Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / - Til lukke med Holbergprisen!

- Til lukke med Holbergprisen!

Pressemelding frå Norsk Målungdom, 01.12.05: - Det er flott at ungdom i Vennesla ikkje berre held på dialekten, men òg lagar prisvinnande forskingsprosjekt om han, seier Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom.

Norsk Målungdom si heimeside.

Ein mediaklasse på Vennesla videregående skole har i to månader studert dialekten i Vennesla, og kvifor denne har halde seg så godt. For prosjektet fekk dei nyleg Holberg-prisen, som dei konkurrerte med tolv andre vidaregåande skular om.

- Forskingsprosjektet syner at dialekt heng saman med identitet og med tilhøyrsle til staden ein er frå. Dialekten i Vennesla er vorten utsett for press frå Kristiansand, men likevel har han halde seg. Me vil gratulera Vennesla videregåande skole med prisen og med arbeidet som er gjort, og samstundes oppmoda skular andre stader til å gjera liknande prosjekt, seier Synnøve Midtbø Myking.

For meir informasjon: Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Midtbø Myking, tlf 900 26 618