Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

artiklar / Argument for nynorsk

Argument for nynorsk

Av Ingar Arnøy

Er du på jakt etter argument for nynorsk? Det som står under her er berre framlegg til moglege svar på argument mot nynorsk — det finst rimeleg nok ei røys andre svar med! Dessutan er det sjølvsagt ei rad lokale tilhøve som sikkert spelar inn på meiningane til folk. Under fylgjer einast nokre framlegg til svar på spørsmål og haldningar.

Dei mest vanlege argumenta mot nynorsk er
a) mest alt ungane les utanfor skulen er på bokmål
b) tull med to skriftmål i vesle Noreg
c) mange rare, merkelege og unaturlege ord i nynorsken
d) vi vil ikkje at ungane våre skal skilja seg ut frå andre

A. MEST ALT UNGANE LES UTANFOR SKULEN ER PÅ BOKMÅL!
Dette er einast observasjon. Og foreldra har litt rett: Bokmålet dominerer som bruksmål på mange samfunnsområde. I staden for å gjera noko med denne stoda - det vil seia arbeida for å få meir nynorske bøker, teikneseriar, nynorsk tekst på framandspråklege filmar (kino/video), nynorsk tekst på daglegvarene, nynorsk i vekeblada osv. - godtek foreldra denne stoda og meiner ungane må retta seg etter den språklege røyndomen dei lever i.

Mot dette kan vi seia:

  • nynorsk som bruksmål veks kvar dag
  • over 50.000 tilsette i det offentlege (staten)har nynorsk som bruksmål (må kunna bruka det)
  • tilsette i 110 kommunar/fylke har nynorsk som bruksmål (over 500.000 menneske bur i desse kommunane/fylka)
  • over 140 000 skuleelevar i grunn- og vidaregåande skule brukar nynorsk
  • nynorskbruken i TV2 har vakse svært mykje, til dømes brukar nokre av dei mest populære programleiarane i nyheitene nynorsk
  • jamvel VG har byrja opna for meir nynorsk i avisa (sjå t.d. vedlegget om Kongen)
  • dei store regionsavisene har byrja bruka meir nynorsk
  • dei store kjedene har byrja bruka nynorsk/dialekt (Rema 1000/Rimi osv.)
  • du får til og med mobiltelefonar med nynorsk tekst no!
  • i framtida vil eit fleirtal av folket ha språket som arbeidsreiskap - nynorskelevane blir mykje meir språkleg medvitne enn dei som berre kan bokmål (media. reklamebransjen, skulen osv) og når ungane som har nynorsk i skulen er ferdige kan dei skriva båe språka like godt og er dermed meir og betre kvalifiserte til ei rad jobbar der språket er hovudreiskap!

B. DET ER TULL MED TO SKRIFTMÅL I VESLE NOREG
- det er berre fire millionar menneske, men vi har to skriftmål. I Tyskland er det over 80 millionar, og dei har berre eitt skriftmål!
- vi kastar bort mykje pengar med å ha to skriftmål (som kunne ha gått til andre ting)
- alle kan og skjønar både bokmål og nynorsk - kvifor halda på to skriftmål då?
- bokmål og nynorsk er så like språk — kvifor ha to like språk når alle skjønar kvarandre?

Moglege svar:

  • 1. Sverige har nyss vedteke å gje tornedalsfinsk, romani (sigøynarspråk) og urdu status som offisielle skriftmål. Det vil seia at brukarane av dette språket har like rettar som brukarar av andre språk (svensk, samisk).

    I Nederland er frisisk godkjent som offisielt språk. I Spania har dei tre offisielle språk (og dei er ikkje allverdas ulike!), i det tidlegare Tsjekkoslovakia hadde dei to offisielle skriftmål — tsjekkisk og slovakisk — der skilnaden mellom språka var omtrent like stor som trøndsk og vestlandsk.

    Korkje i eller utanfor Europa finst det snautt døme på statar som eittspråklege. Det høyrer såleis til unntaket at statar er eittspråklege. Noreg er såleis ein normalstat, vi skil oss ikkje frå andre europeiske statar.

