|
Lokallag / Marnar Mållag
Marnar Mållag
Mål og meiningprisen
Mål og meiningprisen er eit samarbeid med Lindesnes Ungdomslag om ein kultur- og oppmuntringspris for dei som gjer tydeleg bruk av språk, dialekt eller andre identitetsberande teikn. Terje Dyrnes la fram framlegg til vedtekter for Mål og Meiningprisen, som blei samrøystes vedtekne på årsmøtet den 5. mars 2002. Målet med prisen er tredelt:
- Å bruke delar av dei avkastningane pengane frå L/L Bondeheimen gjev, til å stimulere vidare dialekt og kulturarbeid i mandalsregionen.
- Profilere arbeidet og ideala frå mål- og ungdomslagsrørsla.
- Å heidre dei framsynte mennene og kvinnene som med idealisme, mot og kraft bygde opp dei store verdiane i L/L Bondeheimen.
Om medlemer og målarbeid
Medlemstalet i laget ligg på 44 betalande medlemer, slett ikkje alle av desse er aktive, men like fullt er me nok eit av dei lokallaga som møter med flest representantar på fylkesårsmøtet.
Arbeidet i laget er fyrst og fremst retta mot kyrkja og skulen; mellom anna fekk Øyslebø skule vitjing av den fine barnebokutstillinga til Noregs Mållag. Me er dessutan eitt av dei eldste laga i landet, og kunne halde ein heidundrande 100-årsfest på Høgtun Kultursenter i 2006.
I styret 2008/9 sit:
Osmund Valand Eikeland (leiar), Johnstonsgt. 21, 4514 Mandal, tlf. 47638838 / ovala@online.no
Trygve Bjerland (kasserar), Heiv. 3, 4517 Mandal
Per Solaas (skrivar), Solås, 4519 Holum
Knut N. Skuland, Skuland, 4534 Marnardal
Bjørgulv Rygnestad, Kjørkekleiva, 4534 Marnardal
Oppdatert 8. mai 2008
|