Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Tøffe-kurs for målfolk

Tøffe-kurs for målfolk

Av Trond Sæbø Skarpeteig

(15.11.04) Mållaga på Agder sitt årlege haustseminar fann stad 6-.7. november på Evjemoen. Tema var offensivt målarbeid, og me vart heilt klart tøffare av dette! Grundige analysar og vurderingar av vårt eige arbeid, og praktiske øvingar i aksjonisme, var oppskrifta.

Ut på gata
Laurdag føremiddag den 6. november 2004 bada Evje sentrum i den låge haustsola, og brått vrimla det av målfolk med flygeblad på parkeringsplassen utanfor sentrumsbygget. Mållaget ynskte å samla stønad for at Evje og Hornnes bør vera nynorskkommune.
- Det var gildt!, seier Astrid Myhre frå Vegårshei. Eg synest mållagsfolk burde vera meir synlege ute mellom folk, helst kvar gong ein møtest, for å få mest mogleg ut av samlingane. Kanskje me har for høg terskel for å gå ut og seia kva me meiner til folk?, spør Myhre, og viser til at dette truleg gjeld over alt i landet, anten det er nynorsk eller bokmål på staden.

Elin Lerum Boasson, tidlegare leiar i Natur og Ungdom, innleidde om ordbruk, og tipsa oss om at me må freista å nå større grupper med argumentasjonen vår.
- Me lærde om korleis me kan venda oss til større grupper, seier Myhre. Det er jo slik at me målfolk ofte vender oss til spesielt interesserte, og gjerne med kompliserte argument. Me lærte at det er lurt å vera meir taktiske, td. ved å fokusera på eitt hovudargument, og ta dette opp att og opp att, avsluttar Astrid Myhre. Sigurd T. Brokke og Astrid Myhre vart tøffare av å gå på kurs!

Imponert over Natur og Ungdom
Sigurd T. Brokke frå Valle deltok på seminaret til mållaget, og han er sers imponert over føredraget til Boasson. Brokke meiner at me har mykje å læra for å koma tydelegare fram i media.
- Seminaret var til inspirasjon, og gav gode tips om at målfolk må gå tøffare fram med tida for å fram synspunkta våre i media, seier Sigurd T. Brokke.

Evje og Hornnes bør vera nynorsk
- Me vonar det kan gje det resultatet at Evje og Hornnes kan vera nynorskkommune. Nynorsk styringsmål i Evje og Hornnes passar inn i samarbeidet med dei andre kommunane, meiner Brokke, som også legg vekt på at Evje og Hornnes bør velja nynorsk for å stø opp om dei yngre i kommunen som ynskjer å halda på sitt opphavlege talemål.

Brokke avsluttar med å fortelja om arbeidet i Valle Mållag. Dei driv med mykje med talemålsinnsamling, og planlegg offisiell opning av ei heimeside i kulturveka 2005. Dei ynskjer også å spela inn eventyr på talemålet.

Sats på bygdene våre – vel nynorsk!
I innbydinga til seminaret heiter det at mållaget vil vera ei idé-smie for levande bygder og identitet, opna for spanande målpolitiske ordskifte og gjera ein kulturell innsats for bygda.