Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

arbeidet vårt / Jubileet

Noregs Mållag 100 år i 2006

På denne sida kjem det oversyn over viktige hendingar i jubileumsåret 2006. Førebels finn du sentrale tilskipingar her.

Kalender
I fyrste nummeret av Norsk Tidend i 2006 skal det stå ein jubileumskalender. Her vil vi føra opp alle tilskipingane vi veit om i organisasjonen neste år. Det vil seia alt frå landsmøtet i NM til ein kulturkveld i eit lokallag. Difor ynskjer vi at de alt no planlegg tilskipingar og aktivitetar for neste år, og fastset om lag datoar og emne, slik at vi kan få det inn i kalenderen. Vi vil at dette årsoversynet over jubileumstilskipingar vert størst mogleg, og difor har vi lagt ved eit skjema vi ynskjer at de fyller ut og sender inn att til oss innan 3. januar 2006. Desse finn de òg snart på nettsidene våre.

Sentrale tilskipingar

  • 2. februar: Lansering av Ottar Grepstad si bok ”Viljen til språk” i høve 100-årsjubileet.
  • 3. februar: Første salsdag for Noregs Mållags jubileumsfrimerke.
  • 3. februar: Opning av vandreutstilling i Oslo.
  • 3.-5. februar: Jubileumshelg:
  • 3. februar: Jubileumsmottaking for innbedne gjester i Oslo.
  • 4. februar: 100-årsdagen! Jubileumsseminar Noregs Mållag 100 år i Oslo (ope for alle) med påfølgjande utformell fest. Innleiingar med Valgerd Svarstad Haugland, Knut Kjeldstadli, Ottar Grepstad, Aase Norunn Digernes, Jens Johan Hyvik og Oddmund Løkensgard Hoel.
  • 5. februar: Landsrådsmøte i Oslo.
  • 5. februar: Jubileumsbyvandring i Oslo med Tron Øgrim som omvisar.
  • 28.-30. april: Landsmøte i Oslo. Her skjer det mykje! Ta med heile laget og familien.
  • 28. april: Gallaframsyning på Det norske teatret i høve 100-årsjubileet.
  • 29. april: Festmiddag.
  • 13. mai: Landsfemnande aksjonsdag.
  • 21.-25. juni: Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i samarbeid med Noregs Mållag.
  • August: Målrock i Årdal.
  • Oktober: Målrock i Bergen i høve 100-årsjubileet.
  • 11.-12. november: Internasjonal konferanse i Bergen.