Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Skreiv under for nynorsk

Skreiv under for nynorsk

(13.09.04) Mållaget skipa til underskriftskampanje torsdag og fredag under nynorskaksjonen i Kristiansand.

Tor Hallvard T. Mosdøl
torhamar@hotmail.com

- Eg skriv under fordi eg meiner det er viktig å ta vare på språket vårt. Det er ein del av identiteten vår, meiner Åstein Nordstog. Han meiner det er viktig å høyre kvar andre kjem frå, og likar ikkje at alle skal ”jabbe heilt likt” som han kallar det. Nordstog har bruka nynorsk heile livet, heilt frå han byrja å skrive på skulen som barn. Han har ikkje tenkt å bytte det ut med bokmål heller.
- Bokmål kom med danskane etter Svartedauden, det er nynorsk som er det originale språket vårt, held han fram. Eg vil høyre forskjell på ein nordlending og ein sørlending, seier Nordstog.

God respons
Mellom førti og femti skreiv under på oppropet som blant anna seier at Kristiansand kommune skal bli språknøytral og opprette nynorskklassar i barneskulen.

- Eg er svært overraska over responsen, seier ansvarleg for aksjonen Trond Sæbø Skarpeteig. Det er unge folk som skriv under, og mange av dei er ”innfødde” kristiansandarar som har budd her heile livet. Oppropet krev og at Fædrelandsvennen og NRK Sørlandet skal bruke meir nynorsk.

- Målet med aksjonen er å vise sørlendingane at nynorsk og er noko for dei. Kristiansand er hovudstaden på Agder, og bør dermed reflektere kulturrikdomen i landsdelen. Me vil stille spørsmål ved den urbane identiteten som ofte er det einaste som kjem til uttrykk her, uttalar Skarpeteig.
- Å stå midt i Markens og samle inn underskrifter gjer dessutan til at ein kjem i kontakt med folk som ein elles truleg ikkje ville ha kome i prat med om målsaka, trur han. Skarpeteig fortel vidare at Mållaget vil samle inn underskrifter for nynorsk utover hausten og vinteren.
- Me vil bokmålsmonopolet på Sørlandet til livs og skal klare det, avsluttar han.