Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

arbeidet vårt / Lov for Vest-Agder Mållag

Lov for Vest-Agder Mållag

Vedteke på årsmøtet i Vest-Agder Mållag 1991, med endring 1994.

§ 1 FØREMÅL
1. Vest-Agder Mållag (VAM) vil samla folk i Vest-Agder til å arbeida fram den norske målreisingstanken.
2. VAM er ein samskipnad for mållaga i Vest-Agder fylke og i Iveland og Evje og Hornnes kommune.

§ 2 MEDLEMSKAP
1. VAM er eit fylkeslag i Noregs Mållag (NM).
2. Dersom fylkeslaget eller eit av lokallaga vert oppløyst, eller endrar føremål så laget ikkje lenger kan stå i NM, fylgjer ein føresegnene og lovene NM har for slike høve.

§ 3 ÅRSMELDING
Lokallaga skal innan fastsett dato senda årsmelding til fylkeslaget etter føresegner frå NM. Likeeins skal fylkeslaget senda årsmelding til NM.

§ 4 ÅRSMØTET
1. Årsmøte i VAM skal haldast kvart år innan 1. mai.
2. Lokallaga har rett til 2 utsendingar for dei fyrste 20 medlemene, deretter 1 utsending for kvar nye påbyrja 20 medlemer. Ikkje noko lag kan ha meir enn 6 utsendingar. Målungdomslag har same rettar som lokallag. Styret i VAM har same rettar som utsendingane.
3. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret, eller 1/3 av lokallaga krev det.
4. Innkallinga til årsmøte/omframt årsmøte skal sendast til lokallaga minst 4 veker på førehand. Sakliste og sakspapir seinast 2 veker på førehand.
5. Årsmøtet skal handsama: Årsmelding, revidert rekneskap, budsjett, årspengar og arbeidsplan for komande år, og andre saker som styret legg fram.
6. Årsmøtet vel ordstyrar, møteskrivar og 2 av utsendingane til å skriva under møteboka.
7. Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemer og 3 varamedlemer til styret. Leiaren vert vald særskilt for eitt år om gongen. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, slik at 2 er på val kvart år. Varamedlemene vert valde i nummerrekkefylgje for eitt år om gongen.
8. Årsmøtet vel 2 revisorar for eitt år, utsendingar til landsmøtet i NM og 3 medlemer med personlege varamedlemer til valnemnd.
9. Alle val skal gjerast i samsvar med lovene til NM. Tilsette i VAM kan ikkje ha verv i fylkeslaget.

§ 5 STYRET
1. Styret vel seg i mellom nestleiar, skrivar og andre etter som det trengst.
2. Styret eller årsmøtet kan setja ned dei nemnder og særutval dei finn det tenleg å ha.
3. Om styret finn det tenleg, kan det velja eit arbeidsutval (AU). Au skal til vanleg ha 3 medlemer. Leiaren bør vera med i AU, elles kan medlemer og varamedlemer til styret veljast. Tilsett skrivar møter i AU, men er ikkje medlem. AU skal: A) Førebu saker for styret. B) Avgjera mindre saker etter føresegner frå styret. C) Føra møtebok.
4. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst 2 av styremedlemene er til stades.
5. Alle vedtak i styret skal førast i møteboka.

§ 6 LOVENDRING
1. Framlegg til lovendring må kunngjerast for lokallaga minst 4 veker før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta framlegget med 2/3 fleirtal.
2. Styret må melda lovendringar til NM.