Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Flygeblad og plakat for Indre Agder

Flotte flygeblad og plakatar for Indre Agder!

(10.08.04) Mållaga på Agder har laga eit nytt flygeblad og ein fargerik plakat for Indre Agder. Det heiter "Sats på Indre Agder - vel nynorsk!", og kan tingast hjå reiseskrivaren. Sats på Indre Agder - vel nynorsk!

Sjå plakaten for Indre Agder!
Sjå flygebladet for Indre Agder!

Sats på Indre Agder
Vel nynorsk!

Språket vårt er det mest synlege uttrykket for den særprega identiteten i Setesdal og Indre Agder. Ein gjennomtenkt språkpolitikk vil gje oss ei kjensle av å dele ein felles kultur, eit verdifullt språk. Me vil gjerne ta vare på det fargerike språklege mangfaldet frå heile Agder – me treng ikkje alle å vera heilt like.

Bygdene på Agder har sterke nynorsktradisjonar. Setesdal var pioner på å innføra nynorsk. Bygland var den første bygda der nynorsk vart innført som skulemål. Hylestad var først ute med å skrive møteboka i heradsstyret på nynorsk. Folk møtte motstand frå sentrale styresmakter, men stod på sitt. Det tykkjer me at me skal halde fram med!

Eit omfattande samarbeid mellom kommunane er på trappene. Evje og Hornnes peikar seg ut som naturleg regionsenter. Å vere regionsenter er ikkje berre å ha administrative og næringsmessige funksjonar, men også å vere kulturelt og språkleg knutepunkt.

Me vil at kommunane skal satsa på det som er unikt for oss - lokal identitet og nynorsk.

    Me ynskjer oss at
  • - regionen marknadsfører seg på nynorsk
  • - kommunane nyttar nynorsk i interkommunalt samarbeid
  • - dei som bur her skal vera stolt av og glad i dei lokale dialektane og nynorsken!