  • 2. Pengebruken: Noreg fløymer over av pengar og vi kunna ha hatt 5 offisielle skriftmål dersom vi ville det. Det finst ingen økonomiske grunnar til ikkje å ha to skriftmål. Årsaka til ev. manglar innanfor ulike samfunnssektorar har ingenting å gjera med at vi har to offisielle riksmål i Noreg.

  • 3. To like språk: Dette er sjølvsagt rett. Og det gjer opplæringa i nynorsk svært lett. Men det er samstundes litt gale: Bokmål og nynorsk nærma seg kvarandre etter krigen. Etter 1981 har utviklinga gått motsett veg: bokmålet nærmar seg gamalt riksmål igjen, særleg ser vi dette i lærebøkene på skulen, i avisene og i andre media. Like eins seier lærarane at dei er frustrerte over den språkføringa elevane har når dei skriv bokmål — i staden for å nytta tilfang frå eigen dialekt skriv dei meir og meir likt Aftenposten.

    Kulturdepartementet melde i 1998 at den tidlegare offentlege politikken om å smelta dei to skriftspråka i hop er daud! Det vil seia at norsk offisiell språkpolitikk er å ha to jamstelte riksmål i lang tid framover. Det vil seia at alle skal læra å skriva og lesa både bokmål og nynorsk!

    Spørsmålet vert då: Skal elevane få ei utdanning som gjer dei flinke både i bokmål og nynorsk, eller skal dei få ei utdanning som gjer dei flinke berre i eitt?

C) MANGE RARE, MERKELEGE OG UNATURLEGE ORD I NYNORSKEN
- Eg skjønar ikkje alle orda lærebøkene til ungane - korleis skal eg hjelpa dei?
- Det er ingen som seier «kverrsetje» — alle seier «beslagleggje».
- Nynorsk er konstruert språk, medan bokmål ikkje er det
- Nynorskorda er unaturlege for ungane våre
- Nynorsk byggjer på sunnmørsdialektane (Ivar Aasen var sunnmøring osv).

Moglege svar:

  • 1. Alle foreldre som har vakse opp med bokmål hugsar korleis dei sleit med nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. Alle foreldre som vaks opp med bokmål som sidemål hugsar kor lett dei hadde for å skriva båe skriftmåla.

    Kvifor ikkje unna ungane den fordelen at dei slepp å få same problema med sidemål og heller velja nynorsk frå 1. klasse?

  • 2. Ungar er i utgangspunktet ufatteleg læreviljug når det gjeld språk. Flytter ein familie frå t.d. nord i landet til Audnedal er det nokså sikkert at ungane deira på 4-8 år tek til seg dialekten på staden etter svært kort tid. Og ungar har ingen fordomar når det gjeld språk - eventuelle fordomar lærer dei seg seinare; av vaksne!

  • 3. Skulen har til føremål å læra ungane språk. Særleg gjeld dette å læra ungane nye ord. Kvar einaste dag lærer ungane nye ord og ingen reagerer på det. I alle fall ikkje ungane, snarare tvert imot!

  • 4. Ingen reagerer på bruk av engelske ord. Det er berre norske ord vi reagerer på. Såleis vil dei fleste meina at
    * Kringkasting er naturleg, medan broadcasting er unaturleg
    * overhead er naturleg, medan skriftkastar er unaturleg - Med andre ord: Eit engelsk ord (broadcasting) er unaturleg, medan eit anna engelsk ord (overhead) er heilt naturleg. Dette fortel oss at ord har ingenting med natur å gjera - det handlar berre om vane. Når ungane lærer NORSKE ord tidleg i skulen, blir orda nettopp vanlege for dei og dei oppfattar med kvart orda som «naturlege».

  • 5. På Sagene skole i Oslo går det om lag 100 nynorskelevar (ein klasse på kvart klassesteg). Desse borna talar nokså likt bokmål, men lærer nynorsk. Ungane her seier:
    'I dag skal jei lære å teine - da må jei ha med teikneboka'
    'I dag skal vi lære å reine - da må vi ha med rekneboka'

    Desse ungane får eit dobbelt sett med omgrep. Når dei leikar i skulegarden og spelar fotball er dei krye når dei seier at dei fekk mykje åtgaum. Endå kryare blir dei når dei andre ungane må spørja kva ordet tyder.

