Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldinger / Nytt mållag på Agder

Nytt mållag på Agder


Frå skipingsmøtet i Kvås Mållag 24. mars 2011: Framme fv: Edgar Vegge, Rune Hauan, Gro Helen Alvheim, Margunn Hellås og Kristian Stuestøl. Bak fv. Olav Løtveit, Kolbjørn Stuestøl, Svein Kjørvik, Reidar Brådland, Else Mary Stuestøl og Torbjørn Ougland.
Torsdag 24. mars 2011 såg eit nytt mållag dagens ljos her på Agder. Staden var Kvåstunet, dvs. tidlegare Kvås folkehøgskule - og 12 personar var møtt fram for å gjere alvor av skipingsstunda.

På førehand var det gjort eit lite valnemndarbeid av Mållaga på Agder, slik at ein kunne gjere skiping og val unna på same tid utan plunder. Som vedtekter la laget mønsterlova for lokallag i Noregs Mållag til grunn, med ein par, små endringar, og syrgde for fullmakt til å opprette bankkonto med to disponentar. Det er ikkje så lite å hugse på i ein oppstartsfase. Den største saka på skipingsmøtet var nok arbeidsprogrammet, men heller ikkje her var det langdryge drøftingar.

Slik ser arbeidsprogrammet for 2011 ut:

  • Få fleire til å skrive sms'ar på nynorsk eller dialekt.
  • Få fleire til å skrive nynorsk på plakatar og styremøteinnkallingar/møtereferat.
  • Delta på Ivar Aasen-festival eller ei anna utferd.
  • Oppretthalde den nynorske heimesida www.kvas.no.
  • Medlemsverving.

I eit mållagsmøte høyrer god mat og utlodding til, og dette vart det sjølvsagt òg tid til. Frå Vest-Agder Mållag stilte leiaren opp med ei lita helsingstale og ein gåvesjekk på 2.000 kr.

-Det er ikkje kvar dag det vert skipa mållag her på Agder, sa han, så dette tykkjer me er utruleg gildt, og delte òg ut blomar til dei som hadde teke på seg verv: Rune Hauan (leiar), Margunn Hellås (nestleiar), Gro Helen Alvheim (kasserar), Kolbjørn Stuestøl (skrivar), Kristian Stuestøl (styremedlem), Torbjørn Ougland (1. varamedlem) og Edgar Vegge (2. varamedlem).

No er det ikkje slik at måltanken er så heilt framand på Kvås, for dei skipa faktisk til eit mållag her for nøyaktig 100 år sidan, i 1911. Svein Kjørvik hadde med seg ein kladd frå skipingsmøtet den gongen, og las opp frå denne. Dermed kunne ein så å seie høyre den historiske susen frå skipingsmøtet langt attende. Førebels har det ikkje lukkast å få greie på når det fyrste mållaget gjekk inn. Tida vil vise om det ferske mållaget vil stå seg i nye 100 år.