Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Songdalen Mållag

Songdalen Mållag

Songdalen Mållag vart skipa 5. april 1968. Det er eit lokallag i Vest-Agder Mållag som vidare er fylkeslag i Noregs Mållag. Songdalen Mållag er såleis tufta på same idegrunnlaget og følgjer i store trekk same arbeidsprogramma som til kvar tid blir vedtekne på landsmøta i Noregs Mållag.

Idegrunnlaget femner om norsk språk og kultur. Mållaget arbeider for at folk fritt skal kunne bruke heimemålet sitt (dialekten) både i arbeid og fritid, og ein arbeider for at flest mogeleg skal bruke det nynorske skriftspråket: skriftnormalen for alle talemåls-variantane i heile landet vårt.

Songdalen Mållag har heile tida hatt eit medlemstal ein stad mellom 50 og 100. Nett no har vi vippa under dei 40, men vi vonar å kome på rette sida av 40-talet om ikkje altfor lenge! Hjelp oss gjerne til å nå det målet! Ved skulemålsrøystinga ved Finsland skule i 1977 fekk mållaget gjennomført ein god og grundig opplysningskampanje. Dette førte til stor siger for nynorsken. Ein slapp diverre dårlegare til ved røystinga i 1985. Då vann bokmålet.

Mållaget gjorde framstøyt for å få nynorsk parallellklasse ved Nodeland skole i slutten av 1970-åra – utan hell.

Songdalen Mållag har elles ikkje lagt opp til dei store målpolitiske framstøytane, men har alltid sytt for jamn drift, med eigne årsmøte og utsendingar til fylkesårsmøta, landsmøta og ulike seminar. Dessutan har det heile tida blitt lagt stor vekt på å skipe til ein større kulturkveld kvar haust. Desse kulturkveldane har alltid vore populære og samlar bra med folk, både frå bygda og grannebygdene . . Ein har fleire gonger også skipa til grillkveldar om somrane. Der har ein gjerne hatt natursti og program for born.

Songdalen Mållag er nå med i ei særskild organisasjonssatsing for mållaga på Agder. Denne skal gå over tre år, og det er tilsett eigen reiseskrivar som skal styre opplegga. Ein ser fram til gode resultat av denne satsinga og vonar på god vokster for mållaget vårt. Har du lyst til å bli medlem i mållaget, bør du ta kontakt med styret i laget.

Styret i Songdalen Mållag 2008/9:

Signe Haugstad (tek posten), Rismyrvegen 22, 4645 Nodeland, tlf. 38181297/97612513
Alf Johan Øvland (nestleiar), Øvland, 4646 Finsland, tlfnr. 38180167.
Salve Grindland (kasserar), Grindland, 4646 Finsland, tlf. 38180025
Anna Ø. Follerås (skrivar), Follerås, 4646 Finsland, tlf. 38180285, afollera@hotmail.com
Jorunn Lauvsland (styremedlem), Lauvsland, 4646 Finsland, tlf. 38180040

Oppdatert 8. mai 2008.