Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Flekkefjord Ungdomslag og Mållag

Flekkefjord Ungdomslag og Mållag

Litt historie
Mållaget i Flekkefjord vart skipa i 1908. Føremålet var ”å verna om vår nasjonale arv, fyrst og fremst målet.” Laget var svært aktivt og har vore eit kraftsentrum for kulturlivet i Flekkefjord og bygdene rundt byen.

I 1911 opna Mållaget kaffistove og i 1916 kjøpte Mållaget eigedomen i Elvegata der Bondeheimen no er. Antzee-eigedomen blei kjøpt i 1932. Frå 1985 har Bondeheimen vore aksjeselskap. Flekkefjord Ungdomslag og Mållag eigde i starten alle aksjane. 1 1995 selde Flekkefjord Ungdomslag og Mållag 75 % av aksjane til Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Lagsbruksfondet. Flekkefjord Ungdomslag og Mållag eigde fram til våren 2004 15 av i alt 65 aksjar i forretninga. Bondeheimen vart seld i april 2004.

Lagshytta på Netland

Mållaget hadde dei første åra songlag, saumarlag og leikarring. Laget hadde eige handskrive lagsblad som heitte Måltrollet. Laget gav ut Grannen, eit samlingsblad for syn og segner i Flekkefjord og bygdene. Grannen er gitt ut i ny utgåve i 1996 med Flekkefjord Historielag som drivkraft. Mållaget i Flekkefjord var og med og skipa Husflitslaget i Flekkefjord. Mållaget hadde eiga boksamling der medlemmer kunne låna bøker. Laget er med både i Noregs Ungdomslag og i Noregs Mållag. I 1981 skifta laget namn fr Mållaget i Flekkefjord til Flekkefjord Ungdomslag og Mållag. Laget har hytte på Netland i gamle Nes kommune. Hytta vart innvigd i 1976.

Flekkefjord Ungdomslag og Mållag i dag
Laget har mellom ca 50. Den største aktiviteten er Leikarringen som har øving kvar onsdagskveld. Øvingane er på lagshytta på Netland. Omlag medlemmer deltar på leikøvingane. Kvart år skipar laget til ein leikfest i god tradisjon, med bunad og bordsete. Då inviterer vi folk frå laga i Vest-Agder Ungdomslag og nokre lag i Rogaland. Gjennom folkedansen har vi og nokre venskapslag i andre land. Vi ha kontakt og utveksling med folkedansgrupper i Århus og Nykøbing-Mors i Danmark, Bollnãs i Sverige og Sarnen i Sveits. Laget er kvart år med i Noregs Ungdomslag si kunnskapstevling Kven veit. Laget har gjennom ei årrekkje vore tilskipar av ”Kvednhusmarsjen”, ein heietur der segn og soger frå gamle dagar har vore ein del av opplegget.

Laget har ei eiga målnemnd. Målnemnda skipar til ulike kulturaktivitetar for å fremja nynorsk i laget og i nærmiljøet. Nemnda har fått i gang ein lesering som kjem saman for å lesa og drøfta nynorske bøker. Gruppa har lese bøker av Vesaas, Garborg, Duun og Fosse.. Vi som er med i laget, har det triveleg saman. Men, vi saknar unge menneske som kan føra aktivitetane og ideologien vår vidare.

Oppdatert 24. januar 2005