Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarNyhendeLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Om arbeidet vårt

Slik arbeider Mållaga på Agder

Slepp nynorsken til!
Noregs Mållag arbeider for å oppheva forbodet mot nynorsk i riksavisene VG og Dagbladet.

Nynorsk oppvekst: Her finn du informasjon om kulturavisa Pirion for barnehagen, Blåmann Barnebokklubb (2-12 år), nynorske parallellklassar og Magasinett for ungdom!

www.pirion.no www.blamannbok.no Nynorsk i skulen www.magasinett.no

Haustseminar
Kvart år første helga i november samlar målfolk frå heile Agder seg til inspirerande og lærarike seminardagar. Vil du bli med?

Du kan velja nynorsk for ungen din!
Skulelova gir deg rett til å velja kva opplæringsmål barnet ditt skal ha, nynorsk eller bokmål. Start med nynorsk frå første klasse! Mållaga på Agder hjelper foreldre som ynskjer det med å starta nynorskklassar.

Du avgjer opplæringsmålet
Språket i skulen er ein viktig grunnstein i den lokale kulturpolitikken. Alle som har røysterett ved val kan røysta når det skal veljast språk i skulekrinsen der du bur. Mållaga på Agder arbeider for at fleire skal velja nynorsk for skulen sin.

Organisasjonssatsing
Fram til sommaren 2007 har Mållaga på Agder tilsett ein reiseskrivar i halv stilling. Det er laga på Agder som har samla inn pengane til denne satsinga. Reiseskrivaren skal vera ei arbeidshjelp og til inspirasjon for lokallaga. Les meir om organisasjonssatsinga.

Stiltevling
Aust- og Vest-Agder Mållag inviterer til stiltevling i både bokmål og nynorsk kvart einaste år. Det er flotte premiar. Meir informasjon om tevlinga finn du her. Kontaktpersonar for stiltevlinga finn du her.