Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

artiklar / Kultur, mangfald og overleving

Kultur, mangfald og overleving

Av Steve Shrybman, jurist på handelsspørmål og dagleg leiar i organisasjonen West Coast Environmental Law, Kanada. Omsett til norsk av Trond Sæbø Skarpeteig. Artikkelen er henta frå heftet Globalisering og språkpolitikk, Noregs Mållag 2002.

Det kulturelle mangfaldet i verdas nasjonalitetar er ei skattekiste for menneskeheita. Tap av kulturar er eit stort tap for samfunnet. Målet for kulturpolitikk bør vera å frigjera innbyggarane sine tankar, og dette kan gjerast ved å sikra kreativitet og deltaking. Ein må ha mogelegheit til å utvikla seg, skapa, produsera og visa fram sitt arbeid, og ein må ha tilgong til det offentlege rom og til kunst og kultur.

Frihandel mot mangfald

På mange måtar kan striden mot frihandel sjåast på som ein motstand mot einsretting og monopolkontroll av store selskap på vegner av all slags mangfald: biologisk, økonomisk og kulturelt. Fakta er at behovet for å ta vare på mangfaldet er eit samlande tema som ikkje berre legg grunnlaget for kritikken mot globalisering, men faktisk skildrar nokre grunnleggjande trekk ved økonomien og handelspolitikken som må erstatta paradigmet om frihandel og den frie marknaden. Dersom me skal utvikla ein heilskapleg og bærekraftig samfunnsmodell for utvikling, må kulturelt mangfald spela ei sentral rolla.

Internasjonale investeringsreglar vert brukt til å forhindra forsøk på ta vare på biodoversitet. Dei same handelsreglane vert også brukt til å leggja kjeppar i hjula for statlege tiltak som siktar på å verna kulturelt mangfald gjennom nasjonal filmproduksjon, fjernsyn, radio og forlagsverksemd.

Kanadiske kulturtiltak vart dei første som fall for WTO (World Trade Organisation/Verdas Handelsorganisasjon) sine reglar. Sett i lys av at Kanada lenge har vore sårbare under USA sitt kulturelle hegemoni, er det ikkje overraskande at Kanada er det første landet USA brukar kreftene sine på for å fremja interessene til sine eigne mediegigantar.

I mange tiår har Kanada vedtatt politikk og gjennomført tiltak for å styrka utviklinga av ein Kanadisk kultur, og for å verna denne mot å verta overkøyrd av film, fjernsyn, musikk og trykte media som strøymer over grensa kvar einaste dag frå USA. Heilt fram til i dag har Kanada hatt nasjonale kulturinstitusjonar som Kanadisk rikskringkasting, Nasjonalt filmråd og Nasjonalt kunstsenter med klåre kanadisk-nasjonale mandat.

Kanada har også etabler viktige lisens- og reguleringsinstitusjonar som kanadisk radio, fjernsyn og telekommunikasjonskommisjon (Canadian Radio-television and Telecommunications Commission - CRTC) som har mandat til å regulera kringkastings-, kabel- og telekommunikasjonsindustrien for å sikra at desse tener interessene til kanadiarar i alle delar av landet. I tillegg formidlar kanadiske styresmakter direkte støtte til kanadiske artistar og organisasjonar gjennom Kanadisk råd, Distriktskunstråd, Telefilm Canada og kulturdepartementet. I tillegg brukar Kanada også ulike skattar og avgifter til å verna kanadiske kulturuttrykk. Til dømes har Kanada i fleire tiår gjeve avskriving på inntektsskatten for lysingar i kanadiske blader. Men før me går grundigare inn på korleis frihandelspolitikken undergrev politikk, tiltak og lover som har som føremål å styrka kulturell infrastruktur, er det viktig å merka seg den globale samanhengen som dette skjer i. Kanada er ikkje åleine i møtet med den USA-baserte selskapsstyrte mediakulturen som trugar alle andre former for kulturelle uttrykk.

Dei fakta som vert lagt fram i denne artikkelen er nok ikkje overraskande for folk frå Kanada, for dei er vande med at det utanlandske presset i hovudsak er USAnsk. Men at folk opplever det slik over heile verda er dei færraste kanadiarar klar over.

