Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Demokratane krev nynorsk

Demokratane krev nynorsk

04.09.03: Vårt land skriv følgjande om oppropet i Evje og Hornnes:

Listetoppar frå Arbeidarpartiet, SV og Demokratane krev no nynorsk som administrasjonsspråk i Evje og Hornnes. Aksjonen har som mål å få det nye kommunestyret til å omgjere det etter kvart gamle vedtaket om at Evje og Hornnes kommune skal vere språknøytral. Det har i praksis ført til at administrasjonen brukar bokmål, skriv Setesdølen.

Både ordførar Bjørn Ropstad frå KrF og ordførarkandidaten frå Sp seier seg nøgde med nøytraliteten, medan ordførarkandidat Lars Reidar Vassland frå Høgre seier at han har lite til overs for aksjonen.

På leiarplass slår Setesdølen, uavhengig, fast at fleire i kommunen nyttar nynorsk enn nokon gong, jamvel i næringslivet, og at ein kommunevalkamp må vere rette tidspunktet for å ta opp slike spørsmål.