Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

artiklar / Kva skjer når verdas språk døyr?

Kva skjer når verdas språk døyr?

Av Trond Sæbø Skarpeteig
Innleiing på haustseminar på Bygland oktober 2002.

Denne innleiinga vil ta opp følgjande spørsmål: Kvifor døyr språk, kva er konsekvensane av dette og kva utvegar finst det frå denne utviklinga? Til slutt vil eg drøfta den norske stoda nærare før me går over på den lokale språkdauden her på Agder.

Kva skjer?

Språkdauden er enorm. Språkforskaren Michael Krauss hevdar at truleg vil halvdelen av verdas språk bli borte dei neste hundre åra. Berre 300 språk har den tryggleiken at dei vert prata av minst ein halv million menneske.

Grovt rekna finst det 7 000 språk i verda, om lag 4 000 av desse i tropiske område. No er det ikkje lett å telja språk, og det er eit imponerande tal. Men 95 % av desse språka vert tala av under 1 million menneske. Det er berre 319 språk som vert tala av over 1 mill menneske. Me kan risikera å sitja att med BERRE 6-700 språk i 2100.

Språk har døydd til alle tider. Og det har kome nye språk til.

Kvifor kjem dette spørsmålet opp no?

  • På 90-talet gjekk me gjennom ein språkrevolusjon. Det har vore berre tre slike: For 35.000 år sidan, då me byrja tala med einannan, for 10.000 år sidan, då me byrja skriva, og for seks-sju år sidan, då me byrja kommunisera på internettet. Nettet og e-post representerer ein heilt ny måte å kommunisera på. Du kan ha ein samtale med nokon, skriftleg, raskt, men utan å få den viktige direkte attendemeldinga du får i ein vanleg samtale. Du kan kommunisera med ein eller mange samstundes, og fylgja med i mange samtalar på ein gong.
  • Det andre store som hende på 90-talet, var eit brått medvit om den store krisa språkmangfaldet er i. Tidleg på 90-talet byrja det koma rapportar om språkdaude, og fyrst no har det kome nokolunde sikre tal på kor mange språk som fanst i verda. Samstundes kom òg haldninga at me må verna om språkmangfaldet. Parallelt ser me at engelsk for fullt har gjort seg gjeldande som verdsspråk, det fyrste verkeleg globale språket. Alle desse tinga har gjort at 90-talet har vore eit heilt uvanleg tiår.
  • Mange framståande lingvistar har peikt på det tapet verdskulturen lid kvar gong eit språk går under. Kvar gong misser menneskeheita eit par briller å sjå røyndomen gjennom; det er ikkje berre språket som går tapt, men omgrepsapparatet, kunnskapen og innsikta som vart uttrykt gjennom språket. Dei språka som går tapt, har ofte hatt få brukarar i lang tid, og kulturen som språket representerer, er ofte ein kultur som er knytt til overleving i krevjande natur (ørken, jungel, arktiske strok osb). Språkbrukarane har med andre ord kunnskap om planter, dyr, og livstilhøve som kan bli uhyre viktig for oss alle, i kamp mot sjukdom, matmangel, og alle dei andre utfordringane som kloden står andsynes i det tjueførste hundreåret. Det er denne innsikta - nemleg at språk, kultur og kunnskap er ei sams skattkiste for oss alle - som gjer at verdssamfunnet no har byrja å ta fenomenet språkdød alvorleg, og det er bra.

Kvifor døyr språk?

Språk døyr av mange grunnar.

1. Brukarane døyr: I Amazonas var det 7 mill menneske på 1500-talet. 700 000 på 1990-talet. Ein treng ikkje god fantasi for å tenkja seg til konsekvensane for språket. Ein mill irar døydde av potethingesnauda mellom 1845 og 1851.

2. AIDS kan få store følgjer for talet på språk i verda.

3. Lingvistisk imperialisme: I boka Linguistic Imperialism sett Robert Philipson søkelyset på eit fenomen som har fått lov til å herje fritt nesten utan kommentarar og analyse alt for lenge: opplæringa i engelsk, den kanskje viktigaste britiske eksportvara. "Whereas once Britannia ruled the waves, now it is English which rules them".

