Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Midt i nynorskland

Midt i nynorskland

I Åmli er det nesten berre nynorsk å sjå. Her representert ved klasse 8B ved Åmli skule. (Foto: Trond Sæbø Skarpeteig)

Klasse 8B ved Åmli skule har hatt nynorsk gjennom heile skulegongen. Det kan ikkje vere mykje å snakke om.

– Det er greitt å ha nynorsk, men me forstår ikkje alle orda, seier elevane i klasse 8B på Åmli skule. Ein tysdagsføremiddag midt i mars stiller heile klassa opp til intervju med Norsk Tidend. Emnet er nynorsk. Eigentleg er det eit emne dei sjeldan snakkar om. Nynorsken berre er der, og slik er det.
– Det er i alle tilfelle lettare for oss som har bokmål som sidemål, for bokmål får me inn over alt, seier dei. Nokon meiner at det dessutan er lettare å skriva nynorsk når dei pratar dialekt.
– Far min seier «Sjå og Høyr»! Er ikkje det stilig?!, legg ein til.

Sidemålet og nynorsken
– Unge Høgre sankar røyster i valkampen med slagordet «La dem raute nynorsk bare vi slipper». Kva synest de om slik argumentasjon?
– Det er dumt å seia slikt, seier dei.
– Nynorsk er ikkje fjøsmål!
– Er det noko gale med fjøs då, spør ei av jentene. Fjøs er flott!
– Me vil i alle fall ikkje stemma på Unge Høgre!, ropar ein gjeng.

Stilige ord
– Har de nokon favorittnynorskbrukar?
Dei kjem på fleire favorittar, og dei er slett ikkje samde om alle.
– Asgeir er kul. Pratar ikkje han dialekt? Og han Brimi har flott dialekt! Og så er det ei hallodame som er veldig bra. – Det er ei dame på radio som skarrar. Ho er fin nynorskbrukar. Oluf er kul. Og Raymond – han frå Østfold eller noko slikt – han er stilig, slår Lena fast.

– Veit de om nokon stilige ord på nynorsk?
- Fluge, svarar Veronika. Og so seier me kokle for kongle. Det er stilig, ikkje sant? Det er Åmlimål. Jordeple for potet er tøft. Men ljos er teit. Og ikke og jeg i bokmål er teit.

– Kva tenkjer de om å halda fram med å skriva nynorsk etter ungdomsskulen?
– Det har me ikkje tenkt noko på, seier ei, før halve klassen protesterer og svarar at det har dei tenkt på.
– Kvifor skal me skifta til bokmål? Det er vel ikkje noko finare enn nynorsk, seier Lena. Dei fleste elevane seier at dei har tenkt å halda på dialekten si uansett kvar dei flyttar.

Trond Sæbø Skarpeteig
trond@nm.no