Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / song- og bokkveldar i Kvinesdal og Landvik

Song- og bokkveldar i Kvinesdal og Landvik

Inger Lise Stulien Både Kvinesdal og Landvik Mållag inviterer til song- og bokkveldar i byrjinga av april!

Stulien vil syngja songar frå den nye barnesongboka «Song for deg og meg», og inviterer til allsong saman med gitaristen Are Kvamstad. Det blir presentasjon av Blåmann Barnebokklubb, verdas einaste nynorske barnebokklubb, og lokale kulturinnslag. I Landvik vert det utlodding, medan det i Kvinesdal vert underhaldning av Gullbjørg Vatland og Torje Hunsbedt. I tillegg vil ei gruppe elevar frå Austerdalen skule framfører songleikar med Anne Kleivane, og Astrid Ro stiller ut Kvinesdal-drakta. Det vert òg servering for både for unge og vaksne.

Alle er hjarteleg velkomne! Ta gjerne med deg foreldre, besteforeldre, sysken eller ein ven eller venninne!

Kulturkvelden i Kvinesdal finn stad onsdag 2. april klokka 18.00 på Kvinaheimen. I Landvik må du koma til Landvik sentralskole torsdag 3. april klokka 18.00.

Barnebokklubb for alle
Blåmann Barnebokklubb rettar seg mot dei 100.000 barna mellom to og tolv år som brukar nynorsk, men også mot dei 500.000 som ikkje gjer det, og derfor endå lettare går glipp av dei mange gode nynorske bøkene.

Det er Det Norske Samlaget som står bak bokklubben. Målet er å gje barn betre tilgang på nynorske barnebøker. Blåmann Barnebokklubb ynskjer å vera eit frisk og dristig alternativ til andre bokklubbar for barn. Dei vil blant anna leggja meir vekt på nye bøker enn dei andre bokklubbane.

Bli trygg på nynorsk
Hovudmålgruppa for bokklubben er barn mellom 2 og 12 år. Blåmann Barnebokklubb vil formidla bøker som gjer barna trygge på dialekt og på nynorsk språk.

Dersom det er bokmål som ligg dei nærast, skal bokklubben gje dei sjansen til å bli glade i og kjent med den gode litteraturen og det nynorske språket. Berre slik kan språket vårt halda seg levande.

Songaren Inger Lise Stulien er kjent for fleire CD-utgjevingar, mellom anna September og juleplata Steikeplatå, som ho låg på sørlandstoppen i mange veker i 2002. Ho turnerte i Kirkenes og på Svalbard i 2002 med kyrkjekonsertar med temaet vandringa gjennom livet. Ho held ein del kyrkjekonsertar på Agder frametter, og samarbeidar med Jan Engervik om Evert Taube og Mikis Theodorakis-tolkingar. Her vert det konsertar frå sommaren og utover hausten.

Gitaristen Are Kvamstad er frå Trondheim og studerer på tredje året ved musikkonservatoriet i Kristiansand.

Fredagen etter barnekulturkvelden vert Grimstad fylt opp med målfolk. Fredag 4. april klokka 13.00 opnar Noregs Mållag sitt 87. landsmøte dørene på Norlandia Sørlandet Hotell. Det er Landvik Mållag som er tilskipar for møtet.

Styret i Landvik Mållag dette året er Astrid Stuestøl Sandkjær (leiar), Kristen Stalleland, Anne Elisabeth Havstad, Lars Magne Tønnesøl, Per Yngvar Hardeberg og Øystein Alvik.