Det viktigaste er likevel ikkje at Englands tidlegare koloniar satsar på engelsk, men måten dei gjør det på. For det første er engelsk i dei fleste tilfella einaste opplæringsspråk. I staden for eit nytt språk i tillegg til det/dei gamle blir engelsk eit språk i staden for dei gamle. Og ikkje nok med det: I og med at heile skulegangen går føre seg på eit språk ungane ikkje forstår, er store delar av skulegangen også bortkasta.

4. I staden for eit nasjonalt skolesystem som både bygger på og bygger opp nasjonal ekspertise, blir resultatet eit importert system, der det som er av ekspertise er og blir verande i sentrum, med periferien som evig mottakar. Phillipson dokumenterer klart og utvitydig korleis dette er det motsette av "hjelp til sjølvhjelp".

5. Kulturell imperialisme: I Norsk Målungdom sitt internasjonale program kan me lesa: I dag vert ein måte å leva og snakka på spreidd med snøggtogfart gjennom verda, og sett opp som ideal for alle andre. Fjernsynsseriar, reklame, kleds- og musikkindustrien formar draumane og vanane våre i eit einsretta bilete skapt av pengesterke selskap. Eksporten av kulturprodukt frå USA er mangedobla dei siste tjue åra. Større og større delar av verda vert kulturelt koloniserte. Dette er det største trugsmålet mot kulturmangfaldet i dag.

Denne koloniseringa skjer ikkje med militærmakt, men ved å forma draumane og ideala våre. Me byggjer identiteten vår meir på det me kjøper enn det me produserer og meiner eller kva rolle me har i lokalsamfunnet. Å kjøpa eit uvanleg deksel til mobiltelefonen er ein måte å skilja seg ut på. Dette gjer at identiteten vår vert skapt av dei som sel produkta me kjøper, og at me sjølve har liten innverknad.

For å selja mest mogleg vert det freista skapt ein global kommersiell kultur, der me er mest mogleg like over heile verda, og der alle får lyst på coca-cola når dei vert tyrste. Dette er med på å bryta ned lokale og nasjonale kulturar, og riva folk laus frå samfunna dei lever i.

Engelsk trugar språkmangfaldet i verda. Engelsk breier seg gjennom merkevarer og kulturprodukt som vert selt til heile verda, der engelsk er ein del av draumen og pakka ein får når ein kjøper produktet. Engelske ord vert meir vanleg i talespråket til ungdom. Engelsk trugar med å overta som språket for forsking og vitskap. Engelsk breier òg om seg ved at arbeidsmarknaden vert meir overnasjonal og engelsk vert gjort til arbeidsspråk for stadig fleire. (NMU slutt)

Kva er konsekvensen av språkdauden?

Du kan sjå på språket som mellom anna to ting: Kommunikasjon og identitet. Som identitetsmerke er utbreiinga av engelsk ein katastrofe, og det er svært viktig å dyrka språkøkologien for å halda oppe mangfaldet. Men det er tydeleg at verda treng eit lingua franca. Alle land i verda ynskjer no å kunna kommunisera med kvarandre, på ein heilt annan måte enn før. Engelsk har fått denne rolla no, og det er vanskeleg å sjå føre seg at dette vil endra seg, meiner eg.

Men gjer det noko då? Dersom norsk først døyr ut, er det jo ingen att til å uroa seg over tapet. Om folk her i landet pratar engelsk om 100 år, vil kanskje lengselen etter det som var norsk språk vera omtrent lik vår lengsel etter dialektane som døyr ut i dag. Ja fører ikkje likt språk over heile fjøla til eit samfunn der kommunikasjon er mykje lettare? Treng me eigentleg norsk? Eller samisk?

Når Kjetil Rolness skriv i Dagbladet at norsk er kantete, upoetisk og billedfattig, ja so kan han ha rett i det. Men i det han seier det sparkar han alle med norsk morsmål i skrittet. Vidare meiner han at me målfolk lagar ein masse språkpolitisk ståheim om nesten ingenting. Norsk kan aldri bli eit verdsspråk, seier han.

So får me læra oss engelsk til å kommunisera med og fransk til å elska med. Sjølv om eg har klart meg relativt godt utan fransk-kunnskapar til no. For språk er jo mykje meir enn kommunikasjon! Orda, uttrykksmåtane og melodien i eit språk byggjer på ein felles tenkjemåte. Difor kan ikkje språket skiftast ut som ein skiftar skjorte. Dei som har arbeidd med omsetting veit kva ulike tenkjemåtar på ulike språk betyr for meiningsinnhaldet i ein tekst. Difor er det også slik at om me tek vare på språket og utviklar det, so utviklar me tenkjeevna vår og.