Eit døme er filmar frå USA, som er å sjå over heile verda. Men framveksten av meir avansert telekommunikasjonsteknologi og av store integrerte mediekonglomerat har auka farten og rekkevidda av USA-baserte medieselskap dramatistisk.

I Europa har USAnske filmar om lag 80 prosent av marknaden. Og ein gong kjende filmskaparar som til dømes Fellini, Bergman, Godard, Betolucci, Bunuel, Antonioni, Truffault og Malle har forsvunne i overgangen frå innanlandsk til USA-dominert kino. Så små er sjansane for dei som kunne tenkja seg å satsa på desse framifrå filmskaparane at ei rekkje europeiske filmprodusentar nyleg skreiv til Martin Scorsese og Steven Spielberg og ba om deira støtte for å få filmproduksjon unntatt frå frihandel. Dei forsvarte brevet sitt med at dei i desperasjon prøver å verna europeisk film mot total utrydding.

USAnsk fjernsynsproduksjon har fått ein endå meir gjennomgripande global posisjon enn filmindustrien. CNN, som i mange land er den einaste kanalen som sender internasjonale nyhende, sender i dag i 130 land. MTV dominerer musikkkulturen på fjernsyn med eit endå større publikum enn CNN. I tillegg skjer det ei tilpassing av lokalprodusert fjernsyn til USAnske tema. Mange USA-produserte program vert sett av fleire hundre millionar over heile verda, av og til på engelsk, av og til på lokale språk og andre gongar som lokale produksjonar basert på same format og tema.

Det er berre når det gjeld trykte medier at USA sin påverknad har vore svakare enn universalisme. Her må den globale kaka delast med ei handfull godt etablerte medieselskap: Robert Murdoch (Australia og Storbritannia), Bertelsmann (Tyskland), Hachette (Frankrike) og sjølvsagt Conrad Black i Kanada og England.

Eksport av USA sin konsumentkultur

Desse problema kan lett sjåast på som ein konkurranse mellom USAnsk kultur og andre kulturar. Og det er vel nett det det er. Men det er også slik at det må sjåast på som ein kamp mellom veksande monolittiske mediaselskap, og samfunn som freistar å halda på eit handlingsrom for eigne kulturelle uttrykk. Også i USA er det stilt spørsmålsteikn ved den gjennomgripande påverknaden som dei store medieselskapa har. Til og med New York Times skriv alarmerande om ”det veksande trugsmålet mot den nasjonale kulturarven”. Men då president Clinton fekk innstillinga frå kommiteen som han hadde sett ned til å granska problemet, viste han lite vilje til å faktisk følgja tilrådingane som gjekk ut på å styrka offentleg og privat støtte til kulturen i USA.

Sett i lys av den sterke makta til dei store medieselskapa, er det ikkje rart at Clinton vegra seg for freista å demma opp mot den aukande konsentrasjonen av selskapsmakt over kulturuttrykka. Administrasjonen hans gjorde ingenting for å hindra etableringa av medie-empiret Time-Warner slik komiteen tilrådde, med tok i staden parti med Time-Warner for å bekjempa kanadiske program i same kategori som dei presedenten sin komité tilrådde å styrka.

USA sitt overskot i utenlandshandelen når det gjeld kulturprodukt og tenester er viktige sett i samanheng med dei store handelsunderskota som USA har totalt sett. Til dømes hadde USA eit samla handelsunderskot på 183 milliardar dollar i 1996, medan tenestesektoren stod for eit overskot på 74 milliardar.

I kjølvatnet av mediaselskapa og konsumkulturen som dei formidlar, oppstår det også alvorlege miljøproblem. Dette handlar om konsekvensane av at hundretals millionar menneske i utviklingsland vert oppmoda og påverka til å skaffa seg det materielle levestandard som dei ser demonstrert. Så lenge eit land som USA forbrukar ein for stor del av verdas ressursar, vil eit handelsunderskot vera ein del av realitetene.

For å kompensera for desse underskota har USA lagt seg på ein strategi for å eksportera USAnsk film, fjernsyn, musikk og trykt media. Desse produkta presenterer på ulike måtar Amerikas unike og samlande verdsbilete. Meldingane, både eksplisitte og usagte har som føremål å påverka andre til å villa ha nett den same ikkje-bærekraftige livsstilen og vanane som USAnarar omfamnar. Mot dette står global oppvarming og tap av biologisk mangfald som gjer at me må redusera forbuket vårt dramatisk. Dette gjeld serleg for industriland, som i dag står for 80 prosent av forbruket av globale naturressursar. Og ikkje noko land i verda kjem opp mot forbruksnivået i USA.

