Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Kristiansand er også ein by for nynorsk!

Kristiansand er også ein by for nynorsk!

Vervegiroen frå Mållaget i Kristiansand

(11.09.04) OPPROP: Mange som bur i byen kjenner seg heime i nynorsken. Kristiansand er ein tilflyttingsby, og byen bør ynskje alle velkomne og vise seg som ein norsk storby og som hovudstad for heile Agder.

Engelsk spreier seg på fleire og fleire samfunnsområde. Dette trugar norsk og tusenvis av andre språk i verda. Skal norsk språk ha ei framtid, må me som reknar oss som norske, ta i bruk det norske språket. Det er ikkje Los Angeles og Islamabad som trugar norsk kultur. Det er me norske som kan velje dette bort.

Men me kan velje annleis. Di meir nynorsk me brukar, di sterkare står norsk språk i framtida. Nynorsken sikrar det norske språkmangfaldet og kulturtradisjonane for framtida.

Skriv under for meir nynorsk i Kristiansand!

Me ynskjer

  • barnehagar som skaffar seg kunnskap om og tar i bruk den store nynorske barnebokskatten
  • at Fædrelandsvennen og NRK Sørlandet skal bruke meir nynorsk
  • at Kristiansand kommune skal støtte arbeid med å opprette nynorske klassar i barneskulen
  • at Kristiansand kommune skal bli språknøytral

Send underskrifter og namn på nye medlemer til Mållaget i Kristiansand ved Anne Austad, Pb. 617, 4665 Kristiansand. Du kan også senda dei til oss på trond@nm.no eller anne.austad@hia.no. Nye medlemer i NMU skal sendast til skriv@nynorsk.no.