Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Følgjer Evje og Hornnes kommunestyre med tida?

Følgjer Evje og Hornnes kommunestyre med tida?

(19.12.05) Tips til nyttårsforsett.

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.

Av Ålaug Rosseland, Evje og Hornnes Mållag Ålaug Rosseland

Evje og Hornnes kommunestyre skulle torsdag 15. desember ta stilling til om dei ville stø ei oppmoding til staten om å utarbeide nynorske læremiddel i norsk for vaksne innvandrarar. Noregs Mållag hadde invitert kommunen, som seier seg nøytral i språkspørsmål, til å stø denne saka av omsyn til våre nye landskvinner og menn.

Argumentet for å få slike læremiddel er respekt for minoritetar og språkleg rettferd. Me kan vel alle tenke oss korleis det er å kome til eit framandt land med ukjent kultur og språk. Heldige dei som har ungar i skulealder. Ungar tek jamt over språk raskare enn vaksne. Ofte blir ungane foreldrene sine støttelærarar i norsk. Alle kommunar i landet tek imot innvandrarar. I nynorskkommunar får innvandrarungane opplæring i nynorsk på skulen. Ein skulle tru det var naturleg at dei vaksne også fekk opplæring på nynorsk, så ungar og vaksne kunne lære i lag også på nynorsk. Men så utruleg, det finnest ikkje nynorske læremiddel! Det er ei skam for den norske staten å ikkje ha retta på denne urettvisa for lenge sidan.

Men ville Evje og Hornnes kommune stø kravet om å få utarbeida nynorske læremiddel for innvandrarar? Nei, bare 6 ville det. Det var Aud Helene Austegard, som hadde reist saka, Owe Wathne, Line Vennesland, Olav Arne Kleveland, Endre Refsnes og Trygve Johansen. Dei andre 15 stemte nei. Den einaste SV-aren som hadde ordet, Tom Haugland, argumenterte for at innvandrarane måtte lære seg bokmål for dei ville hamne i byar til slutt. Går SV inn for innvandrargettoar i byane?

Olav Arne Kleveland heldt eit godt innlegg der han peika på at Evje og Hornnes kommune sjølv er ein minoritet, til dømes i saka om trafikkstasjonen. Vegvesenet kan hevde at dei fleste folka i fylket bur i Arendalsdistriktet. Det er feil ressursbruk å halde Setesdal med eigen trafikkstasjon. Han minna også om at Evje og Hornnes er eit naturleg senter for ein Indre Agder region, der fleirtalet av dei andre kommunane i regionen er nynorskkommunar. Å stø oppmodinga om nynorske læremiddel for innvandrarar, som ikkje ville koste kommunen ei krone, ville også vere å vise naboane våre respekt.

Nå må me som har nynorsk som bruksspråk verkeleg lure på om kommunepolitikarane oppfattar seg som våre representantar og. Eller om me bare kan førebu oss på å sitje heime ved neste kommuneval.

At nynorsken har framtida for seg er me visse på. Men når tid dei styrande i Evje og Hornnes vil innsjå dette blir interessant å sjå. Nokre gode eksempel kan eg kome med. I meldingsbladet for norske arkitektar, Arkitektnytt, for desember i år, lyser Statens bygningstekniske etat i Oslo etter ressursperson. Lysinga er på nynorsk. Det blir opplyst at stillinga krev god skriftleg og munnleg evne til framstilling på bokmål og nynorsk. For nokre veker sidan hadde Kunsthøgskulen i Oslo ei stor lysing i Klassekampen, på nynorsk. Husbanken utarbeidar materiell på nynorsk.

Som aktiv i mållaget spør eg meg av og til: Kva er det me kavar med, kvifor held eg på med dette? Nå føler eg at 15 av kommunens sentrale politikarar har sagt at dei helst ser at mållaget legg ned arbeidet sitt.

Når eg er oppteken av vilkåra for nynorsk, handlar det om min respekt for det eg er. Nynorsk er ein viktig del av meg. Eg er oppvaksen på Evje. Eg ser på nynorsk som ein viktig del av kulturen i kommunen, dalen, Indre Ager.

Men som mållagsaktiv går tankane også vidare: Det er spørsmål om mangfald (nynorsk og bokmål) eller einsretting (bare bokmål). Når me er ute og reiser, likar me å oppleve noko som er ulikt vårt eige, andre sin eigenart. For at det skal vere mulig må noen føle desse særtrekka som sine og ta vare på dei. Ingen andre enn me her i landet kan ta vare på vår eigenart. Ein eigenart som eg reknar med at innvandrarane våre set pris på å bli kjent med.

Så kjære kommunepolitikarar, her har de eit innspel til nyårsløfte.

Helsing Ålaug Rosseland

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.no
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.