Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Blåmannstund har gull i munn

Blåmannstund har gull i munn

(13.09.04) Fjerde klasse ved Wilds Minne Skole hadde onsdag 8. september ein skuletime utanom det vanlege. Inger Lise Stulien kom nemleg på besøk, og hadde nynorske songtekster i skulesekken.

Tor Hallvard T. Mosdøl
torhamar@hotmail.com

- Målet er å stimulere borna til å lese og skrive meir nynorsk, fortel Stulien over ein kaffikopp på lærarromet. Dessutan vil me gje elevane ei positiv oppleving med nynorske songtekster.

Stulien som opprinneleg kjem frå Byremo i Aust-Agder har klara å halde på dialekta si, sjølv etter å ha budd sju år i Kristiansand, blant anna grunna lærarskulegang. Ho vil og inspirere elevane til å ta vare på dialekta si.

- Det er er viktig at elevane er medvetne på at dei har ei dialekt, at det er noko dei bør halde på og vere stolte av, anten ein kjem frå by eller bygd. Tenk så kjedeleg det hadde vore viss alle snakka likt!

Allsidig songstund
Spennet i songene som vart framførde var stort. Gode, gamle songer som ”Mellom bakkar og berg” og ”Blåmann, Blåmann bukken min” i den eine enden, medan sommarslagaren ”Kveldssong for deg og meg” av Odd Nordstoga låg i den andre.

- Ja, den er gøy, kjem det frå bakerste rad når publikumsfavoritten vert introdusert. Fjerdeklassingane stemde i, og hadde tydeleg høyrd verselinja ”Grisen står og hyler” før. Det er nettopp utdrag av Odd Nordstoga si bornesongbok ”Song for deg og meg” som er basis for for songstunda. Songboka kan ein blant anna få kjøpt i ”Blåmann barnebokklubb” som kun har nynorsk språk i bøkene. Det var ikkje vanskeleg å skjøne at elevane lika ”Blåmannstunda” som Stulien hadde valt å kalle timen. Det var både engasjement og song av full hals teikn på.

Populær blant unge og gamle
Stulien, som er engasjert av Mållaget, har arbeidd med songstunda over to år, og samarbeider med gitarstudent ved Grieg akademiet og musikkonservatoriet i Kristiansand, Are Kvamstad. Mange skular er interessert i songstunda. Stulien og Kvamstad var til dømes dagen før i Songdalen og skulle neste dag synge i Eiken. Førestellinga vert og framførd på kveldstid og der har både born, foreldre og besteforeldre dukka opp.