Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Styrk sidemålsopplæringa!

Styrk sidemålsopplæringa!

Av Bjørg Ragnhild Loftesnes, leiar i Aust-Agder Mållag, 7. mai 2004

Regjeringa kjem i stortingsmeldinga ”Kultur for læring” med eit alvorleg åtak på sidemålsordninga. Regjeringa vil ta bort skriftleg eksamen i ungdomsskulen og vil gjere sidemål til trekkfag i vidaregåande skule. Statusen til sidemålet vil verte nedvurdert i skulen om dette skjer. Jamstellingsvedtaket frå 1885 som seier at nynorsk og bokmål er likeverdige språk, vil også vere i fare om sidemålet får mindre plass i skulen. Slik det er i dag er det nynorsk som svært ofte er sidemål for elevane, spesielt i vidaregåande skule. Dette er difor først og fremst eit åtak på nynorsk. Nynorsk er ein viktig del av kulturarven vår og bygger på dialektar frå heile landet. Som kulturnasjon vil me vil verte mykje fattigare om det «norske folkespråk» forsvinn.

Med innføring av nasjonale prøver i lesing, skriving, matematikk og engelsk for alle elevar på 4, 7 og 10 trinn i grunnskulen og første året i vidaregåande opplæring, ser skulen ut til å verte sterkt prega av vurdering. Erfaringar frå andre land som har brukt liknande prøver, viser at dei fag som ikkje vert vurderte, vert nedprioritert i undervisninga. Dersom det berre er hovudmål som skal ha skriftleg vurdering i ungdomsskulen er dette også ei kraftig degradering av sidemålet.

Undervisningsminister Kristin Clemet har vore svært opptatt av at norske elevar har gjort det dårlegare på ulike testar der til dømes dei finske skuleelevane har gjort det bra. I Finland må alle elevar lære både finsk og svensk. At norske elevar må lære både nynorsk og bokmål kan ikkje vere grunnen til at ein gjer det dårlegare enn grannelanda i slike testar. Det er sjølvsagt mykje lettare for norske elevar å lære seg nynorsk enn for finsktalande elevar å lære seg svensk.

Nynorsk er ein svært viktig del av identiteten og målføret til mange av innbyggarane i Agder. I fleire av kommunane er nynorsk offisielt språk. Om elevane ikkje får god nok sidemålsundervisning, vil dei seinare ha store vanskar med å kunne meistre ein jobb i fleire av kommunane i heimfylket sitt.

Eksamen er eit mål for elevane og derfor vil dei faga som skal vurderast med avsluttande eksamen vere dei som elevane vil prioritera. Dette vil også verte speila i undervisninga. Kan henda at sidemålet allereie er eit fag som mange elevar ser på som unødvendig og som dei ikkje prioriterar høgt nok. Men dette kan også vere av di undervisningsformene ikkje har vore gode nok. Ein må heller gå vegen om å styrke lærarutdanninga og sjå på dei forsøka som er gjort rundt i landet for å betre sidemålsundervisninga.

Holmlia skule sør for Oslo er ein slik forsøksskule der ser ein at meir sidemål i skulen fører til at elevane er positive til faget. Undervisningsmateriell på sidemål i fleire fag og meir fokus på nynorsk som kulturberar er stikkord her. Også i Åndalsnes har ein gjort slike forsøk på ungdomsskulen. I Aust-Agder har ein på Barbu vidaregåande skule sett fokus på sidemålsundervisninga og prøvd ut nye metodar. Det syner seg at elevane får betre karakterar både i sidemål og hovudmål når sidemålsundervisninga vert prioritert. Grunnen til dette er at ein vert flinkare i norsk om ein lærer meir norsk. Og norsk er nynorsk og bokmål slik det har vore sidan 1885.

Mange trur at framandspråklege elevar får store vanskar med å lære seg begge språka, og bruker dette som eit argument for å fjerne sidemålsundervisninga slik ein ser i Oslo. Framandspråklege elevar kan slik ordninga er i dag få fritak for sidemålsundervisninga uansett. Men forsøk frå Holmlia skule i Oslo viser at framandspråklege elevar lærer sidemålet like lett som norskspråklege elevar, berre undervisningsopplegget held mål.

Eit anna argument som kjem fram i debattane om sidemål er at viss ein fjernar sidemålet kan elevane konsentrere seg om hovudmålet, og unngå lese og skrivevanskar. Like fullt fins det inga forsking som kan kople sidemålet til lese- og skrivevanskar. Ei ekspertgruppe frå Europarådet har i staden peikt på den norske fleirspråksituasjonen som eit gode for allmenn språkopplæring. Sidemålet handlar om å sjå på den norske språksituasjonen som ein ressurs. I Noreg er kunnskap i nynorsk og bokmål viktige delar av allmenndanninga. Kvaliteten på norskundervisninga vert ikkje betre ved at ein reduserer innhaldet i faget.

Eg vil oppmoda stortingsrepresentantane «våre» til å stemme mot regjeringa sitt framlegg og sjå til at elevane i skulen framleis må gjennom eksamen i både hovudmål og sidemål slik at dei er kvalifiserte til å jobbe i alle kommunar i fylket. Også dei nasjonale prøvene må gjennomførast i begge språk for alle elevar. Lærarar og elevar må sjå nytta av å kunne heile det norske språket, ikkje berre delar av det. Dess meir norsk ein lærar, dess betre vert ein i norsk. Språk er makt, språk er identitet og nynorsk er ei kulturarv som er sterkt knytt til identiteten i heile indre Agder.