med eit målstemne i Vennesla 10. august 1919. Det var Karl Fjermeros frå Mållaget i Kristiansand som først gjorde opptaket og han vart òg den første formannen i laget. Målarbeidet skaut fart utetter i 20-åra, og det nyskipa fylkeslaget lyt få mykje av æra for det. I 1920 talde lagsflokken heile 950 medlemer og 14 einskildlag. Dei største laga var Marnar, Kristiansand, Audnedal og Flekkefjord. I 1929 fekk Noregs Mållag Agder Målkontor i drift i Kristiansand.

Viktige datoar:
Aust-Agder Mållag er 100 år 31. august 2007.
Vest-Agder Mållag er 100 år 10. august 2019.

Kjelder:
Knut Lunden, Landvik Mållag. Ein kulturberar. 1899 til 1999, Landvik Mållag 1999.
Noregs Mållag, Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981, Fonna Forlag 1981.