Kva er gale med engelsk som lingua franca? Kvifor skal vi vera i mot bruken av engelsk som lingua franca? Eller for å seie det på ein annan måte: Kor går grensa for når vi skal satse på nabospråksforståing? Med ein kenyanar som ikkje kan norsk må eg snakke engelsk, det er opplagt. Men det er ein glidande overgang her: Er det urimeleg at ein trønder og ein vestlending snakkar engelsk seg i mellom? Tyskarar og nederlendarar engelsk seg i -mellom?

Utvegar for språka

Det er viktig å forhindra at språkleg einsretting vinn fram i samtidskulturen vår, skriv Geirr Wiggen, som er professor i nordisk ved Universitetet i Oslo. Det er to faktorar som i følgje han ser ut til å halda språk i live: Kjøtvekt og faktisk viktigast - ei statsmakt/styringseining og ein nasjon. Når verdas språk og kulturar døyr speglar det ein prosess der styringseiningane, både demokratiske og udemokratiske, mistar relevans eller forsvinn.

Kvar for seg er alle språk like verdfulle, anten dei vert brukt av få eller mange. For språka ber vitne om måtar å leva på og organisera samfunn på. Når eit språk går heilt ut av bruk, mistar menneska ein bit av det kollektive minnet sitt og den felles ressursen det har til å ordne liva og samfunna sine. I denne prosessen må brukarane leva med hån av og vanvyrnad for morsmålet sitt – med tilhøyrande mindreverdskjensla – og soleis er språkleg einsretting eit overgrep. Resultatet av kulturell globalisering er at me må bruka eit språk me ikkje fullt ut meistrar. Alt er ein overgang sa reven han vart flådd. Kor lenge skal denne overgangsperioden vara?

Eg har 6 framlegg til motstandskamp

  • Å dyrka og verna: Språkøkologi. Verdssamfunnet har lenge vore oppteke av å ta vare på plante- og dyreartar som er truga, medan språk etter språk har fått døy i fred. Fyrst det siste tiåret har forskinga på språkmangfaldet gjort oss klåre over kor mange språk som står i fare for å døy, og sett i gang tiltak for å verna om og revitalisera språk i fare.
  • Identitet og forståing: I NT sist vinter kunne me lesa om Magdalena Bak, frå Silesia-universitetet i Polen, som er oppteken av språket som identitetsbyggjar og som grunnlag for å forstå samfunnet. Ho arbeider på ein eigen språk-skule for utlendingar som vil læra polsk. Ho meiner at det er heilt naudsynt for å forstå det polske samfunnet at ein forstår litt av det polske språket. Berre på polsk kan me forklara ymse fenomen i samfunnet, og fleire og fleire innser dette, seier ho.
  • Sidemål: Kan modellen vår i Noreg med sidemål brukast i andre land? Konsekvensane av at me har sidemål er mange: Noreg er eit langt mindre målkløyvd land enn det ville ha vore utan sidemålsundervisning. Det er mogleg å skifte frå bokmål til nynorsk. Og omvendt. Resultatet blir at nordmenn er flinke til å forstå norske dialektar, og at nordmenn er flinke til å forstå andre nordiske språk.

    Lat oss sjå om sidemålsmodellen kan passa inn andre stader:

    Det finst 200 statar i verda, dei har til saman i underkant av 100 offentlege språk. Halvparten av statane i verda har språket til den tidlegare kolonimakta si som offisielt språk (dvs. engelsk, fransk, spansk, portugisisk eller russisk). Språkplanlegging i mange av desse landa går ut på å innføre og bruke eit skriftspråk som folk ikkje snakkar. Alternativet til kolonispråka er sjølvsagt å bruke eigne språk, men her er problemet at dei fleste statane i verda er fleirspråklege, einspråklege statar er det i det heile få av. I sterkt fleirspråklege samfunn, som i Afrika, er passiv tospråklegheit og utbreidd fleirspråklegheit dei einaste alternativa til dei tidlegare kolonispråka. (AT ein forstår fleire språk enn dei ein brukar sjølv skriftleg.) Ein type sidemålsundervisning kan dermed vera å lære elevane å skrive eit språk dei allereie kan snakke. Fleire sosiolingvistar reknar med at under 3 % av folket i tidlegare engelske koloniar i Afrika faktisk kan engelsk. Ein skolegang på kolonispråket for desse ungane vil vera ein hån mot deira språklege menneskerettar. Sidemålsundervisning vil gjera det ikkje-koloniale alternativet sterkare. Det å få nabospråket inn i skolen er med på å gje det prestisje, og det å få forklart kva dei mystiske bokstavane i nabospråket betyr, er med og gjev alternativ til engelsk som lingua franca i mange situasjonar.