Dersom planeten vår ikkje kan fø på 300 millionar USAnarar med dagens forbruksnivå, kan den sjølvsagt ikkje fø dei milliardane som kjempar for å nå same standard. Ironisk nok er ein effekt av at USA marknadsfører ein ikkje-bærekraftig livsstil at USA sin økonomi er så sårbar. Globaliseringa av media og spreiinga av konsumkulturen øydelegg på ein grunnleggjande måte vår kapasitet til å framelska ein konserverande etikk, som me er så avhengige av for å møta dagens miljøproblem.

For å sikra seg at overskotet innan handel med kultur held fram med å veksa, har USA diktert internasjonale handelsreglar for å innføra ei varig dominering av globale marknader av USAnske selskap. Dei første tre åra etter etableringa av Verdas Handelsorganisasjon (WTO – World Trade Organisation www.wto.org) har sju handelskonfliktar om kulturprodukt vore oppe i WTO sin tvisteløysingsdomstol, og alle unnateke ein har vore sett fram av USA på vegner av mediagigantane deira.

Kommersielle varer mot kulturelle uttrykk

Kulturprodukt og –tenester som til dømes kunst, musikk, film og fjernsyn, er med få unntak underlagt internasjonale handels- og investeringsreglar. Dei fleste av WTO sine formelle strukturar regulerer handel med kulturelle produkt. Men i tillegg finst det mange WTO-reglar som har serleg relevans for kultur.

GATT sin artikkel IV vart tatt med i avtalen etter press frå styresmaktene i Franrike, og opnar for å ha kvotar på import av kinoprodukt som film og video. Over tid har denne regelen vorte utvida til også å inkludera fjernsynsprogram. I tillegg inkluderer artikkel XX eit eksplisitt unntak for vern av ”nasjonalskattar”. Dette omgrepet har vorte snevert tolka til berre å inkludera kunst, arkitektur, kultur- og naturminne. Sist, men ikkje minst kjem Generalavtalen om handel med tenester (General Agreement on Trade and Services) – GATS, som dekkjer eit mangfald av kulturelle tenester, frå reklame til telekommunikasjon.

GATS-avtalen favnar om dei grunnleggjande prisippa for frihandel som inneber omfattande vanskar for politikk, tiltak og reguleringsmoglegheier som eller er vanleg å nytta for tenester. Som for stadig fleire område som vert regulert av internasjonale handels- og investeringsavtalar, har reguleringane av tenester i GATS-avtalen ingenting med handel å gjera, men med innanlandsk aktivitet og politikk. Hovudprinsippa i GATS-avtalen – nasjonal likehandsaming og marknadstilgang – vanlegvis skildra som nedanifrå og opp, dekkjer berre dei sektorane som som kvart land friviljug har tilslutta avtalane. Sjølv om Kanada ikkje har forplikta seg på denne måten til å regulera kulturelle tenester, er det eit sterkt press frå både USA og EU for å inkludera fleire nye område i GATS-avtalen.

Dette fører oss til slutt til den viktigaste handelsreguleringa av kultur: reglane som gjev unntak for kultur i FTA/NAFTA-avtalane (Free Trade of Americas/North Atlantic Free Trade Agreement). Både konservative og liberale regjeringar har forsikra om at kanadisk kultur var trygg frå frihandelsreglane fordi den var eksplititt unntatt i denne handelsavtalen.

Men det skal berre ein liten titt på avtaleteksten om kulturelle ”unntak” i frihandelsavtalen for Amerika (FTA artikkel 2005), som sidan er innarbeidd i NAFTA-avtalen (Annex 2106), for å sjå at røynda er ei heilt anna.

Artikkel 2005: Kulturell industri

Kulturell industri er unntatt frå reguleringane i denne avtalen, unntatt som spesifisert i artikkel 401 (avgiftslette), paragraf 4 i artikkel 1607 (Divestiture of Indirect Acquisition) og artikkelane 2006 og 2007 i dette kapittelet. Uavhengig av andre reguleringar i denne avtalen, kan ein avtalepart innføra reguleringar med tilsvarande kommersielle virkningar som motsvar til handlingar som ikkje ville vore i samsvar med denne avtalen, med unnatak for paragraf 1.

