Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Evje og Hornnes Mållag

Evje og Hornnes Mållag

Sidan sommaren 2003 har Evje og Hornnes Mållag mellom anna arbeidd med å samla inn støtte for at kommunen burde vera nynorsk.

Opprop: Evje og Hornnes som nynorskkommune
- Forstad til Kristiansand eller regionsenter i Indre Agder?

Skal Evje og Hornnes berre vere ein forstad til Kristiansand eller også ta mål av seg å vere eit regionsenter for Indre Agder? Då vil val av nynorsk skriftmål vere avgjerande for identiteten til kommunen.

Evje og Hornnes kommune bør vere ein nynorskkommune

Evje og Hornnes kommune er tradisjonelt ein nynorskkommune. Som nedste kommune i Setesdal er kommunen eit sentrum i regionen, med Kristiansand som storebror på godt og vondt. Oppover i dalen er det nynorsk i sentrale institusjonar, medan bokmålet dominerer ute ved kysten. I Evje og Hornnes er nynorsken sterk i skulen. Næringslivet vekslar mellom nynorsk og bokmål, og lokalavisa er på nynorsk. Men i kommuneadministrasjonen er bokmål nesten einerådande, og det har skjedd av di kommunen har vedteke at han er språknøytral.

Strammare kommuneøkonomi gjer at det vert meir og meir aktuelt med tverrkommunalt samarbeid om tenester. Her vil Evje og Hornnes måtte samarbeide med eit omland der nynorsken dominerer. Å vere regionsenter er ikkje berre å ha administrative og næringsmessig funksjonar, men også å vere kulturelt og språkleg knutepunkt. Det inneber at Evje og Hornnes må vende seg mot omlandet dei skal vere sentrum for, også språkleg.

Det skal vere godt å høyra til i Evje og Hornnes. Språket vårt er det sterkaste ankerfestet for identitet. Ein medviten språkpolitikk vil gje oss ei kjensle av å dele ein felles kultur, eit verdifullt språk. Me vil gjerne ta vare på det fargerike språklege mangfaldet frå heile Agder, også Evje og Hornnes.

Evjemoen er lagt ned, og det er mange val å ta. Dei vegvala heng i hop med kva slags identitet kommunen skal ha. Me ynskjer å utfordre både innbyggarar, politikarane som stiller til val og næringslivet i eit ordskifte om den kulturelle framtida til kommunen. Vil politikarane at Evje og Hornnes berre skal vere ein forstad til Kristiansand eller ynskjer ein å vere eit regionsenter for Indre Agder? Eit slikt vegval inneber eit val av språk og kultur!