Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

Lokallag / Vegårshei Mållag

Vegårshei Mållag

Historikk
Laget blei stifta i 1976. Initiativtakar var Gunnar Hagelia frå Gjerstad Mållag. Første leiar var Tjøstolv B. Espeland. Laget hadde omlag 55 medlemar ved stiftinga, i dag er det 18 medlemar.

Visjon
Ta vare på dialekt, skriftleg og munnleg som del av bygdekulturen. Vår dialekt er ein nynorskdialekt. Vidare vil vi arbeide for å ta vare på nynorsk i skriftleg språk.

Våre arbeidsmåtar og laget sine aktivitetar

  • Lagar og gjer ut eit lokalt årsskrift som heiter ”De e ogoskli”. Bladet har kome ut sidan 1986.
  • Lagar ”Vegårsheikalender” med historiske bilete, saman med Vegårshei historielag.
  • Held ”Norsk Barneblad” til skulen og ”Pirion” til barnehagane.
  • Kjøper ”Tuss og Troll” til barnehagane kvar jul og likeeins til alle elevane i skulen frå 1. – 4. klasse.
  • Har kjøpt inn eitt eksemplar av ”Den nynorske bokskatten” til kvart steg på barneskulen og eitt av dei tri barnehagane i kommunen.
  • Støttar 10. klasse kvart år med pengar til tur til Polen med ”Kvite bussar”.
  • Lagar til faste kulturkveldar saman med Vegårshei Folkeakademi.
  • Har stands eller utstillingar på ulike store arrangement som blir haldne i lokalmiljøet.
  • Sender og betaler for utsendingar til haustseminaret som Aust- og Vest Agder arrangerer saman. Det er og utsendingar til fylkesårsmøta i Aust-Agder Mållag og landsmøta i Noregs Mållag.
  • Har fått innført tre gudstenester i året med nynorsk liturgi i Vegårshei kyrkje.

Oppdatert 28. desember 2004.