Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Setesdalsdialekten under press

Setesdalsdialekten under press

(14.12.04)Rektor ved Bygland skule, Birgit Attestog, har skrivi hovudfagsoppgåve om setesdalsdialekten, og har funni ut at dialekten er under sterkt press. Dette gjeld særleg i Bygland.

Framleis liv laga for det gamle Valle-målet

Av: JOHS. BJØRKELKI, Fedrelandsvennen, 26.11.2004 Nokon finn talemålet i Setesdal så vanskeleg å forstå at det «like gjerne kunne vært gresk.» Ikkje så rart kan hende - vikingane ville trulegt skjønt valldølane i dag.

VALLE: Det er svikholt i dag, sa valldølen der han låg og kava ute på det islagte tunet sitt. Eit tynt snølag hadde lagt seg svikefult på isen og gjort holkeføret usynlegt. Godt han ikkje braut herdi, men berre fekk ein kul i blésa.
- Ikkje noko anna talemål i Noreg ligg så tett opp til gamalnorsk som valldølane sitt, seier professor i nordisk språkhistorie ved Høgskolen i Agder, Martin Skjekkeland til Fædrelandsvennen.

- Vi må take vare på dette fine talemålet vårt, seier leiar i Valle Mållag, Olav Knutson Rike, og syner den nyutvikla databasen med ord og uttrykk frå Valle.

Her er ord billedgjort med foto, ordet har forklåring, ei stemme les høgt frå PC-høgtalaren korleis ordet uttalast og stemma bøyger det.

Ulikt i Valle og Hylestad
- Ja, ikkje nok med det. Om ordbruken er ansleis i Hylestad enn i Valle, halvannan mil lenger sør, så får vi vite og høyre det og, fortel Rike.

Nett som krullane i broderia på setsdalskufta og bunanaden har lokale variantar heilt nede på grende-nivvå, har talemåleti denne vesle setesdalskommunen det.

Medan hylstringen seier jée seg når han er svært overraska eller forstøkt over noko, så seier valldølen jése seg.

Nokre ord finst bare i Hylestad, fortel Bjørgulv Holen. Han er systemutviklar i Gard og er den som på fritida held på med å utarbeide den hypermoderne databasen over ord og vendingar som går attende til vikingetida.
- Bjørgúvsponne er eit døme på dette. Dette skal ha opphav i kjempa Bjørgulv Uppstad som hadde ei slik omnsponne, fortell Holen

Omnsponne betyr panne til å ha på omnen.
- Ein gøymd skatt

Fædrelandsvennen ønskte å møte unge og gamle valldølar til ein liten prat om dette ord- og bileterike talemålet deira Sokneprest Theis Salvesen ordna eit treff mellom konfirmantar og eldre målfolk i huset med dei mange namn - meinigheitshuset. Nokre valldølar seier meinigheitshuset, andre seier meinighetshuset og nokre menighetshuset.
- Vi har eit så rikt språk her i dalføret at ingen har maken, seier Knut K. Homme.

Homme-bonden har i alle år vore sterkt oppteken av alle sider av kulturarven i Valle.
- Vi vil passe på alle ord. Vi vil ikkje late noko døy. Språkast må brukast, elles døyr det. Difor er det så viktig at dei unge kan lære dette språket om dei har lyst. Her er ein gøymd skatt som vi må prøve å take vare på, seier han.

Stolte av talemålet
Konfirmantane Sondre Løyland, Kai Steffen Andersen, vegard Olsen og Oddvar Homme er 14 år og er sjølvsagt mykje meir påvirka av språk og kultur utanfrå enn dei eldre målfolka i Valle. Difor er talemålet deira blitt eit moderne vallemål.
- Men det hender vi må knote litt for at folk skal skjønne oss, seier Sondre Løyland.

- Skjemst dykk nokon gong over talemålet dykkar i møte med byungdom?

Nei, det gjer dei ikkje.
- Er dykk stolte av vallemålet?
- Ja, kjem de i kor.
- Sjå på desse paggane her som ikkje har båe foreldra heirfrå. Ikkje så rart at det gjeng utover talemålet deira, seier 75 år gamle Kjetil O. Rike.
- Paggane?
- Små karar, smiler Kjetil.
- Godvilje
- Veit dykk kva håvslett tyder, spør Fædrelandsvennen konfirmantane.
- Ja. Det trur eg mor mi bruka her om dagen. Betyr det ikkje sludd, spør Sondre Løyland.
- Jau. Det betyr sludd. Ikkje verst at ein fjortenåring i Valle veit det. Slettest ikkje verst at han har lært det av mor si heller. Ho er dansk!
- Det er bare å legge godvilja til, så skjønar folk talemålet vårt, seier Knut K. Homme.
- Skal du få inn Valle-målet, så må vi ha lærarar som snakkar det, seier konfirmant Oddvar Homme.
- Ja, i barnehagen óg, seier sokneprest Theis Salvesen.

Det har storma rundt soknepresten dei siste vekene avdi han har kritisert eit gamalmodig nynorsk skrivespråk i bibelen. Men det er ein heilt annan sak. Det fargerike Valle-målet har også Theis Salvesen frå Farsund vorte glad i. Han er ikkje aleine om det.
- Sjå kva Åsmund Åmlid Band har fått til. Heile Sørlandet syng nå på Valle-mål, seier ein kry Kjetil Olavson Rike.

johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no

Les meir:

  • " Framleis liv laga for det gamle Valle-målet" (Fedrelandsvennen)