Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / To språk - plage eller ressurs?

To språk - plage eller ressurs?

11.11.03: Av Martin Skjekkeland professor Høgskolen i Agder

SYNSPUNKT 11. NOVEMBER 2003, FEDRELANDSVENNEN
Bør den skriftlege delen styrkast i staden for å svekkast?

I om lag 120 år har me levd med to skriftmål her i landet. Det var Venstre med Johan Sverdrup i spissen som i 1885 fekk Stortinget med på å vedta det berømte forslaget: «Regjeringen anmodes om at treffe fornøden Forføyning til at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

Dette vedtaket er sidan alltid blitt sett på som den formelle godkjenninga av Ivar Aasens landsmål som offisielt jamstilt riksspråk i Noreg. Den første tida etter jamstillingsvedtaket (1885) var det lite folk merka til den tospråkstilstanden landet var kome i. I 1907 vedtok Stortinget (etter 3 dagars debatt) at gymnasa skulle ha ei obligatorisk skriftleg prøve i sidemålet. Dette vedtaket vekte ein beisk strid. Det var naturleg, for gymnasa var på denne tida typiske by-skular der dei fleste elevane kom frå borgar- og embetsmiljø. Debatten om dei to språka si stilling i gymnaset hadde for alvor gjort folk merksame på kva det ville seia å ha to sidestilte språk i landet.

Nå er det ikkje uvanleg at nasjonalstatar har meir enn eitt offisielt skriftmål: Belgia, Finland og Canada har to, og Sveits har til og med fire offisielle språk. Det spesielle med Noreg er at dei to målformene bokmål og nynorsk er så like kvarandre at det ikkje er problem med å forstå det målet ein sjølv ikkje brukar som sitt personlege skriftmål.

Det finst dei som ser på Ivar Aasens arbeid som ei ulykke for landet: Dette at han skapte eit nytt skriftmål og ved det la grunnen for ei utvikling fram mot den to-språksituasjonen me i dag har i skule og samfunnsliv. Forlagsdirektør og kulturdebattant Henrik Groth uttalte til NRK/Radio i 1973:

Norge har vært utsatt for to fatale ulykker. Svartedauden og Ivar Aasen.

Og det er ikkje til å koma utanom at mange ergrar seg over at det er nødvendig å ha to sidestilte skriftmål i eit lite land som vårt, og argumenta er mange: Det er svært kostbart at statleg materiell må trykkast på begge målformer, at lærebøker i vidaregåande skule må liggja føre på bokmål og nynorsk til same tid, at NRK må tilsetja spesielle nynorskmedarbeidar osv.

Mange er dei som meiner at sidemålet i vidaregåande skule (som helst er nynorsk) tek merksemda bort frå hovudmålet. Mest kvart år kjem det frå ymse hald opp forslag om å gjera skriftleg sidemål valfritt i den vidaregåande skulen. Denne hausten har denne debatten vore ekstra intens. Professor Finn-Erik Vinje har gått sterkt ut med argument for å ta bort obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning i skulen. Han meiner at nynorskundervisninga tek for mykje tid, og at dette går ut over innlæringa av hovudmålet (bokmål).

Jamvel visse nynorskbrukarar, som t.d. Per Ståle Lønning (TV 2), har hevda at oslofolk bør bli fritekne for obligatorisk nynorskundervisning. Lønning hevda i ein NRK-debatt at nynorsken blir rekna for eit hat-fag i skulen. Det er greitt nok å lesa nynorsk litteratur, meiner nynorsk-motstandarane, men å måtta læra å skriva nynorsk, er urimeleg!

Kva kan så nynorskfolket svara på dette? Kvifor held dei hardnakka på at alle i vidaregåande skule skal kunna skriva begge dei to målformene våre?

Som nynorskmenneske vil eg sjølv overta argumentasjonen her: Språket i eit land blir som oftast sett på som det viktigaste nasjonale uttrykket; i språket ligg mykje av både den nasjonale og den personlege identiteten. I alle land, der ein har eit språk som folk kjenner som sitt, vil ein verna om dette språket med nebb og klør!

I vårt land er det slik at dei to målformene, bokmål og nynorsk, har heilt ulike utgangspunkt. Bokmålet hadde sitt utgangspunkt i dansk språk og dansk embetsmannskultur. Dansken var overklassen sitt språk i Noreg. Nynorsk, derimot, blei i utgangspunktet bygd på dei norske bygdemåla, seinare kom også dialektane i byane med i norma. Nynorsken kom såleis til å bli eit samlande uttrykk for folkemålet og den folkelege kulturen i Noreg.

Alle veit at også bokmålet av i dag fungerer greitt som skriftmål for det breie lag av folket. Mange vil likevel hevda at nynorsken er det eigentlege uttrykket for mykje av det norske i kulturarven vår. Og på nynorsk er det skapt ein litteratur som i høg grad omhandlar norsk arbeidsliv og folkeliv, levesett og tenkemåte (Vinje, Garborg, Duun, Vesaas o.a.)

Når me nå ein gong har ein tradisjon med to målformer her i landet (nokre vil seia: ein tokulturell tradisjon), så skulle det bare mangla at ikkje me, som ein moderne demokratisk stat, skulle verna om begge desse sidene ved kulturarven vår! Og som nemnt ovanfor: Det nynorske skriftspråket er det viktigaste kjennemerket på den nynorske kulturen. For å få full innsikt i denne kulturen bør det høyra med at ein kan skriva språket. Berre ved å skriva nynorsk vil ein kunna få full innsikt i prinsippa og tenkemåten bak dette språket: samsvaret mellom tale og skrift i grammatikken og den enkle stilen, bygd direkte på norsk talemål.

Eg vil også meina at det å ha to skriftmål er ein fruktbar språkleg situasjon for landet vårt. Me har to rike kulturtradisjonar som kan støtta opp om kvarandre. Å ha to språk gjer at me blir meir språkleg medvitne enn me elles ville ha blitt. Folk blir vane med å sjå ulike språklege variantar i skrift. Dette fører i neste omgang til at også variasjon i talemålet blir akseptert. Resultatet er at dialektane får blomstra meir hjå oss enn i dei fleste andre land. Ein god del norsklærarar vil også hevda at nynorsk som sidemål ikkje skader bokmålet, snarare tvert om: Kunnskapar i nynorsk kan hjelpa den som skriv bokmål, til å få eit enklare og meir talmålsnært skriftmål.

I staden for å svekka nynorsken som uttrykk for ein viktig del av kulturen vår ved å ta bort skriveopplæringa, bør ein heller styrka denne delen av faget. Og mykje kan nok gjerast for å få til ei betre nynorskopplæring. Tidt blir nynorsken inneklemd mellom alt det andre som skal ha plass i norskfaget. Resultatet kan bli pugging av ord, reglar og bøyingsformer.

For å få elevane motiverte til å læra nynorsk skriftmål, må ein etter mitt syn i høgare grad ta dei med bak dette språket. La dei få greie på kvifor me har to språk her i landet. La dei bli kjende med Ivar Aasens tanke om eit språk for allmugen (les: vanlege folk). La dei få læra om den rike kulturen som er knytt til nynorsken (litteratur, teater). La dei få oppdaga at nynorsken byggjer direkte på norsk talemål i grammatikken og ikkje minst i stilen!

Mange lærarar får dette til på ein fin måte, medan andre synest dei har for lite kunnskap om korleis undervisninga i sidemålet best bør drivast. Dei som kjenner det slik, bør få tilbod om etterutdanning. Større innsikt gjev ofte større arbeidsglede, og dette gjeld i høg grad for nynorskundervisninga i skulen!