Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Slepp nynorsken til!

Slepp nynorsken til!

(Setesdølen 19.04.05) I helga var det landsmøte i Noregs Mållag i Tromsø. Det var eit offensivt landsmøte som gav startskotet til den nye kampanjen sin, ”Slepp nynorsken til!”. Dette er ein kampanje for at VG og Dagbladet skal oppheve forbodet mot nynorsk på redaksjonell plass.

Frå Evje og Hornnes Mållag møtte Astrid Møen og Ålaug Rosseland på landsmøtet.
– Dette er ei veldig viktig sak, seier Ålaug Rosseland. Det må vera lov med nynorsk i riksavisene slik at folk blir vande til å lesa det. Nynorsken må blir vanleg i kvardagen – det høyrer med i dagleglivet, seier Rosseland.

På landsmøtet vart Steinulf Tungesvik (39) vald til leiar i Noregs Mållag. Den nye leiaren kjem frå Skånevik i Sunnhordland og er i dag busett i Bergen. Han er son til tidlegare stortingsrepresentant frå KrF, Hans Olav Tungesvik. Mor til den nye mållagsleiaren var dotter til gruveingeniør Smith Meyer som budde på Landsverk ved Flåt gruve under krigen og like tl gruva vart lagt ned i 1945. Dottera gjekk på skule i Flatebygd i oppveksten, og vart altså sidan gift med ”radiolegen” og politikaren Hans Olav Tungesvik som i mange år har drive sitt eige psykiatriske behandlingssenter i Skånevik. Bror til den nye mållagsleiaren, Torbjørn Tungesvik, var altså i fleire år journalist i Setesdølen.

Steinulf Tungesvik sjølv arbeider som forretningsadvokat. Tungesvik har lang fartstid bak seg i både Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Han har politisk bakgrunn frå Senterpartiet, og var mellom anna statssekretær under sentrumsregjeringa.
– Nynorskbrukarane er ei stor gruppe i landet vårt, og det er viktig at desse lesarane vert tatt på alvor. Det vil gje språkleg toleranse der det trengst, og språkleg sjølvtillit der det trengst, seier Steinulf Tungesvik, nyvald leiar i Noregs Mållag.

Inspirerande landsmøte
– Korleis er det å vera på landsmøte i Noregs Mållag?
– Det er inspirerande og viser at målsaka er viktig, smiler Astrid Møen. Det er kjekt å møta folk frå heile landet som brukar nynorsk.
– Det er kjekt å registrere at målrørsla er i ferd med å endra seg til å bli ei positiv kraft i arbeid for framgang for nynorsken, legg Rosseland til.

– Kva er Evje og Hornnes Mållag mest opptekne av?
– Me ynskjer å skapa interesse for språkspørsmål og skape forståing for samanhengen mellom lokal dialekt, identitet og nynorsk, og kor viktig det er for framtidig utvikling, seier Ålaug Rosseland. Språk er jo eit uttrykk for kven me er.
– Bygdene sin identitet og kultur er viktig å halda på. Me vil visa at me har band tilbake i tida og at me er stolte av kven me er, avsluttar Astrid Møen.