Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Heit språkdebatt på Frøken Larsen

Heit språkdebatt på Frøken Larsen!

(13.09.04) Ordvekslinga kunne til tider karakteriserast som ein verbal slåsskamp, då Mediemållaget inviterte til språkdebatt på cafèen Frøken Larsen.

Tor Hallvard T. Mosdøl
torhamar@hotmail.com

Debattleiar Audun Stølås starta med å spørje etter kor stor nynorskprosenten i NRK Sørlandet og Fædrelandsvennen er.

- I vedtektene våre er det nedfelt at nynorsk skal vere ein del av nyhendespråket, fortalde ansvarleg redaktør i NRK Sørlandet, Steinar Nielsen. Difor søkjer me etter folk med nynorsk språkkompetanse. Morgonverten vår er frå Askøy og snakkar nynorsk frå seks til ni om morgonen. Når me sender seks timar totalt kvar dag, seier me oss nøgde med det. Sjefredaktør i Mediehuset Fædrelandsvennen, Finn Holmer Hoven, hadde derimot inga aning om nynorskprosenten.

- Eg har aldri undersøkt på grunn av at det ikkje er eit tema hjå oss. Det eksisterer heller ingen debatt blant journalistane og redaksjonsleiarane våre, konstaterte han. Vår journalist i Setesdal vert oppfordra av oss til å skrive nynorsk av respekt for intervjuobjekta, men han kjem aldri til å få noko pålegg om eit visst antal artiklar på nynorsk.

Ingen redningsmann
Leiar i Vest-Agder Mållag, Aslak Fjermedal, meinte at det trengst eit meir allsidig språk i mediebiletet, og at nynorskandelen må opp. Holmer Hoven nølte ikkje med å presentere sitt syn på at Mållaget vil ha meir nynorsk i avisa hans.

- I 130 år har Fædrelandsvennen vore ei bokmålsavis. Me er ei privat bedrift og bestemmer sjølve kva me vil. Punktum finale. Som redaktør meiner eg det minste eg kan, er å bestemme språkpolitikken i avisa mi. Terje Skjerdal, lærar på Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand, meinte det var for drøyt og reagerte.

- Du er i alle fall god til å slå fast at politikken i Fædrelandsvennen er bombastisk, kommenterte han. Fjermedal argumenterte vidare for meir nynorsk i media.

- Pressa bør hjelpe fram nynorskspråket, når bokmål er så dominerande som no. Ein må gjere noko for å ta vare på språkarven vår. Holmer Hoven kjende seg imidlertid ikkje som nokon redningsmann.

- I Fædrelandsvennen kjenner me har inga plikt til å redde nynorsken, repliserte han. Om me skulle vere så uheldige at språkdebatten blussa opp att, kjem ikkje eg til å helle bensin på bålet. Det rører ikkje meg om nynorsken døyr. Holmer Hoven stilte vidare spørsmåletom kvifor nynorsken eigentleg skal leve. - Det vert mest som å bere havre til ein daud hest, meinte han.Terje Skjerdal svarte med å slå fast at det er 49 av 220 norske aviser som brukar nynorsk, og at det i tillegg er 25 aviser som er språkkløyvde. - ”Hesten” er ikkje daud. Det er ei trend at fleire norske aviser enn før tek inn nynorsk. Fædrelandsvennen er ei av dei avisene som heng etter. År etter år får me høyre frå journaliststudentane våre at dei ikkje fekk lov å skrive nynorsk hjå dykk. Skjerdal skrytte imidlertid av NRK Sørlandet og deira språkpolitikk. Steinar Nielsen i NRK var tok gjerne imot ros, men ville tydeleg inn på radio- og tv-mediet.

Vil bruke dialektar
- Me er opptekne av å ta vare på dialektane på Agder, og vil mykje heller tilsetje ein journalist frå landsdelen vår, enn ein nordlending, sa Nielsen. Kva meiner debattantane om det? Holmer Hoven var heller ikkje denne gonga vanskeleg å be om å kome med synspunkt. - Det skjer meg i øyrene med brei Vennesladialekt på radio og tv. Eg vil ha ei mest mogleg normal dialekt i sendingane våre. Ein nyheitsopplesar frå til dømes Vennesla ville aldri blitt tilsett hjå meg. Skjerdal var einig med Holmer Hoven om at som nyheitsopplesar bør ein ha eit normert språk. - Men i ei pratesending er det annleis, der bør dialektane våre sleppe til, la han til.

Bjørneteneste
Her greip debattleiar Audun Stølås inn, og opna for spørsmål frå salen, men responsen var ikkje overveldande blant dei 30-40 tilhøyrarane. Han stilte sjølv i staden spørsmålet til Holmer Hoven om han ville slept til nynorsken meir om han var redaktør i Bergens Tidende.

- Det ville eg nok, konkluderte Homer Hoven. Med fleire folk som brukar nynorsk må ein ta omsyn til det i avisa, så eg ville nok hatt ei anna linje der. Men det er tydeleg at nynorsk er eit mindre salbart språk. Me ser jo ikkje reklame på nynorsk. Terje Skjerdal kommenterte.

- Ein oppfattar nynorsken som eit mindre eigna språk i til dømes reklame, det er kanskje rett, men avisa er eit samtaleorgan, og bør basere seg på det språket me snakkar. Det er faktisk mellom 50 og 60 prosent av Norges folkesetnad som snakkar nærare nynorsk enn bokmål.

- Men kva skal me med to språk, spurde Holmer Hoven, og fortalde at han jobba 20 år på Høgskolen i Agder før han byrja i Fædrelandsvennen. Der var det før kvar eksamen eit enormt irritasjonsmoment å måtte skrive eksamen på to språk.

- Det er døme på ein fanatisk symbolpolitikk som gjer nynorsksaka ei skikkeleg bjørneteneste, meinte han.

- Du nemnde akkurat eit døme på der ein treng to språk, repliserte Fjermedal. Som journalist bør ein kunne bruke to språk, dessutan må ein som tilsett i offentlege etatar svare på skriv med same språk som det er skrive på. At folk meiner det fanatisme å skrive nynorsk hjelper ikkje. Me vil ikkje gje etter fordi det er få som brukar det i dag, avslutta Fjermedal.

Den tilmålte tida på Frk. Larsen var over. Debattantane fekk kaffekrus med påskrifta ”Nynorsk til meg takk”. Det står att og sjå kva deltakarane fyller i koppen.