Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Skulemålsrøysting i Mykland

Vedtak om røysting i Mykland

(05.02.03) Kommunestyret i Froland (Aust-Agder) vedtok den 4. februar å gjennomføra ei rådgjevande folkerøsyting om skulemålet i Mykland. Vedtaket vart gjort utan at det var samla inn underskrifter i befolkninga, og det kan vera grunn til å stilla spørsmålsteikn ved kommunestyret sin framgangsmåte i denne saka. Det kan sjå ut til at politikarane vil gjera vedtak i denne saka utan å rådføra seg med befolkninga, seier reiseskrivar i Mållaga på Agder, Trond Sæbø Skarpeteig.

Å fjerne nynorsken i barneskulen i Mykland vil vera ei bjørneteneste mot borna, seier Eystein Greibrokk i Aust-Agder Mållag. Alle må læra både bokmål og nynorsk i skulen, og dei som byrjar med nynorsk har mange fordelar. Opplæring i nynorsk gjev borna betre forståing og toleranse for språkleg mangfald.

Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane. Alle skriftspråk er konstruerte ut frå eit eller anna talemål. Nynorsken er laga på ein flott måte. Ivar Aasen har funne fram til fellestrekka i dialektane i heile landet, og bygt eit skriftspråk på desse. Difor liknar ikkje nynorsken hundre prosent på nokon enkelt dialekt, men har fellestrekk frå alle. Dette er ein moderne måte å laga eit skriftspråk på. Nynorsken styrkjer det språklege mangfaldet på Agder, seier Greibrokk.

Ungane vil få det lettare i norskundervisninga seinare. Elevar med nynorsk som hovudmål i barneskulen får også betre karakterar i gjennomsnitt i norsk på ungdomsskulen, avsluttar Greibrokk, og oppmodar innbyggarane i Mykland til å røysta for nynorsk.