Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Lista Mållag

Lista Mållag


Lista fyr. (Foto: Morgan Kalleberg)

Etter å lege ned ein del år vart Lista Mållag skipa på nytt 22.mai 1986. Laget har heile tida vore lite – med mellom 10 og 20 betalande medlemer. Men det har vore viktig å ha eit synleg nynorsk miljø i distriktet.

Ei stor drivkraft i laget har vore Njål Vere. Han har gjeve ut eit verk på fleire band om Listamålet og om folkeminne i distriktet. Mykje av dette arbeidet har han gjort som pensjonert lektor. Både for nynorsken og for listadialekten vil dette verket vere ei viktig kjelde til kunnskap.

Å ha kontakt med skular og barnehagar har vore viktig i arbeidet til Lista Mållag. Mållaget har med jamne mellomrom gjeve dei nynorske bøker og blad. Elles har laget arbeidd for meir bruk av nynorsk liturgi i kyrkjene.

Kvar vår prøver laget å arrangere ein kulturkveld. Dette har ofte blitt gjort i samarbeid med Lista Ungdomslag og Folkeakademiet. Desse kveldane har vore poplære, og dei har vore nyttige til å få skaffe nye medlemer i mållaget.

Svak økonomi og få medlemer gjer sitt til at vi ikkje har så høgt aktivitetsnivå som vi skulle ynskje.

Styret i 2008-9 er:
Leiar: Randi Lohndal Frestad, Høylandsv. 9, 4580 Lyngdal, tlf. 38 34 53 63/47 01 72 89
Nestleiar: Tor Steinar Fromreide, Kaneheia 54, 4550 Farsund, tlf. 38 39 12 60
Skrivar: Per Steinar Sørheim, Fjordsynv. 14, 4580 Lyngdal, tlf. 38 34 64 48
Kasserar: Birgit Lund, Industriveien 1, 4560 Vanse, tlf. 38 39 36 44
Styremedlem: Olav Løtveit, Brynetoppen 6, 4560 Vanse, tlf. 90 75 03 66

Oppdatert 8. mai 2008