Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / – Nynorsk ubetydeleg som mediespråk om 20 år

(11.09.04) Finn Holmer Hoven til Mållaga på Agder:

– Nynorsk ubetydeleg som mediespråk om 20 år

Mange norske aviser skriv ikkje nynorsk sjølv om dei dekkjer regionar der nynorsk er skriftspråket. Holmer Hoven meiner nynorsk som mediespråk ikkje går ei lys framtid i møte.

Tor Hallvard T. Mosdøl
torhamar@hotmail.com

- Viss me er i stand til det prøver Fædrelandsvennen å ha ein del av artiklane på nynorsk, men dette er ikkje eit felt me prioriterer høgt, i likskap med mange andre norske aviser, uttalar sjefredaktøren.

Johs Bjørkelid, som dekkjer Setesdalsregionen, vert ifølgje Holmer Hoven oppfordra til å bruke nynorsk når intervjuobjekta, sitat: ”er nynorsktalande og frå nynorskbrukande regionar”. Men Bjørkelid, som er den einaste i Fædrelandsvennen som skriv nynorsk, har ingen krav til kor mykje han skal skrive på nynorsk. Holmer Hoven meiner likevel nynorsk vil eksistere som mediespråk om 20 år.

- Så lenge nynorsk eksisterer som talespråk i ulike regionar, vil og journalistar bruke det i media. Men at nynorsk vil ha betydning som mediespråk ser eg på som lite sannsynleg.

Forundra
- Dette høyrest merkeleg ut, kommenterer tidlegare leiar i Mediemållaget, og noverande journalistlærar ved Mediehøgskolen Terje Skjerdal. Den tidlegare Vårt Land-journalisten meiner Holmer Hoven ikkje følgjer med i språkutviklinga.

- Utviklinga går faktisk i andre retninga, fortset Skjerdal og viser til at Noreg i dag har over 50 aviser som berre brukar nynorsk som språk.

Men har det noko føre seg å ha nynorsk i avisene på Sørlandet?

- Det synast eg absolutt. Mange av dialektane på Sørlandet generelt og i dekningsområdet til Fædrelansvennen ligg tett opp til nynorsk. Av den grunn bør me rekne med at journalistane i Fevennen og andre aviser skal kunne skrive nynorsk.

På Sørlandet er Setesdølen den einaste avisa som er heilt nynorskspråkleg. Agderposten er i tillegg til nemnde Fædrelandsvennen dei to avisene som har enkelte artiklar på denne målforma.

Urban byavis
Til lesarar som er redde for meir nynorsk i Fædrelandsvennen har Holmer Hoven følgjande beskjed:

- Avisspråket vårt er bokmål. Det vil det fortsetje å vere. Det har sin bakgrunn i at me i utgangspunktet er ei urban byavis for Kristiansand. Holmer Hoven føyer til at etter avisa etter 2.verdskrigen utvida dekningsområdet utover Kristiansand by, har ein forsøkt å ha litt av stoffet på nynorsk.

Skjerdal ler av Holmer Hoven sin påstand om urban avis:

- Viss Fædrelandsvennen skal kunne kalle seg ei urban avis, som Homer Hoven kallar det, må dei ta konsekvensen av det. Byen har mange nynorskspråklege studentar på Høgskulen, og massevis av innflyttarar som er positive til nynorsk.