Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

artiklar / To teser om norsk målstrid

To teser om norsk målstrid

Trond Trosterud, Tromsø.

Eg vil presentere to teser om norsk målstrid, formulert av to av deltakarane i den målpolitiske debatten vinteren 1998. Her kjem dei, friskt omskrive, men framleis slik at hovudpersonane vil kjenne dei att:

  • Steven Waltons tese om det gode nederlaget:
    Nynorsken vart eit interessant prosjekt først i den augneblinken han ikkje slo gjennom som skriftspråk for den dominerande (norske) nasjonaliteten i Noreg.
  • Lise Kvandes tese om den gode sigeren:
    Tospråkssituasjonen i seg sjølv (meir spesifikt: motkulturstoda til nynorsken) er ikkje eit gode. Striden er ein strid for å erstatte bokmål med nynorsk.

    For å formulere det litt meir paradoksalt enn nokon av dei kanskje vil gå med på, kan vi karakterisere målet for kampen (nynorsk som einaste riksmål i landet) med å seie at for Kvande har vi vunne først når sigeren er vår, mens for Walton er det først når vi har vunne at vi har tapt.

    Sjølv vil eg indirekte gje begge to rett, ved å vera ueinig med kritikarane til dei begge. Dette paradokset kjem eg fram til på følgjande måte (stråmenn i alle land, ber over med meg!):

    Nynorsk som eitt språk mellom 6000 andre: Anti-Walton

    Kritikken min av Walton går på at vi må ta Aasen sitt prosjekt alvorleg, at Aasen faktisk ville ha nynorsk som einaste riksmål, og at argumenta hans for dette er like gode i dag (eller rettare: nesten like gode; eg skriv meir om bokmålifiseringa i slutten av artikkelen). Her vil eg dra parallellen til Finland. Som eg har vist i ein tidlegare Mål og Makt-artikkel, var den norske og finske målstriden parallelle heilt fram til motstanden mot målstrevet tok til. I Finland gjekk den svenskspråklege eliten ut for å finne sitt folk (finlandssvenske bønder og fiskarar), og dermed legitimere sitt språk som Folkemålet. Dessverre var dette folket for lite, slik at fennomanane vann slaget, og stod att med ein finsk stat. No hadde eliten etter kvart funne folket sitt (ca. 8%), og klarte å halde oppe eit godt sett demokratiske rettar, men det aasenske prosjektet vart altså likevel gjennomført i Finland: Folket fekk ein stat tufta på sitt eige finske språk. Den finske språkstridsvarianten applisert på Noreg ville ha vore eit norskspråkleg Noreg, der overklassa eventuelt berga stumpane ved å mobilisere Børnepigeland for Sprogsagen, og hevde Den Bløde Kyststripe som marginalt hjæmland for det norskdanske folkesprog, med sørlandske fiskarbønder og lyrikkelskande borgarskap i lukkeleg sødergransk finkulturell foreining, men med ein sørlandskyst totalt dominert av BT og danske utgåver av Se og Hør). Dette i og for seg interessante framtidsscenarioet slo som kjent aldri til, i staden fekk vi den reformistisk-sosialdemokratiske taktikken, med fornorsking av dansken kvart 21. år, så lenge det varte. Men sjølv om dette scenarioet ikkje slo til bør vi tenke gjennom kva som hadde skjedd viss det hadde gjort det.

    Eit Noreg med dansk som eit kolonialt intermezzo mellom mellomnorsk og nynorsk ville på den eine sida ført til eit skolesystem som i andre industriland, med talemålsnormering og dialekttyning som sentral nasjonsbyggande oppgåve. På den andre sida ville skriftspråket ha stått på eigne bein, utan "rettskrivingsreformar" laga for å få formsamanfall med bokmål i konkrete ord av ruralt opphav. For nok ein gang å bruke erfaringane frå Finland: Eit norskspråkleg Noreg ville ganske snart etter hundreårsskiftet ha utvikla eit høgspråk (≈ Det Norske Teateret-nynorsken), og folk ville ha skifta mellom å bruke dialekt i heimbygda og høgspråket i andre samanhengar. Etter kvart som dei sosiale skilja vart jamna ut ville eit kompromiss mellom dialekten i Oslo-området og høgspråket ha utvikla seg til eit uformelt overdialektalt talespråk, ein talt variant av nynorsk, fjernare frå nynorsk enn høgspråket, men likevel med meir eller mindre regelmessige skilnader mellom nynorsk og talespråk. Dialektane ville ha fått dødskysset mellom eit skolesystem for nynorsk talemålsnormering og den mest prestisjetunge nynorskdialekten, Oslomålet. Dette verkar kanskje både eksotisk og skremmande, men for eit fleirtal av landa i verda er det eit uoppnåeleg språkleg Nirvana (jfr. dei fleste tidlegare koloniane i Afrika, som har engelsk og fransk som einaste riksmål i sine land). Vi ville ha hatt eit godt skriftspråk, sluppe bryet med å lære to skriftspråk og masse dialektar. Vi ville ikkje lenger ha vore verdsmeistarar i skandinavisk språkforståing, det er så, men vi ville ha hatt mindre å plundre med sjølv.