  • 6. «Nynorsk er eit konstruert språk».
    Sjølvsagt er nynorsk eit konstruert språk. Nett slik bokmål er det. ALLE skriftspråk er konstruerte. Skrift er ei intellektuell kodifisering av lydar. Lydane (talemålet) er på eitt vis naturleg - alle menneske kan snakka. Skriftmålet er konstruert og det krev mykje meir trening i å skriva enn å snakka og slett ikkje alle menneske kan å skriva.

    Skilnaden på bokmål og nynorsk er at bokmål er konstruert ut frå dansk skrift slik nordmenn snakka dansk for om lag 100 år sidan. Når bokmål blir kalla «dannet dagligtale» er dette det same som dansk med norsk lydverk, eller dansk-norsk som bokmål heitte fram til1929. Nynorsk er konstruert på ein anna måte - han er samnemnar for alle dialektane i Noreg. Slik:

    * nordmenn seier «sen» (hedmark/trøndelag/østfold) og «sein»: på nynorsk blir det SEIN av di diftongen EI samlar i seg både sEn og sEIn
    * nordmenn seier «høre» og «høyre»: på nynorsk blir det HØYRE som samlar i seg både hØre og hØYre (trass i at eit fleirtal seier monoftong - høre - heiter det høyre på nynorsk av di det er mest samlande for heile landet)
    * på nynorsk heiter det «alle bilane», av di dialektane har slik (fleirtal hankjønnsord):

    Drammen alle bilAne
    Kristiansand alle bilAne
    Voss alle bilAdn
    Trondheim alle bilAn
    Bodø alle bilAn
    Oslo alle bilA

    Det som samlar hankjønnsorda i fleirtal er vokalen A. Difor har hankjønnsorda på nynorsk A-ending i fleirtal. Det samlar heile landet, motsett bokmål (bilEne) som har opphavet sitt i dansk.

    Altså: Både bokmål og nynorsk er konstruerte språk, men bokmål byggjer beinveges på norsk uttale av dansk skrift, medan nynorsk byggjer på ALLE dialektane.

    Dessutan: Spør de ein nordmann eller nordkvinne kvar som helst i frå i Noreg dette spørsmålet får de garantert same svaret: «Kva er lettast å skjøna når ein svenske eller ein danske snakkar? Svar: svensken!» «Kva er lettast å skjøna når de les svensk eller dansk?: Svar: Dansk!» I Noreg er det såleis lettare å høyra på ein svenske enn ein danske, men det er lettare å lesa dansk! Årsaka er openberr: Bokmål er konstruert frå dansk språk, medan nynorsk er bygd på dialektane (som ikkje er altfor ulik dei svenske!).

  • 7.«Nynorsk byggjer dialektane på Sunnmøre/Vestlandet»
    Her er det råd å svara nokså likt som punkt 6 ovanfor. Årsaka til at folk seier dette er
    * nynorsk blir mest brukt på vestlandet
    * dei fleste som snakkar nynorsk på fjernsynet kjem frå Vestlandet (Sørebø-effekten)

    I 1950 skreiv 60% av alle skuleelevar i Nord-Trøndelag nynorsk. Gjorde dei det for di dei ville vera «vestlendingar»? Sameleis i Nordland fylke: der skreiv 28% av elevane nynorsk i 1950.

D) VI VIL IKKJE AT UNGANE VÅRE SKAL SKILJA SEG UT
Kong Harald seier at det ville vera dumt om alle høyrdest ut som om dei kom frå Oslo. Dette vil dei aller fleste vera samde med kongen i. I Noreg er motsetninga mellom Sentrum og Periferi den sterkaste historieskapande krafta etter krigen. Bortsett frå i språkdebatten. Då blir spørsmålet: Vestlandet mot resten av landet!

Vi kan skriva om Kong Harald og seia det slik: Kvifor skriva som om du kom frå Oslo?

Kvifor vil nordlendingar, trønderar, hedmarkingar, grenlendingar, sørlendingar - alle desse som ikkje tykkjer særleg om «Oslo» og «sentralmakta» - kvifor vil dei alle saman skriva som om dei høyrde til «Oslo»?