Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Bokmål i Mykland

Bokmål i Mykland

Innbyggjarane i Mykland skulekrins ynskte seg bokmål for dei 27 elevane ved Mykland skule i Froland.

Den 15. mai var det rådgjevande folkerøysting i Mykland om skulen skal gå over til bokmål etter ein hundreårig tradisjon med nynorsk. Lågt frammøte er kanskje det mest karakteristiske med denne røystinga. Av dei 307 røysteføre, møtte berre 108 fram. Det tilsvarar 35,2%. 81 personar stemte for bokmål (75%) og 27 for nynorsk (25%).

Det ser difor ut til at kommunestyret i Froland kjem til å gjera vedtak om bokmål i Mykland. Då må elevane i Froland venta til ungdomsskulen før dei møte nynorsken.

Trond Sæbø Skarpeteig
trond@nm.no