    Så til Walton er det berre å seie at om ein sigrande nynorsk hadde vorte uinteressant sånn akademisk sett, så ville han ha vorte eit vanleg brukbart skriftspråk for eit vanleg folk. Nederlandsk, omtrent. Eit tap for det internasjonale sosiolingvistiske samfunnet, javel, men eit gode for det norske folket.

    Nynorsk som noko Heilt Anna: Anti-Kvande

    Kvande sine kritikarar ser på nynorsk som noko Heilt Anna, som eit språk som ikkje skal snakkast, men berre skrivast, og nesten ikkje det ein gang, i og med at det er dialekten som skal bestemme korleis orda skal skrivast. Talemålsnormering blir for desse krikarane ei slags sjølvmotseiing, noko som strir med grunntanken i målstrevet, og blir eit svik mot målførehelten. Ein eventuell siger for nynorsken vil vera ei katastrofe for desse kritikarane. Med nynorsk som einaste talemål på Børsen og Akersgate og Se og Hør på nynorsk kan det heller vera det same med heile greia. Heller bokmålsknot enn nynorsk normaltale i uformelle samanhengar, for å spissformulere eit sterkt straumdrag i målrørsla

    Dette er nok ein stråmann, men han er ikkje alt for fiktiv. Motstanden mot nynorsk talemålsnormering er både prinsipielt og kjenslemessig begrunna hos mange gode målfolk, og motmakt er sentral i argumentasjonen for nynorsk (nynorsk vs. maktspråk, der heile prosjektet fell saman viss nynorsk tar over som maktspråk). Kvande svarer sjølvsagt at nynorsk er eit språk det med, og at ho håpar det skal kunne halde seg med det same repertoaret som andre språk. Det sentrale nummeret på repertoaret er no ein gang talespråket, det er ikkje til å komma forbi at Kvande har eit poeng der.

    Problemet er at Anti-Kvande også har rett: Nynorsk, som (eigentleg) er eit språk som alle andre, ville ha oppført seg som alle andre språk, og tyna dialektar og spegla overklassen i beste svenskestil. Det er ikkje mogleg å ha makta og vera mot makta på ein gang (dette er ein politisk lærdom som sitt forbausande langt inne). Det lengste nokon kan strekke seg er å vera både for makta og for folket. Og dette går bra berre så lenge det ikkje oppstår nokon konflikt. Viss eit nynorsk som einaste riksmål i landet kan uttrykke språket til talarar både med og utan prestisje, vil formene til dei prestisjefylte talarane bli dei prestisjefylte formene. Punktum finale. Den einaste måten å halde stien rein og språket fritt for undertrykking på er dermed å gje prestisjeberarane eit språk for seg sjølv, slik at vi andre kan ha vår egalitære motnorm for oss sjølv. Det er det vi har gjort i Noreg.

    Syntese

    Ein siger for nynorsk i samband med 1884 eller deromkring ville ha gjort Noreg til eit språkleg frigjort land med normal dialektundertrykking og eit skriveført folk på eit eige, godt skriftspråk. Sosiolingvistane ville verkeleg ha gått glipp av både verdifull empiri og gode informantar (eit språkpolitisk sett velskolert folk). Som lingvist seier eg at såpass kan vi bera, særleg med tanke på at svært få sosiolingvistar (les: Einar Haugen, eit par til) har sett nynorsk/bokmål inn i den større samanhengen dei høyrer heime. Vi kunne med andre ord ha klart oss godt utan mot-nynorsken og det norske laboratoriet, både folket og dei profesjonelle analytikarane.

