Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Bykle Mållag

Bykle Mållag

Årsmelding for Bykle Mållag 2002.

Vedteken av årsmøtet i Bykle Mållag.

  • Laget -- hadde årsmøte på Hovdehytta på Hovden sundag den 25.2.2002. Me var 6 som møtte, godt frammøte.
  • Me har løyst Norsk Barneblad i eit halvt år for 5.klassingane i kommunen. Dette vert gjort om våren
  • Me støtta Fjellgardane skule med nokre bøker i samband med at dei hadde lesevake i oktober.
  • Laget har laga Byklekalender, med Lilly som hovudansvarleg , ein takk for arbeidet, og i haust kom han tidleg og flott
  • Laget har 12-13 medlemer
  • Else Gyro har vore skrivar i Aust-Agder fylkesmållag
  • Aust-Agder fylkesmållag saman med Vest-Agder fylkesmållag og mållaga i båe fylka, har tilsett reiseskrivar, Trond Sæbø Skarpeteig, for å styrkje lagsarbeid og medlemsverving. Han er tilsett for 3 år.
  • Lilly Stanescu er medlem i skriftstyret i "Jol i Setesdal"
  • I styret har desse vore: Else Gyro Rysstad, Angerd Gjerden, Lilly Stanescu, Gerd Fosse Hovden, Torun Rundhovde Mørenskog, og vara Gunhild Kåvenes
Årsplan og voner for Bykle Mållag i 2003
  • KULTURKVELD +Samarbeid med Folkeakademiet?
  • Fylkesårsmøte på Hia i Kristiansand, laurdag 8.feb.
  • LANDSMØTE 4-6.april i Grimstad
  • BYKLE-KALENDER ,ca.300 stk. NOV.
  • VERDSETJE DEI SOM NYTTAR NYNORSK ELLER DIALEKT-BRUK I MARKNADSFØRINGA, NAMN PÅ VERKSEMDA, eller t.d. skiltet til Ica Sparmat ved utgangen om "-me tytast"??
  • SAMARBEID MED BIBLIOTEKET; lese-salgs-kveld, Bykle og Hovden
  • GJEVE EIT HALVÅRSABONNEMNET AV NORSK BARNEBLAD TIL 10-ÅRINGANE
  • ARBEIDE VIDARE MED Å STØ UNGDOM PÅ VIDAREGÅANDE MED NOKRE PENGAR, DERSOM DEI NYTTAR NYNORSK
  • Reklamere for Mållaget i Bykle Radio
  • Gjeve nokre kalendrar til premiar i Bykle Radio