Med andre ord er Kanada fristilt til å oppretthalda og til og med etablera nye kulturprogram, men USA kan fritt innføra sanksjonar dersom Kanada gjer det. Betyr det at Kanada i alle fall i teorien har suveren rett til å innføra lovar i eige land? Vert ikkje heile klaginga om at Kanada vert straffa av handelssanksjonar heilt søkt, dersom det utøver suverenitet innan lovgjeving,? Og til slutt: Er det ikkje slik at at heile poenget med eit unntak må vera å verna Kanada frå handelssanksjonar for nettopp å oppretthalda landets lovgjevande og politiske valfridom? Svaret på desse tre spørmålat er ja.

Fakta er at artikkel 2005 meir er å sjå på som ei øving i avansert ordlegging enn eit effektivt vern for kanadisk kultur. Men det ville vera eit feilsteg å avskriva denne artikkelen som uviktig, sidan artikkelen faktisk kan utsetja kanadisk kulturstøtte og andre kulturrelaterte reguleringar for hardare angrep enn andre samanliknbare lovar som demmer opp for frihandelen. Formuleringa ” Uavhengig av andre reguleringar i denne avtalen” i artikkel 2005.2 gjev utan tvil USA lov til å innføra tiltak av ”med tilsvarande kommersielle virkningar” utan å gå gjennom konsultasjons- og forhandlingsprosessane som gjeld i andre saker.

Den avstraffande heller enn beskyttande karakteren til artikkel 2005 er illustrert i handelskonflikten om parallelt utgitte tidsskrift i Kanada, som vert skildra meir detaljert nedanfor. Men oppfattinga at kultur er beskytta av NAFTA-avtalen er ei fullstendig villfaring. Det einaste spørsmålet som står att å svara på er kven har lurt kven? Var kanadiske forhandlarar verkeleg fornøgde med denne relativt klønete formuleringa? Var dei politiske leiarane fornøgde? Eller vart kanadiarane ført bak lyset av sine eigne politiske leiarar for at dei skulle unngå politiske protestar mot eit handelsregime som dei er viljuge til å underordna seg, uansett konsekvensar for kanadisk kultur sjølvstende?

Den beste måten å syna fram dette poenget er å visa korleis handelsreglane vart brukt til å undergrava Kanada sin rett til å støtta utgjevarar av innanlandske blad.

WTO ser ikkje forskjell på kanadiske blad og japansk øl

Nyleg vart det gjort vedtak i WTO sin Tvisteløysingsdomstol i saka om parallelt utgitte tidsskrift (split run magazines). Domstolen slo fast at Kanada sine tryggleiksnett for innanlandske blad var i strid med Kanada sine plikter under internasjonale handelsreglar. I grunngjevinga for vedtaket samanlikna WTO kanadisk kulturstøtte med reglar som Japan har innført for å verna japanske ølprodusentar. Ei vare er jo trass alt ei vare. Men, før me presenterer detaljane i denne handelskonflikten som har vorte karakterisert som det mest alvorlege einskild-åtaket på kanadisk kulturpolitkk, må me sjå nærare på samanhengen dette skjedde i.

USA-produserte blad dominerer marknaden i Kanada, og dette er ikkje noko nytt fenomen. Det har faktisk vore slik sidan byrjinga på 1900-talet. (I 1925 til dømes, selde USA-produserte blad åtte gongar meir enn kanadiske blad.) Og like lenge har kanadiske styresmakter gjort ulike forsøk på å hindra at kanadiske blad skulle bli totalt utrydda av dei USA-produserte.

På midten av 1960-talet lova den liberalistiske regjeringa den gongen å styrka kanadiske kulturintitusjonar. Dei innførte toll på import for å sikra levekåra for i alle fall eit lite utval kanadiske blad. Avgiftene vart spesiallaga for å møta problemet med USA-produserte parallelt utgitte tidsskrift.

