Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / song- og bokkveld

Koseleg song- og bokkveld på Byremo, Vest-Agder!

Inger Lise Stulien Grindheim og Tingvatn Mållag inviterte i samarbeid med Grindheim Bondekvinnelag til song- og bokkveld på Byremo folkebibliotek 4. desember. Det vart ein sers triveleg kveld med om lag 40 menneske, hovudsakleg frå Byremo, til stades. Songaren Inger Lise Stulien framførte fyrst ein bolk med 11 songar frå barnesongboka «Song for deg og meg» i potpurre. Deretter vart det rungande allsong. Ungar heilt ned til tre årsalderen og opp til 7. klasse deltok saman med vaksne, og i pausen var det songleikar. Mållaga og Bondekvinnelaget serverte kakao og vaflar, og kvelden vart avrunda med ein bolk med jolesongar.

Resultatet er positivt for Blåmann Barnebokklubb. Fleire teikna seg som nye medlemer i bokklubben, og Grindheim bondekvinnelag overrekte 1000 kroner til skulesjefen i Audnedal, Steinar Fuglestveit, til innkjøp av nynorske barnebøker for Byremo barneskule!

Trond Sæbø Skarpeteig, Reiseskrivar