Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

arbeidet vårt / Vedtekter for Aust Agder Mållag

Vedtekter for Aust Agder Mållag

Vedtekne på årsmøtet i 1913 med endringar frå årsmøtet i 1926 og 1993.

§ 1
Aust Agder Mållag er ein samskipnad av lag innan fylket som arbeider for å vekkje samhug med måltanken og hjelpe fram det norske folkemålet. Laget har til føremål mellom anna:
a) Få nynorsk inn i skule og kyrkje.
b) Få folk til å lese meir nynorske blad og bøker.
c) Sende i kring menn eller kvinner som kan, gjennom foredrag og samtale vekkje interesse for saka.
d) Hjelpe til med å skipa mållag i bygd og by.
e) På andre måtar fremje norskdomstanken.

§ 2
Medlemer av Aust Agder Mållag kan vere:
a) Mållag som har minst 10 medlemer.
b) Andre lag som godkjenner vedtektene til fylkesmållaget.
c) Einskildmedlemer etter søknad til årsmøtet.

§ 3
Årspengar: Årspengane til fylkeslaget vert fastsett på årsmøtet.

§ 4
Laget skal vere innmeldt i Noregs Mållag. Skulle laget bli oppløyst eller skifte føremål, så det ikkje lenger arbeider i samhøve med § 1 i denne lova, går det som laget eig over til Noregs Mållag, som førebels tek vare på medelen. Skulle det så innan 5 år bli skipa til eit nytt fylkeslag for Aust Agder, og det bind seg til § 1 i denne lova og elles tek ved ei lov som blir godkjent av Noregs Mållag, skal medelen gå til dette laget. Styret i Noregs Mållag avgjer med endeleg verknad dei skjønsspørsmål § 4 gjev høve til.

§ 5
Tilslutta lag skal kvart år innan utgangen av mars sende årspengane med meldinga om arbeidet i året som gjekk. Lag som ikkje har gjort dette for dei tre siste åra, går ut.

§ 6
Styret skal kalle saman til årsmøte minst 14 dagar føreåt. På årsmøtet skal styret legge fram årsmelding og ettersett rekneskap. Årsmøtet avgjer dei saker som blir førelagt av styret eller som er innkomne til styret frå eit mållag minst 14 dagar føre årsmøtet. Lokallaga har rett til 2 utsendingar for dei fyrste 20 medlemene, deretter 1 utsending for kvar nye påbyrja 20 medlemer. Ikkje noko lag kan ha Står røystetalet likt, gjer formannens røyst utslaget. Elles kan alle målfolk vere med på årsmøtet.

§ 7
Årsmøtet vel formannen ved serskilt val for 1 år av gongen Dessutan vel årsmøtet 4 andre styremedlemer med varamenn for 2 år av gongen. Likevel slik at 2 går ut skiftvis kvart år. 2 ettersynsmenn skal også veljast.

§ 8
Styret vel sjølv nestformann, kasserar og i tilfelle skrivar. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er tilstades. Det skal føre bok over alt som blir gjort på årsmøtet og i fylkeslaget, sette i verk ting som årsmøtet har gjort vedtak om og sette opp arbeidsplan og budsjettframlegg.

§ 9
Lovendringar kan berre bli gjort på vanleg årsmøte og krev 2/3 fleirtal av dei sendemennene som møter. Framlegg til lovendring må vere komne til styreformannen så tidleg at dei kan bli kunngjorde for medlemene seinast 1 månad før årsmøtet.

§ 1 og 4 kan ikkje endrast utan samtykke frå styret i Noregs Mållag.