Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / På høg tid

På høg tid!

(03.09.04) - Kan ikkje agderbispen nynorsk? Likar han ikkje nynorsk? undrar Aslak T. Fjermedal, leiar i Vest-Agder Mållag. Det er på høg tid at nynorsken får sin rette plass på Agder, seier Fjermedal.

Norsk lov seier at Agder bispedøme etter samanslåing med Telemark bispedøme må gå over til nynorsk administrasjonsspråk. Agderbispen ynskjer dispensasjon frå lova.

- Dette er underleg, seier Aslak T. Fjermedal. Kvifor ynskjer dei unnatak frå lova? Kan dei ikkje nynorsk kan dei godt få hjelp! Er det derimot negative haldningar til nynorsk som er årsaka er det meir alvorleg.

Lat oss tenkja oss at oslobispen søkjer fritak for å sleppe bokmål! Agderbispen bør heller gle seg over dette. Det er svært gledeleg at egdene no får møte nynorsken utanfor skulen, avsluttar Aslak T. Fjermedal.

Kontakt Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07, afjarm@c2i.net eller kontakt reiseskrivaren for Mållaga på Agder, Trond Sæbø Skarpeteig, på 9005 8182 eller trond@nm.no.