Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Krev nynorsk på Evje

Krev nynorsk på Evje

04.09.03: Setesdølen skriv følgjande om oppropet i Evje og Hornnes:

Evje og Hornnes har i dag status som språknøytral kommune. Det vil seie at dei kommunetilsette står fritt til å bruke bokmål eller nynorsk, men i praksis bruker det aller meste av administrasjonen bokmål i saksutgreiing. No har over hundre av innbyggjarane skrive under på krav om at det nye kommunestyret igjen skal gjere nynorsk til offisielt administrasjonsspråk. Aksjonen vart sett i gang for nokre dagar sidan, og har alt fått stor oppslutning. (Foto: Alf Andersen)

Kommunesenteret i Evje og Hornnes. (Foto: Alf Andersen)

Listetoppar frå Arbeidarpartiet, SV og Demokratane krev no nynorsk som administrasjonsspråk i Evje og Hornnes. Owe Wathne frå Ap er den einaste ordførarkandidaten som har skrive under på kravet som kjem som eit innspel midt i valkampen. Aksjonen har som mål å få det nye kommunestyret til å omgjere det etter kvart gamle vedtaket om at Evje og Hornnes kommune skal vere språknøytral. Det har i praksis ført til at administrasjonen bruker bokmål.Aksjonen har såvidt kome i gang før 114 menneske har skrive under. Blant desse er altså både Owe Wathne frå AP, Anne May Andersen som er listetopp i SV og Henry Rosseland som tronar øvst på lista til Demokratane. Verken ordførar Bjørn Robstad frå KrF eller Senterpartiet sin ordførarkandidat Endre Refsnes har skrive under. Begge synest dagens nøytralitetsvedtak er greitt nok. Høgre sin ordførarkandidat, Lars Reidar Vasland seier at han har lite til overs for aksjonen.