  • Prat dialekt! Kvar månad i dette hundreåret vil det forsvinne to språk, og for kvart språk som forsvinn blir både etterkommarane til talarane, og alle vi andre, fattigare. Det å reversere denne prosessen er både lett og vanskeleg. Det einaste som skal til, er at foreldra snakkar morsmålet sitt til ungane sine, og at ungane snakkar det seg i mellom, og at dei får høve til å bruke det i det samfunnet dei er ein del av. Verre er det ikkje, men det er ille nok.

    Mange faktorar hindrar dei i dette. Andre språk har høgare prestisje, dei er offer for assimileringspolitikk, og ofte ser dei ikkje vitsen med å bruke sitt eige språk. ”Bruk engelsk - bli rik som ein amerikanar”, ser ut til å vera slagorda i Afrika og andre stadar. ”Gjer som amerikanaren, bruk morsmålet ditt”, vil eg seie.

  • Frå NMU sitt internasjonale program kan finn me nokre gode formuleringar om kulturell kolonisering: Norsk Målungdom meiner det finst alternativ til denne kulturelle koloniseringa, nemleg å byggja vidare på eigne lokale og nasjonale tradisjonar, samstundes som ein er open for likeverdig kulturutveksling. Slik vil me kunna taka vare på kulturmangfaldet. TILTAK: (1) Skap tilhøyrsle: Tilhøyrsle skaper fellesskap og deltaking, som er føresetnader for folkestyre. (2) Likeverdig kulturutveksling. (3) Styrking av opplæring i og dokumentasjon av verdas språk.
  • Offentleg språk og kulturpolitikk: (1) I 2001 markerte europeiske land at Europa er eit djuprøtt fleirkulturelt rom like mye som ein geografisk storleik. Og det gjorde dei ved å fokusere på det språklege mangfaldet som karakteriserer Europa, og som vi skal oppfatte som ein kulturell rikdom, ikkje som eit problem. (2) Språkrådet har i mange år arbeidd for å styrka bruk av norsk i Noreg, og språkrådet skal no oppgraderast til eit statleg instrument for eit effektivt og langsiktig språkvernarbeid.

    Kom medvitet tidsnok til å berga språkmangfaldet?

    Ja og nei. For svært mange språk er det heilt sikkert for seint. Men det er mogleg å revitalisera nesten kva språk som helst. Til dømes vart eit heilt utdøydd australsk urspråk revitalisert, takk vere lydopptak av språket. Men for å få til noko slikt trengst tre ting; interesse ovanfrå og ned, engasjement nedanfrå og opp, og pengar. Mange stader er det engasjementet nedanfrå og opp som manglar.

    Det er ofte ein tre-generasjons-sirkel: Den fyrste generasjonen opplever eit nytt språk som kjem i staden for deira eige, og trur at ungane vil få det best om dei kan det nye språket. Den neste generasjonen lærer difor berre det nye språket, og oppnår ganske høg grad av meistring. Dei kan ofte forstå det gamle språket, men likar det ikkje, sidan foreldra ikkje vil at dei skal bruka det. Den tredje generasjonen har ingen kunnskap i det gamle språket, og kan ofte ikkje kommunisera med sine eigne besteforeldre. Den fjerde generasjonen har ofte oppnått ei ny klasse, dei har det betre økonomisk, og har overskot til å vera opptekne av språk att. Dei ynskjer ofte det gamle språket attende, men har ingen kjelder til det. Dei er avhengige av at det finst lydopptak av det gamle språket, og det krevst mange pengar og stor innsats for å få det gamle språket attende.

