Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Barnehageturné hausten 2010

Barnehageturné hausten 2010



Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen, to musikarar som kjem på barnehageturné hausten 2010

Knut Kjetil har undervist i musikkskulen i Evje og Hornnes kommune og Audnedal kommune. Han har tidlegare hatt framsyningar i barnehagar, UKM (ungdomens kultur-mønstring), og har ein variert og allsidig musikalsk bakgrunn frå musikkskulen. Innspeling med barnekor er òg på ”rullebladet” hans. Han bur i nærleiken av Inger Lise, og dei har difor eit gjensidig musikalsk samarbeid.

Inger Lise er ifrå Byremo, men busett i Evje og Hornnes. Gift, tre born i alderen 6 år, 4 år og ein nyfødd no i april. Jobbar som lærar ved Evje barneskule, har utdanning frå Høgskulen i Agder (UiA), 3 årig allmennlærarutdanning i tillegg til 4 grunnfag (totalt 7 år frå høgskulen).

Vidare har ho hatt fleire song- og bokkveldar i regi av Noregs Mållag og Blåmann Barnebokklubb, for å prøve å motivere born og unge til å lese og syngje meir på nynorsk. Ho har dessutan vitja skular med same opplegg og mål for auga og vart tildelt Målblomen i 2003 av Noregs Mållag for innsatsen for nynorsk songkultur på Agder.

Inger Lise har gjort mykje, men sidan vårt fokus er på ungane og barnehagane i denne omgangen, vil me ta med at ho har utarbeidd og framført eit kyrkjekonsertprogram med tittel ”10 vers og 10 songar” som handlar om ei 10-punktsreise gjennom livet frå vogge til grav.

På denne barnehageturneen som er sponsa av Mållaga på Agder, tek Knut Kjetil med seg kassegitaren, og Inger Lise kjem til å syngje mange trivelege melodiar frå songheftet Syng sjølv, som barnehagen får eitt eksemplar av inkludert i konserten. Til heftet fylgjer det òg ein gratis cd med songane på, slik at både dei tilsette og ungane kan lære seg dette skikkeleg – sjølv om konserten er ferdig og Inger Lise og Knut Kjetil har reist heim til Evje.



Turnéliste barnehagekonsertar hausten 2010:

Musikarar er Knut Kjetil Møen og Inger Lise Stulien Robstad pluss ein liten beibi som såg dagens ljos for fyrste gong no i april. Konserten vert gjennomført akkustisk, og det er barn frå 3 år og oppover som er målgruppa. Dersom barnehagen har ymse rytmeinstrument som kan delast ut på slutten av konserten og ungane slik få ta del i konserten sjølve, er det flott.

Tysdag 7. september:
Bygland kl. 09.00, Valle kl. 11.00 og Hovden kl. 13.30

Tysdag 21. september:
Iveland kl. 09.30, Vennesla kl. 11.30 og Ravnedalen barnehage i Kr.sand kl. 13.30.

Tysdag 28. september:
Dølemo (Åmli kommune) kl. 09.30, Vegårshei kl. 11.30 og Gjerstad kl. 13.30

Tysdag 5. oktober:
Tonstad kl. 11.00 og Farsund kl. 14.00.

Tysdag 12. oktober:
Eiken kl. 09.30, Byremo kl. 12.00 og Marnardal (Marnar Mållag) kl. 14.15.

Tysdag 19. oktober:
Hornnes kl. 09.00, Evje kl. 10.30 og Åseral kl. 13.00

Straks etter konserten får barnehagen ein cd og tekstheftet ”Syng sjøl”, som er spesielt laga for ungar i barnehagealder. Det er Mållaga på Agder som sponsar dette – slik at cd’en og tekstheftet er gratis for barnehagen. For dei tilsette er dette eit veldig godt hjelpemiddel som me vonar fell i smak.

Vidare gler me oss til ei opplesing/bokstund for ungane på om lag 30 minutt. Og sist, men ikkje minst til ein planleggingsdag hjå dykk der me har eit lite føredrag om samanhangen språk barnehage-skule, i tillegg til bokpresentasjon straks etter. Total tid som går med til dette, er 1-1,5 timar.

Me ser fram til ein barnehageturné med songglede og nynorsk i fokus!

Oppsett gjort av Mållaga på Agder v/Borghild Løver, tlf. 97064485, borghild.lover@nm.no