|
arbeidet vårt / seminar i Mållaga på Agder
Innbyding til haustseminar 2010
Bygland 5. november og Ose 6. november
Tittelen på seminaret er ”Mållause utfordringar for nynorsken”
Kva faktorar kan vere avgjerande for kva språkveg kommunar og skular tek? Blant dei mållaga som deltek på seminaret, vert det lodda ut ein folkemusikkonsert på 30-40 minutt med Olaf Moen m.fl. Konserten høver fint på ein kulturkveld i mållaget, og dato vert difor sett etter avtale med vinnarmållaget, men gevinsten må nyttast seinast november 2011.
Dei mållaga som kjem på seminaret, er altså med i loddtrekking om ein gratis folkemusikkonsert med Olaf Moen m.fl. i sin heimkommune.
 |  | Inger Lise Stulien Robstad og Jon Severud, to av aktørane under kulturkvelden i årestoga på Bygland i Setesdal. |
Fredag 5. november
Kulturkveld med inspirerande føredrag med biletframsyning av forfattaren Jon Severud, som bokstaveleg tala har gått i fotefara til Aasmund Olavsson Vinje, og konsert med Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen, pluss sjølvsagt god mat - alt saman går føre seg i den trivelege årestoga på Bygland.
Før det heile byrjar, er det høve til ein velkomendrykk med omvisning i Glashytta med glasmeister Inger Tone Homme like ved.
19.00 |
Alkoholfri velkomendrykk og omvisning i Glashytta på Bygland, med glasblåsing og høve til å kjøpe flotte glasjulegåver.
>> Les meir om Glashytta på Bygland her 
|
19.30 |
Opning av kulturkvelden i årestoga i Bygland (ligg like ved Glashytta)
Føredrag: "Ei gjenreise - å gå i fotefara til A.O. Vinje" med Jon Severud
>> Les meir om føredraget her 
Høve til å kjøpe boka "Ei gjenreise"
Rjomegraut, spekjemat og flatbrød
Konsert med Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen
Innslag av allsong undervegs i konserten
Høve til å kjøpe cd'ar av musikarane
|
Laurdag 6. november
Seminar i storstoga på Ose i Setesdal Tema: Mållause utfordringar for nynorsken
Diverre er det i mange nynorskkommunar slett ikkje nokon samanheng i språkopplæringa mellom barnehage og skule. På folkemøtet før røystinga i Kvinlog (2007), fortalde bokmålsforeldra at ungane hadde lært bokmål i barnehagen, og dermed burde dei få lære bokmål i skulen. Den manglande samanhangen fører til store pedagogiske, språklege og kulturpolitiske utfordringar for så vel skuleelevane, lærarane og ikkje minst foreldra.
Me skal sjå nærare på dei utfordringane som nynorskkommunane møter i dag - og ikkje minst skal me få eit solid innblikk i målstriden i Åmli, i alle mekanismane og handlingane til dei ulike aktørane innan media, skule, foreldre, folkevalde, administrasjon og "den vanlege mann".
09.30 | Kaffi på Ose grendehus på Ose |
10.00 | Målstrid i Åmli - erfaringar og innblikk i mekanismane i denne prosessen
Innleiing v/Anne Tone Aanby
Spørsmål og ordskifte
|
11.00 | Eit tospråkleg Noreg - utfordringar for nynorskkommunane
Innleiing v/Ingar Arnøy
Kommentarar frå ordførarane i nynorskkommunane på Agder
Spørsmål og ordskifte
|
13.00 | Nonsmat og slutt |
Kulturkveld fredag: 150 kr (inkl. mat), 100 kr. for elevar/studentar
Deltakaravgift laurdag (inkl. nonsmaten): 100 kr. for elevar/studentar, 200 kr. for andre.
Overnatting kostar 375 kr per person i dobbeltrom/trimannsrom (Ose Turistheim), men du tingar overnattinga hjå skrivaren på Mållaga på Agder, tlf. 97064485.
Meld deg på innan onsdag 3. november til Borghild Løver, borghild.lover@nm.no, tlf. 97 06 44 85 (send gjerne ein sms). Du betaler kontant når du kjem, eller me kan senda faktura.
Me veit at kulturkvelden i årestoga er utruleg stemningsberande, og ikkje minst er det engasjerande seminaret dagen etter særs viktig for språkvegen vidare, og vonar du òg vil ta turen til Bygland!
 | Mållaga på Agder/Bygland Mållag |
|
 | Knut Kjetil Møen kan kunsten å traktere gitaren, og held konsert saman med Inger Lise Stulien Robstad under kulturkvelden i årestoga på Bygland. |
|