    Den norske situasjonen

    Det er snart 40 år sidan Sigmund Skard gav ut Målstrid og massekultur (1963) og sette målsaka inn i ein aktuell allmennkulturell samanheng. Ein kan i dag slå fast at både norsk kultur i det heile og nynorsken har stått seg langt betre mot presset frå kommersiell angloamerikansk massekultur og engelsk språk enn mange var redde for i dei harde 60-åra.

    Det vil ikkje seia at faren er over. IT-revolusjonen, betre samferdsel, liberaliseringa av verdshandelen, globaliseringa av økonomien og det aukane hegemoniet til angloamerikansk kommersiell massekultur har gjort verda mindre og fører til ein stadig større språkleg og kulturell påverknad over landegrensene. Det kan mest dramatisk lesast av i stadig verre prognosar for språkdaude, og engelsk har gjennom fleire år vore på full fart inn i Noreg særleg i forskings-, IT- og forretningsmål - jamvel i (del)statlege selskap som Statoil, Hydro og Telenor.

    Til sjuande og sist er framtida både til bokmål og nynorsk er avhengig av kor interessert brukarane av dei to måla er i å verna om dei, og i kor sterk grad dette engasjementet fører til aktiv språkpolitisk handling frå styresmaktene. Sannsynleg er det òg at bokmålet gjennom presset frå engelsk vil koma i ei stilling som liknar meir på den forsvars- og mindretalsposisjonen nynorsken alltid har hatt. Riksmålsrørsla kan derimot bli nøydd til å ta gamle slagord som "fri sprogutvikling" og "sprogsaken ut av politikken" opp til kraftig revisjon dersom deira språk skal ha ei framtid under statleg vern.

    Det største lyspunktet frå ståstaden til nynorsken og alle andre små og mellomstore språk er likevel at ein no ser omrisset av ein global oppreist mot dei negative utslaga av globaliseringa. Det gjeld særleg reaksjonen på frihandel, valutaspekulasjonar og globaliseringa av økonomien. Organisasjonen Attac har på kort tid vorte ein viktig organisert samlingsstad og plattform for tverrpolitisk globaliseringsmotstand i Vest-Europa. Men òg på det språklege og kulturelle feltet er interessa og arbeidet for å ta vare på mangfaldet og motarbeida språkdauden aukande. Det aukande folkelege engasjementet gjennom kultur- og språkorganisasjonar ligg under, og i internasjonale organisasjonar som Europarådet, UNESCO og EU har ein sett ei aukande interesse for desse spørsmåla særleg det siste tiåret.

    Utfordringa for målrørsla vert å sjå ut over dei norske grensene og leggja opp ein praksis som tek utgangspunkt i at me er ein del av ei global rørsle for språkleg mangfald. I ein situasjonen der både nynorsk- og bokmålsfolk må rusta opp forsvaret mot engelskpresset, vil nynorsktradisjonen kunna skåra høgt både på å ha ein levande tradisjon for å driva organisert språkkamp, og på å ha røter og ei historie som bokmålet manglar. Nynorsken står for ei lang norsk språkhistorisk line som vekkjer positive assosiasjonar og vert sett som noko verdfullt langt utover den flokken som skriv nynorsk i dag, og nynorsken endar ikkje, som bokmålet, i blinda i to unionar ingen i dag vil vedkjenna seg. Målreisinga har alltid vore knytt til eit demokratisk, nasjonalt og sosialt frigjeringsstrev nettopp slik den komande målreisinga mot engelsk vil vera. Dette er ein stor ressurs for heile Noreg, og det er ikkje tilfeldig at ein jamt har funne målfolk i fremste line i arbeidet mot engelskpresset her i landet. Bokmålet har langt på veg vore ein gratispassasjer.

    Det målrørsla likevel må stå hardt imot, er det synspunktet sume bokmålsfolk kjem med om at arbeidet mot engelsk er så viktig at dei nynorske jamstellingskrava bør tonast ned. Det har med fullt alvor vorte hevda, m.a. i Stortinget, at kravet om nynorskversjonar av dataprogram kan føra til at engelske versjonar i staden tek over den norske marknaden. Det er absurd å skulla tru at nynorskbrukarar vil leggja frå seg språket sitt for å kasta seg med liv og lyst inn i kampen for bokmålet, og situasjonen er heller tvert om: di større det språklege medvitet og kamplysta er i den nynorskspråklege delen av Noreg, di sterkare står Noreg i det samla arbeidet mot engelsk.