Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Særpreget er framtida

Særpreget er framtida

11.11.03: Av Vidar Toreid

- Bygdene må satsa det lokale og spesielle, sa forskar Dag Jørund Lønning på mållaget sitt haustseminar på Evjemoen i helga. Språket er heilt sentral her. Setesdal og Indre Agder bør mellom anna dyrka det språklege og kulturelle særpreget. Slik kan ein styrka identiteten til dei som bur her, og gje dei som ikkje bur her eit positivt bilete av regionen.

På mållagsseminaret utfordra Lønning ordførarane i Evje og Hornnes og Iveland til å satsa på lokalt språk og lokal kultur. I tevling med byane må bygdene satsa på det unike og ekte, påpeika Dag Jørund Lønning, som arbeider som forskingsleiar ved Telemarksforsking.

Båe ordførarane sette stor pris på innleiinga til Lønning. Ordføraren i Iveland, Ole Magne Omdal, vil ta med seg Dag Jørund Lønning sine tilrådingar og leggja dei fram for dei 14 kommunane i Indre Agder. Han ville gjerne ha Lønning til å prata for ordførarane frå alle kommunane når dei møtest til rådslag i februar 2004.

Dag Jørund Lønning har forska på ungdomar sine haldningar til å bu i bygdene. - Det er meir lyst enn plikt som styrer vala som ungdom gjer i dag, sa han. Bygdene må difor appellera til lysta og interessene for å få unge til å flytta dit eller blir buande der.

Samstundes som det er sterkare fokus på den individuelle valfridomen, skjer det ei global standardisering av livsstil og draumar. – Når verda vert likare, får folk eit større behov for å verta meir synlege, ulike alle andre. Bygdene kan soleis tilby noko unikt som mange leitar etter i dag – det lokale særpreget. Difor kan bygder som dyrkar talemålet sitt og nynorsken stilla sterkt i konkurranse med andre, sa Lønning.

Ingen lovnader
I september i år offentleggjorde mållaget eit opprop for at Evje og Hornnes burde vore nynorskkommune. Til no har om lag 150 personar skrive under oppropet. Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn Robstad, vil likevel ikkje la seg pressa til å gjera noko for nynorsken i kommunen. Han var open for å ta opp problemstillingar knytt til krava om nynorsk på temamøte i kommunestyret. Men han gav ingen konkrete lovnader om å koma nynorsken i møte.

Som eit første steg for å få meir balanse i språkbruken i Evje og Hornnes, utfordrar mållaget ordføraren til å koma med politiske støtte til nynorsken. Politikarane bør gje signal om at dei ville synest at det er bra om dei som kan skriva nynorsk i administrasjonen, gjer det. Mållaget er skuffa over at Bjørn Robstad ikkje kunne lova noko slik støtte.