    Når vi no fekk laboratoriet vårt kan vi likevel ta med oss dei positive sidene også. Nordmenn er godt skolerte sosiolingvistar. For to år sidan kom det i eit skolestyre i Oakland i USA opp eit framlegg om å ta utgangspunkt i dialekten til svarte amerikanarar for å lære ungane standardengelsk (av ein eller annan grunn marknadsført som lærarane skulle "be trained to respect the Ebonics language [mi utheving, TT] of their students as distinct from standard American English not a dialect that is "wrong"" (sitert etter Geoffry Nunberg: Double standards, Natural Language and Linguistic Theory 1997 nr. 15). Dette førte til eit nasjonalt hylekor like ille som da Darwinismen vart introdusert i USA. Noko slikt ville ikkje ha skjedd her. I Noreg veit vi betre, alle saman. Vi veit at dialektane er nettopp dialektar, at det ikkje er slik at alt som avvik frå ein eller anna tilfeldig prestisjestandard er resultatet av moralsk forfall og degenert oral atferd hos statssubsidierte bønder. Dette er ei viktig innsikt.

    Norsk eller nynorsk?

    Til no har vi gått ut i frå at nynorsk representerer det norske og bokmål det danske, eller i alle fall ikkje det norske. Språkleg har målrørsla berre delvis rett i dette. Bokmålet er sjølvsagt ikkje dansk. Dette er framforalt fordi dansk har forandra seg så mykje (uttalemessig, ikkje ortografisk), men og fordi rettskrivingsreforma i 1907 var eit hopp over frå dansk til norsk der dei to språka er ulike (særleg gjeld det inndeling av substantiv og verb i ulike bøyingsklasser). Derimot er bokmål systematisk negativ til norsk. Nynorsk, derimot, er ikkje negativ til norsk. Dette er nok ein viktig grunn til at nynorsk har større oppslutning som nasjonalt symbol enn som bruksspråk (samanlikn prosenten av nynorsk i dødsannonser og konfirmasjonssangar med prosenten av nynorsk i bilverkstadrekningar og lesarbrev i avisene. Så snart vi skal symbolisere noko norsk, står nynorsk fram som det som i politikken blir kalla eit truverdig alternativ.

    Vegen framover

    Kva så med vegen framover? Det kan sjå ut som striden står mellom altåvinnistane, dvs. dei målfolka som vil nedkjempe fienden og vinne, og språkfredsfolka, dei som vil ha varig våpenkvile, eller i det minste kjempe berre for å oppretthalde tospråkssituasjonen, og heller la fienden vera i fred. Den siste er naturleg nok mest opptatt av dei nynorske kjerneområda. Litt mindre logisk er det at nettopp motmaktistane, dei som ser nynorsk som surdeig og motmakt, er dei som no køyrer fram kravet om konsolidering av kjerneområda. For motmaktistane burde det vel ha vore meir logisk å så opprørets sæd i maktas høgborg, få parallellklassar og gymnasiastar med overgang til nynorsk i Oslo, Bergen og Trondheim, heller enn å vera bekymra for språkvalet til Handelsstanden i Førde.

    Altåvinnistane, derimot, har langt vanskelegare taktiske val foran seg. Det ser for meg ut til at altåvinnistane er mest opptatt av å slåss for nynorsk i dei store byane, og ikkje like ivrig etter å prioritere Vestlandsfylkene. På den eine sida er dette fullt forståeleg. Med ein nynorsk som skal vera for heile folket er ikkje Sogn og Fjordane staden å starte kampanjearbeidet. På den andre sida repsresenterer Sogn og Fjordane nettopp altåvinnistanes idealsamfunn: Nynorskland, det heilnorske Noreg. Berre det er grunn god nok til å passe på Nynorskland, og hindre bokmål i å få innpass i viktige område der, slike som det offentlege språklege rommet.

    Konsekvensar for målarbeidet

    Kan folk med så ulike syn arbeide i lag? Ja, etter mitt syn kan dei det, så lenge målsaka ikkje bikkar over og vi blir kvitt bokmålet. Ein slik situasjon ville nok ført til ein god del overraskande omgrupperingar av dei målpolitiske frontane i Noreg. Men så lenge dagsorden er ein annan, ser det meir ut til at Kvandelina og Waltonlina har samanfallande stragetiske interessar. Arbeid for nynorsk er objektiv sett motmakt, uavhengig av den subjektive politiske ståstaden til nynorskbrukaren. Og så lenge nynorsk ikkje er i posisjon til å normere som andre skriftspråk gjør, bør sjølv den mest skuggeredde vedgå at trusselen mot dialektane ikkje kjem frå nynorsk normaltalemål, men frå bokmål. Det er ikkje normering som er ille, men normtvang og degradering av dei som ikkje er i stand til å snakke "rett". Har vi stelt oss slik at fridom til å snakke som ein vil ikkje skal omfatte fridom til å snakke nynorsk, ja da har målrørsla vorte fanga av sin eigen retorikk, og stengt inne i eit svært lite, svært mørkt rom.