Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Morsmålet i globalt perspektiv

Morsmålet i globalt perspektiv

(Fædrelandsvennen 20.11.05) Den nye læreplanen representerer eit brot med vektlegginga av det spesifikt nasjonale og den nasjonale kulturarven.

Av: MARTIN SKJEKKELAND Professor i nordisk språkvitskap Høgskolen i Agder

MENINGER: Morsmålet i globalt perspektiv

Les innlegget i Fevennen.

«Kunnskapsløftet» er namnet på den store reforma av grunnopplæringa her i landet. Den nye læreplanen for grunnskulen og den vidaregåande skulen (L-2006) utgjer den viktigaste delen av denne reforma. Læreplanen blir gjort stegvis gjeldande frå 2006 til 2008.

Som ventande er, har norskfaget brei omtale i planen. Litteraturhistorikaren Gerhard Gran kalla i 1892 norsk for «fagenes fag», ein karakteristikk som framleis passar godt. I tillegg til at norskfaget har ein klar eigenverdi, er det også eit reiskaps- og støttefag for andre fag. Om norsk heiter det i den nye planen:

«Norskfaget er eit sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling.» Og vidare: «Norskfaget etablerer seg i spenningsfeltet mellom det historiske, det nasjonale og det globale.»

Den nye læreplanen (L-2006) representerer eit brot med vektlegginga av det spesifikt nasjonale og den nasjonale kulturarven. Planen understrekar sterkt at norsk språk og kultur går inn i ein historisk og global samanheng. Det nye internasjonale perspektivet i faget skal auka og utvikla kulturforståing, toleranse og respekt for menneske frå andre kulturar. Dette skal skje ved å sjå det norske i samanheng med språk og kulturuttrykk frå andre land.

Til den norske kulturarven høyrer ei mengd med tekstar. I læreplanen blir det peika på at desse tekstane kan få «ny og uventet betydning nettopp når kommunikasjonen får nye former og perspektivene utvides. Kulturarven er slik sett en levende tradisjon som forandres og skapes på nytt, og norskfaget skal oppmuntre elevene til å bli aktive bidragsytere i denne prosessen».

Skiftet av perspektiv bort frå det nasjonale til det internasjonale har bakgrunn i fleire utviklingstendensar i dagens moderne samfunn. Ein grunn er at me har opplevd ein generell skepsis til nasjonale ideologiar dei siste tiåra. Ein annan grunn finn me i globaliseringa, som mellom anna er knytt til TV, film og internett. Dei kulturformene barn og unge møter i media, er internasjonale, sjølv om innhaldet ofte blir tilpassa nasjonale og lokale forhold. Det er ikkje enkelt å skilja mellom norsk og ikkje-norsk når rapgrupper gjev den amerikanske undergrunnskulturen eit norsk, dialektprega uttrykk.

Ein tredje grunn til perspektivskiftet i norskfaget, ligg i at det norske samfunnet dei seinare åra har vorte fleirkulturelt gjennom innvandring. I norskplanen blir det elles lagt mykje vekt på at elevane skal få innsikt i og kunnskap om korleis kulturar, språk og uttrykksformer heile tida forandrar seg. Det gjev etter mitt syn gode høve til å ta opp utanlandsk påverknad og faren for at norsk skal bli utkonkurrert på viktige område.

Mange av dei som les den nye planen, vil nok meina at han går altfor langt i internasjonaliserings-tenkinga. I Språkrådets store strategidokument, «Norsk i hundre!» (2005) blir det vist til den nye læreplanen, og ein konstaterer at faget er i stadig endring. Språkrådet synest likevel det er viktig å halda sterkare fast på den tradisjonelle tenkinga om morsmålsfaget. I dette ligg det å styrkja forståinga for dei nasjonale og kulturelle verdiane faget representerer, ikkje minst sett i lys av den oppgåva faget har og får i norsk samfunn og kultur. Det inneber for det første at elevane må få kjennskap til faget langs ei historisk utviklingsline. For det andre tilseier det at faget framleis bør ha ein innhaldskjerne som dannar ei felles nasjonal referanseramme. Desse to punkta må gjelda både for grunnskulen og den vidaregåande skulen.

I det heile synest Språkrådet å vilja få klarare fram at norsk er eit kulturfag og dessutan eit identitetsskapande fag. «Morsmålsfaget har alltid hatt ein kulturhistorisk dimensjon, og slik må det vera,» seier Språkrådet. Danningsaspektet ved norskfaget har særleg vore knytt til denne dimensjonen. Språkrådet strekar under at desse særdraga ved norskfaget ikkje treng koma i konflikt med at faget også bør ha rom for påverknad frå andre kulturuttrykk.

Planen (L-2006) følgjer eit prinsipp om ikkje å seia noko konkret om lærestoffet, korkje om innhald eller mengd. Det er «kompetansemålet» for faget som er retningsgjevande. Dette gjev den enkelte læraren og lærebokforfattaren stor fridom til å definera norskfaget. Denne fridommen som den enkelte læraren får, og mangelen på kvantifisering, kan etter mitt syn føra til at emne som er viktige for vår språklege identitet, fell ut, t.d. innføringa i den nynorske skriftkulturen.

Når barna kjem til skulen, har dei med seg eit talespråk og ei rekkje språklege erfaringer som varierer mykje. Noreg står i ei særstilling når det gjeld å verna om retten elevane har til å bruka sitt eige talemål (sin dialekt) i skulen. Denne retten går tilbake til vedtak i Stortinget i 1878. Det er ikkje tvil om at vedtaket har verna om talemålet og heimekulturen til elevane. Det har medverka til å skapa medvit om desse verdiane.

Læreplanen (L-2006) legg vekt på at norsk språk og kultur blir utvikla i ein situasjon som er prega av kulturelt mangfald og internasjonalisering, i samspel med nordiske nabospråk og minoritetsspråk i Noreg og med impulsar frå engelsk. I dette språklege og kulturelle mangfaldet utviklar barn og unge sin språkkompetanse. Og i planen heiter det:

«Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal det legges til rette for at barn og unge får et bevisst forhold til språklig mangfald og lærer å skrive både bokmål og nynorsk.»

I Språkrådet si innstilling kjem ein også inn på tospråksituasjonen. Her heiter det: «Vi har to skriftlege målformer som har skapt medvit om og haldningar til språk som skulen må ta vare på i framtida. Alt dette kan danna ei sterk motvekt mot engelsk påverknad.»

Læreplanen L-2006 legg vekt på at eleven skal tileigna seg grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og munnleg språkbruk, og i bruk av digitale verktøy. Faget skal vera grunnleggjande når det gjeld kunnskapstileigninga, læringa og uttrykksevna til elevane. Men læreplanen set opp eit hovudmål som går ut over dette. Det heiter:

«Et hovudmål for opplæringa i norsk gjennom det 13-årige løpet er språklig selvtillit og trygghet i egen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturer, aktiv samfunnsdeltakelse og livslang læring.»

Dette er store ord om eit skulefag. Men kanskje må me stilla desse krava til norskfaget dersom det også i framtida skal vera «fagenes fag».