I eit forsøk på å auka spelerommet til kanadiske utgjevarar, kunngjorde dåverande finansminister Walter Gordon at det kunne innførast effektive importvern på sjukepleievitskåplege tidsskrift, basert på nasjonale lover. For å gjeninnføra dette forbodet vart det også gjort endringar i reglane for inntektsskatt, og det blei ikkje mogleg for kanadiske selskap å trekkja frå lysingskostnadane for lysningar i ikkje-kanadiske blad. Tiltaka fungerte over all forventning. Kanadiske publikasjonar auka både i tal og omfang, og reglane etablerte ei våpenstillstand mellom USAnske og kanadiske utgjevarar som varte i nesten tre tiår.

Men tiltaket førte ikkje til at USA-produserte blad ikkje kom ut i Kanada. Frå 1992 til 1993 vart det til dømes eksportert blader til ein verdi av 600 millionar US dollar [5,4 milliardar norske kroner]. Kanada utgjorde 80 prosent av den utanlandske marknaden for desse blada. På byrjinga av 1990-talet hadde ei handfull store medieselskap sikra seg eigarskapen over desse blada. Sidan den innanlandske marknaden i USA lenge hadde vore metta, måtte nye marknader koma gjennom global utbreiing.

Dette forklarer delvis kvifor ein av verdas største mediekonsern, Time Warner, kunngjorde i 1993 at dei ville gje ut heile seks bileteblad om sport i Kanada der innhaldet vert sendt elektronisk til Kanada og trykt og distribuert der. Kanadiske utlysarar kunne dimed kjøpa seg heilsideslysingar til om lag halve prisen av tilsvarande plass i eit tilsvarande blad prenta i USA.

Denne direkte utfordringa på forbodet mot parallelt utgitte tidsskrift måtte den liberalistiske kanadiske regjeringa finna eit truverdig motsvar på dersom dei skulle bli tatt seriøst som forsvarar av kanadisk kultur. Det var berre eitt problem: Korleis skulle dei kunna verna kanadiske program for kulturstøtte utan å koma i konflikt med frihandelsstrategien som dei hadde langt seg på? Dette problemet er truleg forklaringa på kvifor det gjekk så langt som til juni 1996 før regjeringa endeleg fekk svara ved å leggja fram lov C-103, som la 80 prosent skatt på hovudsponsorinntektene til parallelt utgitte tidsskrift.

For å møta anklagar om at dette var diskriminerande ovanfor utgjevarar frå USA, skulle skatten også gjelda blad som vart selde utanfor Kanada, inkludert dei som vart laga av kanadiske utgjevarar.

Ikkje uventa såg Time Warner rask igjennom lovframlegget, og sende ei åtvaring til kanadiske styresmakter. Dette overtydde nesten regjeringa om å gjera unntak for Time Warner i lovteksten. Men då C-103 vart vedteken utan endringar, hasta styresmaktene i USA med å ta opp saka på vegner av ein av sine mest mektige innbyggjarar, og klaga Kanada inn for tvisteløysingsdomstolen i WTO. Utan å bry seg om at USA gjennom NAFTA-avtalen hadde godkjend kanadisk støtta til kankulturelt sjølvstende, brukte no USA ein ny og mykje mektigare mekanisme til å ikkje berre å stoppa C-103, men og stoppa skattelovene for parallelt utgitte tidsskrift, som hadde vore kanadisk lov i fleire tiår.

Medan WTO sjølvsagt framstår som kjeltringen, må ein hugsa på at hadde det ikkje vore for NAFTA hadde Kanada hatt høve til å innføra grensetoll på parallelt utgitte tidsskrift, uansett om dei var importerte eller overførte til landet. Kanada kunne også ha innført krav til kanadisk innhald i blada utan å leggja seg ut med stat-føretak-lovene som NAFTA utøver. Utan å undervurdera dei grunnleggjande avgrensingane som WTO legg på sjølvråderetten til statar som ynskjer å verna i det minste små lommer med kulturelt mangfald mot flaumen av selskapsprodusert og for det meste USA-produsert kultur, må det understrekast at i alle fall når det gjeld kultur så legg NAFTA mykje meir hindringar for statleg politikk og reguleringar.

Kanada valde i staden for å vedta lover som kunne ha utfordra legitimiteten til NAFTA sin kulturvernklausul, å vedta lover som måtte koma i konflikt med WTO. Utan å ha tilgang til innsideinnformasjon er det vanskeleg å klargjera styresmaktene sitt røynlege motiv for å velja denne strategien. Det er i alle fall sikkert at regjeringa held ein høg profil når det gjeld kulturspørmål og NAFTA, for gjennom engasjementet for Free Trade of Americas (FTA) ynskjer regjeringa at NAFTA skal regulera heile denne halvkula av jorda.

