Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorskklassar i Kristiansand

Nynorskklassar i Kristiansand

Vibeke Lauritsen

Det er interesse for å få til nynorske parallellklassar i Kristiansand dei neste tre åra. To foreldrepar har born som byrjar på skulen hausten 2003, 2004 og 2005. Vibeke Lauritsen (biletet) håpar å få med seg foreldra til 10 born som skal byrja på skulen både hausten 2004 og hausten 2005. Kva for skule dei skal gå på er ikkje avgjort enno, men Lauritsen seier at ho er open for fleire av skulane i sentrum av byen. Det er avhengig av kva for skular som er positive.

Jorunn Aanensen Kalvik har born som byrjar på Lovisenlund alt til hausten, og vil ha dialog med skulen og andre foreldre for å sjå om det er interesse for nynorsk.

Anne Austad

Foreldre som er interesserte kan ta kontakt med Mållaget i Kristiansand ved Anne Austad, telefon 38 091 756 (kveld) og 38 14 11 88 (dag).