Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Det blir nynorsk på Agder!

Det blir nynorsk på Agder!

Av Marit Tennø og Trond Sæbø Skarpeteig

(14.11.04)Kultur- og kyrkjedepartementet har avslått søknaden frå Agder bispedømme om å få sleppe å skrive på nynorsk. Departementet meiner Bispedømmet har praktisert bokmålsforma ulovleg. Stiftsdirektøren i Agder Bispedøme Tormod Stene Hansen, seier til Agderposten at han vurderer å oppfordre einskilde nynorskkommunar i Agder til å bytte til bokmål. Slik håper han at Agder bispedøme slepp å skrive nynorsk.

I heile haust har språkstriden i Agder bispedøme stått på. Etter samanslåinga mellom Telemark og Agder bispedøme, skulle språket i bispedømet vere nynorsk. Dette godtok ikkje bispen.

Stiftsdirektøren vil venta med å senda dei tilsette på kurs, og brukar også økonomiske argument for at det kan ta lang tid å innføra nynorsken.

Aslak T. Fjermedal i Vest-Agder Mållag meiner Tormod Stene Hansens si avventande haldning i målsaka er usmakeleg.
- Når stiftsdirektøren går til pressa og seier at han vurderer å oppmode nynorskkommunar om å skifta målform, så er dette i seg sjølv ei oppmoding. Dermed går han langt utover fullmaktene sine. Han er tilsett som direktør i staten, og ikkje som politikar, seier Fjermedal.

Fjermedal godtek heller ikkje dei økonomiske argumenta frå Agder bispedøme. Dersom dette er så vanskeleg, kan dei berre koma til oss, så kan me hjelpa dei med både kurs og finansiering, lovar han.

Fjermedal meiner Agder bispedøme burde nytta dette høvet til å auka nynorskbruken, og etterlyser eit kulturelt ansvar:
- Kyrkja har i mange spørsmål gode og modige meiningar. Til dømes om rettferdig handel, forbrukarsamfunnet og miljøvern. Når det gjeld språk, er det ikkje få stammemål som har fenge sitt eige skriftspråk takka vere misjonen. Då er det så merkeleg at ikkje bispen kan skjøna at det er viktig å slå ring om det norske målet. Noreg vert eit mykje fattigare land utan nynorsk. Med Stutum-haldningane sine er bispedømet med på å fremja ei slik utvikling, seier leiaren i Vest-Agder Mållag.