Om visse reglar for kanadiske tidsskrift

Som forklart ovanfor var USA det første landet til å ta i bruk den nyetablerte tvisteløysingsmekanismen i WTO for å fremja interessene til ein av mediegigantane sine. Medan fokus i konflikten var på tekniske spørsmål, var kjerna i klagen frå USA at C-103 diskriminerte USA-produserte parallelt utgitte tidsskrift. USA argumenterte for at Kanada braut eit av dei grunnleggjande prinsippa for WTO mot Time Warner sin produkt: nasjonal handsaming i GATT-avtalen artikkel III.

For å vinna fram med klagen sin måtte USA overtyda WTO om at blader må behandlast likt med alle andre varer under TWO: eit blad er eit blad uavhengig av opphav, innhald eller føremål. Som representanten for USA sin handelsdelegasjon sa det: Denne saka har ”ingenting med kultur å gjera. Dette er eit reint kommersielt spørsmål”.

Sjølvsagt protesterte Kanada: klart at innhaldet i eit blad er ein grunnleggjande eigenskap ved bladet. Eit blad utvikla spesielt for lesarar i Kanada, utgitt av ein kanadisk utgjevar og skrive frå eit kanadisk perspektiv, kan ikkje sjåast på som ”likt” eit blad utvikla i og for ein annan kulturell, politisk og sosial samanheng.

Før å styrka saka si argumenterte Kanada med skatteletta si for lysingsinntekter for kanadiske tidsskriftutgjevarar. Det er ein direkte samanheng mellom opplag, lysingsinntekter og redaksjonelt innhald i eit blad: Jo større opplag, jo meir reklameinntekter er det mogleg å få inn. Og med større overskot av reklameinntekter har ein redaktør høve til å bruka meir ressursar på redaksjonelt innhald. Jo meir tid redaktøren får brukt, jo meir attraktiv vert bladet for lesarane, og jo større opplag osb.. Motsett vil tap av reklameinntekter skapa ein tenkt ond sirkel: Mindre redaksjonelt innhald fører til færre lesarar og vidare til redusert høve til å få inntekter av reklame.

Ikkje berre var WTO sin dommarpanel upåverka av Kanada sin argumentasjon, men dei brukte dei faktisk til å byggja opp under konklusjonen sin om at USAnske og kanadiske blad er i direkte konkurranse og difor ”like varer” slik det er meint i artikkel III i GATT-avtalen. Tvisteløysingsdomstolen gjentok fleire gongar at et er parallellar frå denne saka til tidlegare vedtak om alkoholhaldige drikkar og øl, der dommarpanelet hadde avvist ein argumentasjon om at eit land kan legitimera ulike handelsvilkår for drikkevarer utifrå eigenskapar ved produktet. Etter å ha hatt ei fullstendig marknadstilnærming til saka, tok domstolen seg bryet å laga følgjande forklaring: ”GATT-avtalen er ei handelsavtale, og WTO arbeider trass alt med marknader.” Difor er det altså slik at at det som gjeld for øl må gjelda for kulturelle ”varer”: Dersom dei konkurrerer er dei like.

Alt nytt er godt nytt

Ved å avvisa argumentet om at redaksjonelt innhald utgjer ein forskjell mellom publikasjonar, oversåg WTO det verdfulle ved eit mangfald av meiningar i demokratiske samfunn. Ironisk nok er dekkjinga av parallelt utgitte tidsskrift saka i seg sjølv eit slikt døme. Våre søk på internettet etter artiklar om denne langdryge saka viste at fram til januar 1997 hadde Macleans publisert 10 grundige artiklar om emnet. I Time Warner sitt parallelt utgitte tidsskrift Time Canada, derimot, fann me berre eit treff: ei redaksjonell fordømming av lov C-55 som “forelda lovgjeving [som] garantert vil avgrensa pressefridomen.”

Det er eit paradoks at dette forsvaret for pressefridomen kom frå det selskapet som sjølv hadde pressa igjennom ein handelstvist for effektivt å nekta kanadiarar å høyra sine eigne røyster (til dømes i konfliktar som parallelt utgitte tidsskrift ordskiftet).

