Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / - Ver stolt av nynorsken!

- Ver stolt av nynorsken!

Bjørg Ragnhild Loftesnes

(10.02.03) - Eg vil arbeida for at nynorsken skal få større utbreiing, seier Bjørg Ragnhild Loftesnes.

Bjørg Ragnhild Loftesnes (38) frå Vegårshei er valt til ny leiar i Aust-Agder Mållag. Til vanleg arbeider ho som lærar på Åmli skule.
- Folk må vera glade for at me har nynorsken. Nynorsk er eit rikare språk, med fleire nyansar og større ordrikdom enn bokmål. Nynorsken har lange røter og tradisjon her i Noreg, og bygger i mykje større grad på talemål enn det bokmål gjer, seier Loftesnes.

Den nye leiaren ser at det er mange viktige arbeidsområde som ventar.
- Froland kommune har no bestemt at det skal vera folkerøysting i Mykland. Skulemålet i Mykland er viktig for oss, og eg vil at folk skal velja nynorsk, seier Bjørg Ragnhild Loftesnes. No har dei jo hatt nynorsk i generasjonar, og ein bør ikkje bryta ein god tradisjon, smiler Bjørg Ragnhild Loftesnes!

- Sjølv om alle må kunna skriva nynorsk, er det mange som ikkje kan det. Folk vil ha det så enkelt som mogleg - alt skal gå så fort. Ein må nok jobba litt meir, når ein skriv nynorsk. Men språket er eit veldig viktig uttrykksmiddel, og det me gjev i frå oss bør jo vera så godt som råd er for vår eigen del. Alle har eit språk, og det er tett knytta opp mot personlegdomen vår. Me utleverer noko av oss sjølve gjennom språket me brukar, framhevar Loftesnes.

Den nye mållagsleiaren har fleire visjonar for målsaka i Aust-Agder.
- Eg håpar at fleire vil sjå kor viktig nynorsken er i norsk kultur, og kor viktig språk er.