Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Mållaget med varsam optimisme kring sidemålsforliket

Mållaget med varsam optimisme kring sidemålsforliket

Av Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 11. juni 2004

Pressemelding frå Noregs Mållag. 11.06.04. - Noregs Mållag ser ein god del bra i innstillinga frå Utdanningskomiteen på Stortinget om sidemålet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Komiteen har presisert at sidemålet skal vere obligatorisk og at opplæringa skal verte betre. Sidemålet skal framleis ha eigen karakter på vitnemålet, og der skal vere vurderingsformer for å krevje betre kunnskap, mellom anna med nasjonale prøver og framleis eksamen i ungdomsskulen. Noregs Mållag er såleis glad for at Stortinget avviser forsøka frå Kristin Clemet på å undergrave den språklege jamstellinga i landet. Samstundes er det problematisk at skulen no ikkje skal stille krav på same måten i hovudmål og sidemål. Noregs Mållag er såleis ikkje fullnøgd med komiteinnstillinga.

[11.06.04] Noregs Mållag er godt nøgd med at Stortinget vil innføre nasjonale prøver i skriving og lesing for sidemål.
- Sidemålet er dermed ikkje lenger ei sak berre for norskfaget. Nasjonale prøver inneber ei utviding av området for sidemålsopplæringa, og vil oppfordre til spennande sidemålsforsøk, slik som vi har sett mellom anna ved Holmlia skole. Komiteinnstillinga spesifiserer ikkje omfanget av nasjonale prøver, men Noregs Mållag forventar at det vert nasjonale sidemålsprøver i lesing i 4., 7., 10. og 11. året og nasjonale prøver i skriving i 7., 10. og 11. året.
- Nasjonale prøver tilseier at sidemålsopplæringa tek til tidlegare enn i dag. På dette punktet er det framleis ein del arbeid å gjere.

Noregs Mållag er nøgd med at det framleis skal vere obligatorisk prøving av sidemålet til eksamen i grunnskulen. Rett nok er det prinsipielt uheldig at sidemålet skal ha mindre plass i eksamensprøvinga enn hovudmålet. Det beste hadde vore med to eksamensdagar som i dag. Sjølve prinsippet om sidemålet som eksamensemne står likevel fast.

Noregs Mållag er ikkje nøgd med at sidemålet på vidaregåande vert gjort om til trekkfag.
- Her burde ein ha hatt heilt lik vurderingsmåte og vurderingskrav for hovudmål og sidemål, seier Endre Brunstad. Mållaget ser samstundes at med nasjonal prøve i sidemål i 11. året og trekkeksamen i 13. året, vil ein få tilfredsstilt krava for ei kunnskapsvurdering.

Noregs Mållag er glad for at stortingskomiteen meiner at kjennskap til og bruk av båe skriftmåla gjer norsk språk rikare. Noregs Mållag merkar seg elles at komiteen knyter sidemålsopplæringa til jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Resonnementet tilseier at det ikkje er råd å gi fritak frå sidemålsopplæring i skulen.

No er det viktig at det vert ro om statusen til sidemålet, og at det vert gjort medvite arbeid for å betre opplæringsmåtane i sidemål. I den samanhengen er det òg viktig å arbeide for å betre dei allmenne rammevilkåra for nynorsk i samfunnet, slik at haldningane til nynorsk kan verte betre. Nynorsk er sidemål for 85 prosent av elevane.


For meir informasjon kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.