I følgje WTO sine reglar er difor eit nyhendetidsskift eit nyhendetidsskift, uansett type, retning eller nasjonale målsettingar. Me kan lett tenkja oss dette prinsippet overført til andre typar kulturelle uttrykk: Er ei avis ei avis, uavhengig av nasjonale perspektiv og innhald? Som for dei andre døma frå tvisteløysingsdomstolen i WTO, har dommen i denne siste appellinstansen synt oss at WTO har ein stor evne til å halda fokuset på handelsspørmål, sjølv om argumentasjonen er forskrudd sett i eit større perspektiv. Når dei ser på trykksaker som samanliknbare med alle andre varer og ikkje som kulturelle uttrykk, har WTO gjort det klart for tilsvarande handelsangrep mot andre former for kulturvern.

Det er ikkje naudsynt å dvela lenge ved handelsdisputten i seg sjølv for å forstå kva dette verkeleg handlar om, eller ikkje handlar om. Denne handelskonflikten om tidsskift handla ikkje om forbod mot blader frå USA på den kanadiske marknanden. Det handla heller ikkje om å begrensa spreinga av USAnske blader i Kanada. Nei, dei kanadiske lovene som provoserte Time Warner og USA sin administrasjon var eit forsøk frå den kanadiske regjeringa på å sikra at kanadiarar skulle ha høve til å kjøpa blad som formidlar eit kanadisk perspektiv, og som reflekterer kanadiske synspunkt, verdiar og kjensler.

75 år etter at kanadiske styresmakter første gongen vedtok proteksjonistiske lover for kanadiske tidsskift, kunne ikkje (eller ville ikkje) styresmaktene lenger halda det dei i alle år hadde lova at ikkje skulle skje: At kanadiske kulturtiltak vart ofra på alteret til frihandelen.

Men kvifor skjedde dette? Skjedde det fordi eit av verdas mektigaste mediekonsern skulle kunna auka salstala for eit av tidsskifta sine med nokre poeng? Eller fordi USA nytta denne handlestvisten i WTO mot Kanada til å syna andre WTO-medlemer over heile verda at det ikkje nyttar å gjera motstand mot dominansen frå USA sine kulturprodukt? Det er klart at prisen for å gjera slik motstand vil utgjera meir enn dei betydelege kostnadane ved ein internasjonal handelsdisputt, då den politiske flausa for ei regjering som må forby tiltak som har stor oppslutnad i folket også kostar.

Lov C-55

Andlet til andlet med dødsstøtet mot kanadisk tidsskiftindustri, skreiv Kanada eit utkast til ei ny lov, denne gongen betydeleg avgrensa av WTO. Resultatet vart C-55 der dei tradisjonelle tiltaka, skattar og avgifter for å verna kanadiske tidsskift, vart bytt ut med ei tilvising til straffelova med trugsmål om sanksjonar mot USA, for på den måten å forby USAnske tidsskift i å tilby reklameplass til Kanadiske selskap.

Som dei fleste kunne tenkja seg kom reaksjonen frå USA med det same. Men denne gongen brukte ikkje USA tvisteløysingsmekanismen i WTO mot Kanada. I staden tok USA i bruk dei mykje meir omfattande reglane som er tilgjengelege i NAFTA-avtalen, som tilsynelatande hadde vorte forhandla fram for å verna kanadisk kultur.

USA kunngjorde at dersom Kanada vedtok framlegget til C-55, ville USA innføra handelssanksjonar på ei rekkje kanadiske varer til ein samla verdi av 300 millionar US dollar. USA angreip strategisk og for å skapa maksimalt politisk press på regjeringa. Dei velretta angrepa fekk med et same den effekten USA ynskte seg. Ei rekkje med spørsmål og innvendingar rettar seg mot ministeren med ansvar for lova. Kvifor skulle kanadiske arbeidsplassar i stålindustrien ofrast for verna kanadiske tidsskift? Ministeren hadde ei tøff oppgåve med å svara for seg.

Utan å følgja saka vidare i WTO, der trugsmåla frå USA ville vore klårt ulovlege, kapitulerte den kanadiske regjeringa ved å fjerna kjerna i lovframlegget C-55. Ikkje berre let Kanada USAnske tidsskrift få tilgang til reklamemarknaden. Kanada lempa til og med på eigarskapsreglane for kanadiske tidsskrift!

