Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Gjerstad Mållag

Gjerstad Mållag

Lær alle tungemål…men gløym likevel ikkje ditt eige tungemål. (Kongsspegelen)

I samsvar med føremålet til Noregs Mållag, arbeider Gjerstad Mållag for det norske folkemålet og for å ta vare på gammal særmerkt folketradisjon i Gjerstad.

Språket og dialektane
Språket er ein levande del av oss sjølve, og ikkje noko upersonlig og utvendig. Det er altså ikkje bare eit middel til å komme i kontakt med andre menneske. Me er au bundne til det språket me snakkar på ein slik måte at me ikkje utan vidare kan bytte det ut med eit anna. Me uttrykker oss best på vårt eige mål og kan derfor ikkje vrake dialekten utan å tape ein viktig del av oss sjølve.

Ei vanleg meining er at me har både pene/danna og stygge/uhøvla dialektar. Kva er grunnlaget til slike vurderingar og korfor ser så mange ned på sin eigen dialekt? Me meiner svaret må vere at eit stort fleirtal av dei som sitter i sentrale posisjonar brukar riksmålsprega bokmål. Gjennom skule og massemedia får me ein stadig strøm av dette språket. Derfor få me inntrykk av at dialektane er mindreverdige og ubrukelige.

Nynorsk skriftmål
Nynorsken er samnemnaren for dialektane i landet, og bygger i særleg grad på bygdedialektane, men og dei fleste bydialektane ligg svært nær nynorsk. Det nynorske skriftmålet samsvarer best med Gjerstad-dialekten, og er derfor det mest naturlige for oss. Nynorsk og bokmål er formelt jamstelte målformer, men i praksis blir nynorsken diskriminert og lurt ut av skule og massemedia.

Oppgåver for Gjerstad Mållag

Me vil arbeide for:

  • Å verne og utvide alle særdrag i bygda. Dette er spesielt viktig i vår tid når den ytre påverknaden er stor.
  • Å auke respekten for Gjerstad-dialekten. Dette gjør me best ved å arbeide for at nynorsken igjen blir opplæringsmål i alle skulekrinsane.
  • Å samle inn stadnamn i Gjerstad for at dei ikkje skal bli glømt.

Me vil arbeide mot:

  • At nynorsken, og med det Gjerstad-dialekten, blir framstilt som uforståeleg ”grautmål”. Dette er propaganda som blir brukt i mangel av betre argument.
  • At aviser skriv om nynorske innlegg til bokmål. Dette er forsøk på å forflate det enkelte mennesket, og hører ikkje heime i eit demokrati. Målstrid er ikkje bare ein strid om språk (målformer), men ein kamp for retten til å vere seg sjølv og bestemme kvardagen.

For det er ikkje meg som har skapt Gjerstad-dialekten. Det er nok Gjerstad-dialekten som har skapt meg, sa Gjersdølingen Magnhild Hagelia, som var seg sjølv, og brukte sitt eige språk over alt – på stortinget og i samtale med kongen.

Styremedlemmer i Gjerstad Mållag 2003:
Oskar Tore Brendalsmo, Olav Hagelia, Steinar Johannesen, Tor Martin Moe og Harald Salte. Adressa er Olav Hagelia, Angelstad, 4900 TVEDESTRAND.

I Gjerstad er nynorsk den språkforma som best formidlar og tar vare på kulturarven vår. Her er nokre vers ifrå to lokale dikt. (Hossen hadde det lydd på bokmål?)

Møte med elj
Av Trygve Apland

Ronnt eitt bål utta tøre kubbar
satt me i skauen å åt
mens saftige Gjerstadstubbar
taut ut mellom sjever å flåt.

Der kåm nåkka stubbar så fele
at magen min jikk som ein belj.
Nå ska e jenførtele
Kristians møte me elj;

De va borti Sannkjennskare,
e lå der ein gong å høgg,
der så e de største fare
som nåken har sitt idøgg.

E så de va elj, bevares,
men den måtte være stor
for aldri har Sannkjennsskares
veiar vist slike spor.

Vise om Mælaas-Linna i Gjærestad Sokn
Dikt på Bygdemaal. Østerriisøer 1849.
Melodi: Os ha gjort kva gjæras skulle.

1. Eg va ta mæ te før Moro, op te Mælaaslinna gaa,
veent aa sjaasamt ska der være, grusk æ Linna, framifraa,
enddo detta Tre har briska mykje meir i gammal Ti,
a de fire store Greinan naa æ atte bare tri.

2. Ondeli, at denne Linna aldre før æ høgga ne,
ondeli, at Bjørkebeinar inkje flætta slikt eit Tre,
tok sæ Bast aa røirde paa sine kleine Næversko —
vist en Hullegar de Bele utnæ Mælaaslinna sto.

7. Mæ eg sitte onde Linna, glaner øve Vidda ne,
æ de som æg inkje længer va i denna Væra te,
sjøl eg minker aa bli liten, mest som eh skull komme bort,
Syne, Hørsla, Maale, Pusten — alt ihope kjæm te kort.

8. Skouar o fem Kjørkesokner her æ samla te ei Slet,
ron omkring mæ denna Vidda heilt te Have gjæng i et,
høgsta Heier tykst blir laage, jupast Dal æ som ei Dæk,
Gjærsta-Vanne æ aa se te som en hovle Kvænnebæk.

9. Længst me Baren møter Have, uttrast gjæng de som ei Rand
vesta te fraa Lyngørskanten heilt forbi te Jomfruland.
Eg seer mange Sjibe seile, Sjøfolk seer au Linna græt,
dei har øve tre Miil borte hinnar te Sjømærke sæt.

10. Længer maa æg inkje drøige, eg maa skonn mæ her ifraa,
et par Fjering borte Linna sjygger allereie naa,
ute pa Sonsmyra seer eg Folk i hinnars Skugge gaa —
Sola kvække snart i Lia, mørke Naatta fælle paa.