Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Landvik Mållag

Landvik Mållag

3 av styremedlemene i Landvik Mållag: Anne Elisabeth Havstad, Lars Magne Tønnesøl og Astrid Stuestøl Sandkjær (leiar).

Årsmelding for Landvik Mållag 2002.

Vedteken av årsmøtet i Landvik Mållag.

Desse har vore med i styret:
Astrid Stuestøl Sandkjær, leiar; Anne Elisabeth Havstad, nestleiar Per Yngvar Hardeberg, Kristen Stalleland og Lars Magne Tønnesøl.
1. vararepr.: Inge Kringeland; 2.vararepr.: Gunnar Heldal
Kasserar: Øystein Jomås blir kalla inn til alle styremøta.

Sjeldan har styret i Landvik Mållag hatt så stor aktivitet, med heile sju møte i 2002! Grunnane til dette er to:

  • Landvik Mållag sa i vår ja til å vera vertskap for Noregs Mållag sitt landsmøte 2003.
  • Organisasjonssatsinga på Agder, som for alvor kom i gang i haust.

Landsmøtet 2003
for Noregs Mållag blir på Norlandia Hotell (tidlegare Teleskolen) 3.-5. april.

Landvik Mållag sitt ansvar er fyrst og fremst kulturinnslaga (”opningsseremoni” torsdagen og kulturkveld fredagen) og trykkinga av landsmøteprogrammet. Vi kom tidleg i gang med planlegginga og trur vi kjem i mål, vonleg med stil!

Organisasjonssatsinga på Agder
Årsmøtet i Landvik Mållag vedtok i fjor å løyva 15 000 kr i året i tre år til denne satsinga.

Trond Sæbø Skarpeteig tok til i arbeidet som reiseskrivar for Agder i halv stilling frå 1. august.

Styret har vedtatt å satse på barnekultur på tre område:

  • Norsk Barneblad: Landvik Mållag stør tingarar av Norsk Barneblad i Landvik slik at dei får det for 100 kr året. I år er talet på tingarar 15-20 (eksakt tal vil ligga føre til årsmøtet), vi har ikkje fått rekning frå Norsk Barneblad enno. Vi trur det er mogeleg å få 40 tingarar.
  • Barnebokklubben Blåmann: Vi vil gjera denne kjend (m.a. fekk vi inn eit stykke på nynorsk om dette i Grimstad Adressetidende! med bilete, alt ved Trond S. S.). Vi har fått eitt medlem til no.
  • Kulturbarnehagen Pirion: Vi vil gje medlemsskap til fire barnehagar i Grimstad (kr. 150 pr år pr barnehage).

Reiseskrivar Trond har vore med på fleire styremøte. Han har vore til stor hjelp, ikkje minst når det gjeld landsmøteplanlegginga.

I organisasjonssatsinga var vi sett opp med 20 nye medl. av Blåmann i 2002, og 10 nye mållagsmedlemmer. Dette har vi ikkje greidd. Innsatsen har ikkje vore heilt som vi hadde vona, mest på grunn av sjukdom.

Fylkeslagets årsmøte
var også i år saman med Vest-Agder, denne gongen på HiA i Kristiansand.

Utsendingar frå Landvik var Anne Elisabeth Havstad, Astrid S. Sandkjær, Johanna Hardeberg og Olav Hardeberg. Per Yngvar Hardeberg møtte naturleg nok for fylkesstyret. Per Yngvar gjekk av som fylkesleiar, men det var ikkje vore råd frå valnemnda å få ein ny leiarkandidat. Årsmøtet gjekk inn for organisasjonssatsinga.

Landsmøtet i Norges Mållag
var i Oslo i april. Utsendingar frå Landvik var Trond Sæbø Skarpeteig og Astrid S. Sandkjær. Møteleiinga var imponerande og ordskiftet friskt. Samstundes med årsmøtet var det nynorsk kulturveke i Oslo med mykje program. Men landsmøteprogrammet var så tett at det var ikkje lett å få med noe meir.

Kulturkveld
Styret vil gjerne ha to kulturkveldar i året. Det blei bare ein, men så blei det ein særskild fin kveld saman med Historielaget på Resvik Bedehus 29. nov. Svein Kleivane framførte dikt av Jakob Sande så vi både lo og grein, og fortalde om diktaren. Godt og vel 70 menneske møtte.

Medlemmer 2002: 66 har betalt kontingent + 1 æresmedlem = 67 stk.

Landvik, 9. januar 2003, Astrid S. Sandkjær