Den einaste forklaringa som er komen på kvifor kanadiske diplomatar fann det naudsynt å gjera slike dramatiske offer, kom frå ei uoffisiell tenesteperson: ”USA klarar alltid å straffa oss kraftigare enn me til og med i draume kan klara å såra dei…”, utan at det vart lagt til at dette gjeld spesielt no når Kanada har gjeve USA dei våpena dei treng: WTO- og NAFTA-reglane.

Vendepunkt

Den triste soga om handelstvisten om kanadiske tidsskrift vil vonaleg ikkje vera det siste som er sagt om framtidige utsikter til å verna kulturen i Kanada. Det er tvert imot gode grunnar til å tru at ein har fått ein snunad som gjer det mogleg å ta attende noko av det som WTO-reglane har teke ifrå samfunnet. Ei viktig hending er stogginga av Mulilateral investeringsavtale (MAI-avtalen / Multilaterla Agreement on Investment) der franske styresmakter formelt trakk seg frå tingingane i OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling). Ein av dei viktigaste grunnane til det var frykt for konsekvensane av denne investeringsavtalen for landet sitt høve til å verna fransk kultur.

Kanada og Frankrike har hatt eit nært samarbeid for å finna måtar å sikra kulturvernet. Sjølv om Kanada var ein positiv støttespelar av MAI-avtalen, burde Kanada vera stolte over Frankrike og la seg inspirera til å gjera motstand mot USA sine krav mot kanadiske kulturtiltak. Kanada sin kulturminister Sheila Copps sitt arbeid for å byggja internasjonal støtte for å gjera unntak for kultur frå frihandelsavtalar er eit viktig steg i riktig retning.

Denne artikkelen byrja med å sitera frå referatet frå eit viktig internasjonal møte mellom ikkje-statlege kulturelle organisasjonar i Ottawa i 1998. I tillegg til å skildra kor viktig kulturelt mangfald er for menneska, staka dette møtet ut ein strategi for å konfrontera dei aggressive åtaka frå USA-baserte kulturelle medieselskap. Med utgangspunkt i at menneske ikkje berre lever i ulike, nasjonale og kulturelle samanhengar, men også i ei verd der statar og kulturar vert meir og meir avhengige av kvarandre, hadde møtet som mål å utvikla rom for internasjonalt samarbeid mellom friviljuge organisasjonar for å:

  • verna, fremja og styrka kulturelt mangfald,
  • støtta opp om forsøk på å få internasjonale handelsavtalar til å erkjenna og respektera ulike nasjonale og lokale kulturar, og
  • oppmoda til at kulturelle emne vert inkludert i utviklingspolitikk og at kultur får ei viktigare rolla i internasjonale samahengar.

Nederlaget for vernet for kanadiske tidsskrift må ikkje føra til at me gjev opp, men til meir målretta tiltak for at Kanada og andre land skal verta stolte av arbeidet sitt for kulturvern, og samarbeida med allierte slik at ein kan endra WTO-reglane til å støtta heller enn å undergrava det mangfaldet som er grunnleggjande for sjølve livet.

Som den kjende miljøvernaren David Suzuki seier det:

”Naturen er i konstant endring og mangfald er nøkkelen til overleving. Dersom endring er uunngåeleg og uforutsigbart, er den beste strategien for overleving å handla slik at ein held på mest mogleg av mangfaldet: Dersom vilkåra endrar seg, vil det vera sannsyleg at eit sett gener eller samfunn vil kunna halda fram under nye vilkår. Mangfald betyr fleksibilitet, tilpassing og kapasitet til å føra generasjonane vidare.”

Studiespørsmål:
1. Kva driv ei regjering til å gje frå seg slike politiske virkemiddel for kulturpolitikk som det Kanada har gjort?
2. Kunne kanadiske styresmakter har valt alternative strategiar?
3. Kva kan vera USA sin motivasjon for å stemna Kanada?
4. Er det rett å kalla dei mange organisasjonane som arbeider med miljø, sosiale spørsmål og rettferd for motkrefter? I so fall kva kjempar dei mot?

Dersom du vil organisera studiering i lokallaget ditt om internasjonale spørsmål, kan du ta kontakt med Noregs Mållag. Studieskjema kan lastast ned på www.folkekultur.no.