Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Røyst nynorsk i Mykland!

Røyst nynorsk i Mykland!

(11.04.03) Leiar i Aust-Agder Mållag, Bjørg Ragnhild Loftesnes, oppmodar alle om å røysta på nynorsken.

Mykland er den einaste skulekrinsen i Froland kommune som har nynorsk som opplæringsmål. Nå skal dette røystast over, og ungane står i fare for å miste denne språklege fordelen. Mykland er ei utkantgrend og har difor sitt eige særpreg både kulturelt og språkleg, dette er noko grenda burde sjå som ei styrke. At resten av kommunen har bokmål er ingen grunn til at Mykland skal gjere det same. Kvifor har ikkje heile Froland nynorsk? Ja, kvifor skrive som om du kom frå Oslo? Kvifor vil nordlendingar, trønderar, hedmarkingar, grenlendingar, sørlendingar - alle desse som ikkje tykkjer særleg om «Oslo» og «sentralmakta» - kvifor vil dei alle saman skrive som om dei høyrde til «Oslo»?

Kulturdepartementet melde i 1998 at den tidlegare offentlege politikken om å smelta dei to skriftspråka i hop er daud! Norsk offisiell språkpolitikk er å ha to jamstelte riksmål i lang tid framover. DET VIL SEIA AT ELEVANE SKAL LÆRA Å SKRIVA BOKMÅL OG NYNORSK UANSETT! Spørsmålet vert då: Skal elevane få ei utdanning som gjer dei flinke både i bokmål og nynorsk, eller skal dei få ei utdanning som gjer dei flinke berre i eitt?

I framtida vil eit fleirtal av folket ha språket som arbeidsreiskap - nynorskelevane blir mykje meir språkleg medvitne enn dei som berre kan bokmål (media. reklamebransjen, skulen osv) og når ungane som har nynorsk i skulen er ferdige kan dei skriva båe språka like godt og er dermed meir og betre kvalifiserte til ei rad jobbar der språket er hovud reiskap!

Nokre meiner det er mange rare, merkelege og unaturlege ord i nynorsken og er redde for at det å velje nynorsk skal føre til at ungane skal skilja seg ut. MEN ingen reagerer på bruk av engelske ord. Det er berre NORSKE ord vi reagerer på. Såleis vil dei fleste meina at * Kringkasting er naturleg, medan broadcasting er unaturleg * overhead er naturleg, medan skriftkastar er unaturleg

Med andre ord: Eit engelsk ord (broadcasting) er unaturleg, medan eit anna engelsk ord (overhead) er heilt naturleg. Dette fortel oss at ord har ingenting med natur å gjera - det handlar berre om vane. Når ungane lærer NORSKE ord tidleg i skulen, blir orda nettopp vanlege for dei og dei oppfattar med kvart orda som «naturlege». Ungar er i utgangspunktet ufatteleg læreviljug når det gjeld språk. Og ungar har ingen fordommar når det gjeld språk - eventuelle fordommar lærer dei seg seinare; av vaksne!

Skulen har til føremål å læra ungane språk. Særleg gjeld dette å læra ungane NYE ORD. Kvar einaste dag lærer ungane nye ord og ingen reagerer på det. I alle fall ikkje ungane, snarare tvert i mot!

Nynorsk bygger på talemålet i heile landet og stør opp om dialektane. Kvifor skal ikkje ungane i Mykland framleis få gleda av å skrive nynorsk og finne att mange av de orda som har vore mykje brukt i krinsen? Kva grunnar er det til at einsrettinga i språket skal gå endå fortare enn det den allereie gjer? Kva meiner de er best for det språklege mangfaldet i krinsen? Er de for eit mangfald vil de også velje nynorsk.

Dessutan hugsar alle foreldre som har vakse opp med bokmål korleis dei sleit med nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. Alle foreldre som voks opp med bokmål som sidemål hugsar kor lett dei hadde for å skrive begge skriftmåla. Kvifor ikkje unne ungane den fordelen at dei slepp å få same problema med sidemål og heller velja nynorsk frå 1. klasse?

Bjørg Ragnhild Loftesnes
Aust-Agder mållag