Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Kvinesdal Mållag

Kvinesdal Mållag

Kvinesdal Mållag oppmodar folk til å skriva nynorsk, og legg mellom anna vekt på følgjande:

  • Nynorsk byggjer på og stør opp under det norske språkmangfaldet i ei tid der mangfaldet er under sterkt press. Å skriva nynorsk kan vera ei god støtte for deg som vil halda på dialekta di.
  • Dersom vi gjev frå oss vårt eige språk, nynorsken, mister vi på same tid den største arven vår. Mister vi orda, seiemåtane og songane så mister vi òg kunnskapen om fortida vår. Språket vårt, dialektane og nynorsken, er det sterkaste ankerfestet for lokal og nasjonal identitet, og difor er folk glade i sitt eige språk.
  • Alle elevar må læra både bokmål og nynorsk. Spørsmålet er om din unge skal få gjera det på den lette eller den vanskelege måten.
  • Ein unge som går i nynorskklasse på skulen vil (1) få det lettare i norskundervisninga, (2) oppnå høgare gjennomsnittskarakterar i sidemål, (3) ha større sjanse til å koma inn på lina han/ho ynskjer på vidaregåande skule, og (4) stå sterkare i konkurransen om jobb.

Styret i Kvinesdal Mållag for 2008:

Leiar: Are Jerdal, tlf. 90215590, are.jerdal@c2i.net
Nestleiar: Kåre Narvestad, 48022360, kaarnar@online.no
Kasserar: Astrid S. Thoresen, 40003051, astrid.s.thoresen@norgespost.no
Skrivar: Dag Runar Egeland, 90655928, runar@grodata.no
Styremedlem: Øystein Moi, 38354974
Styremedlem: Marit Homme, 95136498, lindel@frisurf.no
Styremedlem: Tom Arnt Lindeland, 47838546, lindel@frisurf.no

Arbeidsprogram for 2008:

  • 100-årsjubiléet for nynorsk i skulen saman med markering av at Ivar Aasen var her for 150 år sidan.
  • Markering av plassen og skilt til plassen der Trine Hunsbedt skreiv Kvinesdalsongen.
  • Take vare på språket vårt i Fjotland og Kvinesdal
  • Det skal skaffast vervemateriale

Nynorsksiger i Fjotland, Kvinesdal
Fleirtalet røysta nynorsk ved Kvinlog skule i Fjotland 19. november 2007. Etter at alle røystesetlar var talde opp, var resultatet 73% nynorsk. Oppmøtet var 59%.

Leiar i Kvinesdal Mållag, Are Jerdal, er særs glad over resultatet. Han meiner dei som har røysta nynorsk og jobba fram det gode resultatet har vore klår over verdien av språket og identiteten sin.

Oppdatert 8. mai 2008